Eventyrets organiske essens

Lightfall si verd er eit visuelt praktstykke innan moderne fantasyteikneseriar. Mellom dei meir majestetiske scenane er det også mykje verdsbygging som krev merksemd i seriens andre bok.

Tim Proberts Lightfall debuterte omtrent samtidig i USA og Norge hausten 2020. Like synkron er publikasjonen av den andre boka, «Skyggen», ein meir kryptisk omsetjing av den engelske tittelen «Shadow of the bird»

Dei som skulle trenge ei påminning om kva slags fugl det er, treng ikkje å vente lenge. Bok to opnar med ei attforteljing av legenda som er grunnlaget for handlinga. Resten blir også delvis opprullert innleiingsvis, sjølv om det er anbefalt at ein har lest bok ein, «Kampen mot mørket» for å skjønne konteksten. Det ein etter kvart skjønner uansett, er at hovudpersonane Cad og Bea er respektivt ein munter, men framfusen arving etter eit døyande krigardynasti som leiter etter enkle løysingar på ein komplisert trugsmål, og ei ung jente som har kontakt med ukjente krefter, og desperat prøver å forstå desse. Vi skjønner vidare at desse to er på sporet – Både av Beas adoptivbestefar Alfirid og skapningen som ligger til grunn for heile handlinga: Kest Ke Belenus, kjempefuglen som slukte sola og innhylla planeten Ipra i mørke før Cads forgjengarar skapte lysa som erstattar sola.

Vekselvis følger lesarane også med på korleis Beas bestefar prøver å hjelpe riddarar og magikarar med å beskytte dei ipranske landa frå Kests trugsel. Dette tek opp ein god porsjon av handlinga, og bygger ei heilskapleg verd som er til å leve i (enn så lenge, i alle fall), ikkje berre til å skode.  Her er det rikeleg med detaljer og namn å halde oversikt på.

Noko særleg engasjement skaper ikkje bifigurane likevel ikkje i seg sjølv. Så langt i soga er dei lite meir enn plottreiskaper, gode for nokre oppklarande samtalar. Bea og Cad er dei ein følger med interesse, og då i første rekke forma på deira reise gjennom store og meir eller mindre abstrakte landskap på leit etter Kests hemmelegheiter.

Tim Proberts stil er umiskjenneleg omtrent frå det augeblikket ein begynner å lese: Omgjevnadane er store og dramatiske, enten dei finner stad under open himmel eller i jordas indre. Dei kan vere forvrengte og faretruande, men alltid majestetiske. Mengda med landskap som Bea og Cad beveger seg gjennom i «Skyggen», særleg under jorda, er som eit galleri av fantasykunst   Kunst som verkar levd i, eller i alle fall skapt av naturen. For framfor alt har alle ting ein markant organisk essens, gestalta gjennom naturfargar, ruglete, grove fasongar, den reine detaljmengda som forklarer intervallet mellom første og andre boka, og ein strek som liksom fangar rørslene i stillbilder.

Akkurat som første boka endar «Skyggen» med ein cliffhanger, som mest er blitt obligatorisk i moderne fantasy-teikneseriar, men innan den tid har handlinga teke substansielle skritt framover, og vi forstår mykje meir. Dette gir ei reell kjensle av tilfredsheit når ein lukker boka, sjølv om det skulle bli halvanna år til neste bind i serien, også.


Lightfall (2) – Skyggen
Av Tim Probert
Omsett av Kristian Baardsen
250 sider
249 kr. (veil)
Fontini Forlag

Les også om første boka i serien

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *