Børge Lund, produksjonsselskapet «The Oslo Company» og TV2 har no gjort den populære teikneseriestripa «Lunch» til ein TV-serie med 8-10 minutt lange episodar.
Denne anmeldinga er basert på ni episodar som Serienett har fått sjå på førehand.
Kynisk link-bait kort-anmelding:
«Etter berre nokre få episoder kan eg seie at eg allereie liker Lunch betre som kontor-komedie enn både den amerikanske og britiske versjonen av The Office.»
Dette er heilt sant, då eg aldri har sett ein episode av nokon av «The Office»-seriane, berre merkelege memer som visstnok skal vere morosame. Eg nemner dette fordi eg reknar med at dei fleste andre anmeldarar nok vil samanlikne serien med desse to og eg vil ikkje vere dårlegare. Samstundes så vil eit sitat som dette gjere det meir sannsynleg at vi vert linka til av TV2 (Yay!).
For å vere ærleg så er eg litt usikker på korleis eg skal formidle mitt inntrykk av serien til dykk lesarar. Eg likar den, det er ikkje problemet. Problemet er at eg veit ikkje om eg berre oppfattar den som litt vanskeleg å tre inn i fordi eg er for gamal og ikkje i den kjappe sosiale-media generasjonen.
I pilot-episoden hamnar vi rett inn i ein situasjon der Terje forklarar eit nytt avvik-system for dei andre på kontoret, med forutseielege kaotiske konsekvensar. Spesielt karakterane Linn og Bodil trer fram i sprek, gjenkjenneleg form frå starten av.
Eg er van med eit standard sitcom-format, der ein får ei kjapp og klar presentasjon av konseptet og sentrale karakterar med ein gong, før ein glir inn i kaoset. I Noreg så vart formatet introdusert slik av Tore Ryen, som trass sin veldig «folkelege» og bygderevy-inspirerte humor køyrde stramt og profesjonelt på forma.
Lunch er lausare i forma, kaoset og kjensla av å ikkje heilt skjøne kva som går føre seg er der dels på grunn av det, men samstundes så opplevast det som eit medvete, men risikabelt val. Som at det er meininga at vi berre skal kastast inn i det utan å vere sikre på kva som skjer, slik at når vi etter nokre episodar vert varme i trøya og seier «OK. No veit eg kven dei er, no veit eg kva dette er», så har vi eit nærare forhold til personane fordi vi ikkje er blitt fortalde kven dei er, vi har blitt kjende med dei sjølve.
Det er risikabelt, men verdt det. For meg, i alle fall. Akkurat der er eg usikker, men poenget er at viss ein kjenner seg usikker på serien så er det verdt å få med seg fleire episodar, for ein kjem seg inn i det etterkvart.
Karakterane startar tett opp til sine førelegg i Lunch-teikneserien, men får eit mykje meir ekspansivt register å spele på gjennom eit av dei beste ensembla eg har sett i ein humor-serie på lenge. Dei spelar godt kvar for seg og saman, og både på manus og regi så vert dei følgd opp på ein forbiletleg måte.
Linn er sarkastisk, bitande og bergensk. Straks ein høyrer dialekta så melder tanken seg «sjølvsagt er Linn bergensk». Bodil er skrudd opp til 11 i TV-versjonen, men absolutt ein av dei beste skodespelarane i serien.
Thorsen og Nico får nokre lågmælte og pinlege augeblikk, Terje får vere påståeleg, Birger brautete, men det er kaos-elementet, dei avbrytande, saboterande og vanskelege karakterane som Linn, Kjell og Bodil som verkeleg skin i serien. Kjell, som ofte er gallionsfiguren i Lunch-stripene, vakar rundt i bakgrunnen i starten, med nokre små glimt før han eksploderer på skjermen i ein mesterleg episode 6.
Det gir dei andre rom til å puste og lar oss bli vant til ein rolegare «normal» før Kjell kjem inn som ein Tasmansk Djevel og veltar om på alt.
Trass i at dette er 8-10 minutt lange episodar , fokusert mest på ein enkel situasjon, så har dei sine B-plot. Avbrot der ein får korte gags med dei andre karakterane. Dette gir dei rom til å bryte opp hovudhistoria, gjere tidshopp, vri på tonen og kome attende, samstundes som desse er idear som dei kjem attende til i seinare episodar. Det skal godt gjerast å presse eit 20-minutt format ned til 8 og likevel levere, men dei får det til.
Sjølv om eg er litt usikker på kor enkel den er å få grep på i starten, så er dette ein av dei beste norske seriane eg har sett, på alle områder. Den tek sjansar med forma, den er dyktig komponert, skodespelarane er veldig gode i rollene og den er særs underhaldande.
I forholdet til sjølve teikneserien, så er karakterane i utgangspunktet tett opp til korleis dei var der, men som verkelege personar så trer dei fram med andre nyanser og i fleire tilfelle så har ein casta meir for å få ein passeleg personlegheit enn å matche teikneserien visuelt, men ein kjenner likevel straks att typane på haldninga og replikkane. Det er ingenting ved denne adapsjonen som tyder på at kjeldematerialet ikkje er tatt på alvar.
Lunch
Norge 2022
Distribusjon: TV2 Play
Basert på ein teikneserie av Børge Lund
Regi: Julian Hagemann
Manus: Andreas Rand og Kine Jeanette Solberg
Skodespelarar: Frank Ole Sætrang (Kjell), Erik A. Schjerven (Thorsen), Andreas Rang (Nico), Henrik Fladseth (Terje), Amy Black Ndiaye (Linn), Tuva Adine Billing (Bodil), Sverre Magnus Mørk (Kalle), Kristine Grændsen (Vanessa), Mattis Herman Nyquist (Birger), Ole Soo Valland (IT-Gunnar), David Kjernlie (Reka)
20 episodar
Premiere: 29. august 2022
Les også:
Høgdepunkt frå OCX laurdag (Her snakka Børge Lund om tv-serien)