
Christopher Nielsen var aldri borte, ikkje frå teikneseriane, heller. For OCX føles det likavel som eit comeback på denne første post-pandemiske festivalen.
Også for første gongen sidan 2019 blir OCX arrangert med marknadstelt. Det opna i styrtregn på fredag, men var klart for storinnrykk i solskinn på laurdag formiddag. For det meste var det dei same norske forlag, seriegründerar, fanzineprodusentar o.l. som var til stades, pluss nokre få nykommarar og utanlandske gjester med bøker og fanziner å selge. Men publikumsinteressa tyder på at det er eit potensial som innandørsmarknaden frå i fjor haust ikkje var nok til å tilfredsstille.

Respekt for ulike format
Å hanke inn Børge Lund som gjest for å prate laust og fast om suksessen med Lunch, og deretter komme inn på den nye tv-serien, hadde verka litt som juksing. Derfor valte festivalen å gå rett på sak med overskrifta «Kan man lage stripehumor på tv?» Ikkje for det, samtalen mellom Børge Lund og David Skaufjord (biserieytar i førstnemnte sitt blad) var jamt fordelt mellom sjølve stripeserien, og stripeserien sett i forhold til den nye TV2-produksjonen som debuterer 29. august.

Nå er den til redigering, men publikum på OCX fekk høve til å sjå på nokre eksklusive klipp frå tv-serien. Førsteinntrykket tyder på at ja, ein kan lage stripehumor på tv, dersom formatet blir tilpassa og endre så det blir meir, vel tv. Alle viste klipp tek utgangspunkt i autentiske Lunch-gags, men er omskrive.

Kjem for dragane
“Skeiv tegneseriehistorie» var aldri meint å vere ein sakleg gjennomgang av LHBT i teikneseriehistorien, noko som ordstyrar Herman Breda Enkerud var raskt ute med å påpeike. Samtalen kom inn på visse nøkkeltitlar som Mato Hagios tidlege yaoi-romantikkserie «The Heart of Thomas» (1974), Jerry Mills’ «Poppers» (1986) og nå nylig «Hjertestopper». Men i hovudsak handla samtalen om inspirasjon og tankegods hos Cha Sandmæl (midten) og Johanna Maierski. Alison Bechdel, og Rumiko Takahashis «Ranma 1/2» blei nemnt; den sistnemnte har ikkje eksplisitte LHBT-tema, men Cha lot seg inspirere, særleg då ho til si overrasking fant ut at Takahashi er ei kvinne.
For Cha Sandmæl har det vore viktig å understreke at legning ikkje skal vere eit sentralt poeng. Hennar figur Ka er ikkje-binær, men det er ikkje i seg sjølv nokon drivkraft for kva som skjer i serien hennar, «Dragens Øye». Vi treng meir enn berre «ut av skapet»-historier, påpeiker ho. Når så mykje er sagt, advarar ho mot å ta det for gitt at ein figur i «Dragens Øye» er hetero eller cis-kjønna. Det kan komme fleire slike overraskingar.
Erfaringane hennar er elles at barn finner det uproblematisk. Då ho skulle forklare Ka til ei lita jenta, utbrøyt denne «Åh ja, det er ein hen!» Ungane er mest interesserte i dragane uansett, legger Cha til med eit smil.

Alt er teikneserie
«Det store comebackintervjuet» var det forventa høgdepunktet på OCX 2022, det første festivalintervjuet med Christopher Nielsen sidan 2008. Ikkje at han nokon gong slutta å lage teikneseriar, og han hevder at han fullførte Weltschmerz #10B så seint som denne samme laurdagen. Han skal visstnok også lage nye teikneseriar om «Hold Brillan» gjennom historia (det begynner med “Hold Brynjan.”)
Nielsens tidlegare lærling, Ane Barstad Solvang, sto for intervjuet, og forsikra om at ho hadde gjort mykje research i den seinare tid. Vi satt på samme rommet i eitt år, du fekk ikkje gjort nok research på meg då?, spurte Nielsen lurt.
Reint bortsett frå at Nielsen har jobba fullt med Weltschmerz igjen, var intervjuet også betimeleg fordi Christopher Nielsens 86 år gamle far nettopp har gravd fram barndomsteikningane til Christopher, som eit perfekt utgangspunkt for å oppsummere meisterens karriere frå før begynnelsen. Nielsen var ein kunstnarfamilie, men om farens venner såg ned på teikneseriar, følte ikkje faren det på samme måten. Han leste «Spøk & Spenning», og lot sonene Christopher og Jokke vekse opp med Donald Duck og Tempo.
Og om han har jobba innan mange ulike kunstfelt, meiner Christopher at teikneseriar alltid er ein fellenemnar, i den grad at han eigentleg berre gjer ting han kan setje «teikneserie» foran (teikneserieteater, teikneseriebar, teikneseriefilm…) Eg har alltid teikna som ein gal, seier han. Eg har sikkert eit syndrom, men veit ikkje kva for eit
Forsidebilde av «Megawacky Max» Baldo. Ide og figur av Trond Sätre