Umake venner

Bernikas På fire bein  er ei kjenslevar forteljing om korleis det å få eit stort villsvin i livet av og til er akkurat det ein treng. 

Noko av det fine med teikneseriar er stillheita i mediumet. Ein går ikkje på opplesingar av teikneseriar, ein finn dei ikkje i lydbokappane. Teikneserien er meir privat, ei erfaring som høyrer til meg, lesaren. Det paradoksale i at teikneseriar ofte blir oppfatta som noko høglydt og masseprodusert gjer berre denne erfaringa meir interessant og verdifull. Difor er det litt spesielt å lese teikneseriar for barn som ikkje kan lese sjølv. Kva gjer ein? Skal ein peike på kvar rute ein les? Skal ein legge til «sa den eller den»? Dei siste åra har det kome fleire utgjevingar som møter denne problemstillinga ved å leggje seg ein stad midt mellom barnebok og teikneserie – Marianne Gretteberg Engedals fine tjuvebøker er eit varmt tilrådd døme frå våre heimtrakter.

Den polske teikneserieboka På fire bein: der av Berenika er eit fint supplement til denne typen barnebøker. Det er ei venskapsforteljing om ein rev og eit villsvin som eigentleg ikkje har så mykje anna til felles enn at dei ikkje har nokon andre å vere med. Vesle Revs sjølvvalde eremittliv under eit epletre blir plutseleg avbrote av at Store Villsvin kjem og slår seg ned der. Frå no av må dei dele på alt, noko som ikkje er like kjekt. Dyra finn likevel ut at dei treng kvarandre og legg ut på ei ferd vekk frå den kalde vinteren som etter kvart kjem. Stort meir skjer ikkje, men det er heller ikkje naudsynt. Det er vennskapen som er fokuset her, ikkje intrigen. Vesle Rev er ein introvert heimføding og Store Villsvin er ein ekstrovert eventyrar. «Saman er dei sterke», seier forteljarstemma på eit tidspunkt. Det er ein fin og lett attkjenneleg bodskap for små hovud.

Boka har eit format som passar godt til sengekantlesnad og dei luftige sidene er lette for ein småtass å følgje. Problemstillingane eg innleidde med er også løyste ved at ei allvitande forteljarstemme leier oss gjennom boka, ispedd noko enkel dialog frå dei to dyra. Det er likevel illustrasjonane som ber denne boka. Akvarellane kler den saktmodige, lett melankolske stemninga og er på samme tid tydelege og komplekse, noko som også gjer lesinga meir interessant. Her finst mykje i bileta å snakke om. Berenika er også god til å fange uttrykka som passar dei to dyra. Heile Vesle Revs framtoning osar like mykje nevrotisisme som Store Villsvinns laissezfaire-haldning til livet.

Både eg og fireåringen koste oss med denne boka, sjølv om ho var litt skuffa over at boka slutta akkurat då ho begynte å bli spanande. Ho blei likevel oppmuntra av at ho fann eit eittal i ryggmargen og forventa at eit framhald var like rundt hjørnet. I lesinga fekk eg elles assosiasjonar til dei gamle barnebøkene til Janosch, særleg forteljingane om Bjørnen og Tigeren. Det er mykje av den same grunnhaldninga me finn i dei dyra som i Berenikas bok. Som referansepunkt er det kanskje ikkje heilt gale.


På Fire bein: Der
Av Berenika
Omsett av Katarzyna Tykocka og K. I. Andersen
56 sider
299 kr.
Andersens Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *