Ein gong portalreisande…

Eventyret held fram, men ikkje utan ein reflektert pause, i den sjuande Nordlys-boka, «Harukkas ønske».  

 Snautt to er gått sidan Malin Falch avslutta Nordlys’ «første fase». På slutten av bind 6, «Portaltreet del 2»,  blir ho sendt heim til si eiga verd, nærmare bestemt til familiegarden i Røros. Historia sin vidare utvikling er gitt, for vi såg også det på slutten av førre boka. Sonja kan, og vil til slutt, reise attende til Jotundalen. Ho finner ein portal.

«Harukkas ønske» begynner ikkje der. Malin har allereie etablert at det tok fire år for Sonja å finne vegen, og boka reflekterer det. Då det begynte å gå opp for meg kor god tid Malin tek seg, blei eg uroa for at oppbygginga fram mot Sonjas retur skulle blei keisam, men det er ikkje tilfelle. Serieskaparen har konstruert eit gjennomtenkt intermezzo der Sonjas andlet- og kroppsspråk,  kombinert med det sjølvkomponerte rebusløpet hennar for å finne portalen, er engasjerande nok i seg sjølv. Berre ein og annan tekstleg forklaring er naudsynt  Ein får ikkje kjensla av at dei mange ordlause sekvensane går for fort, ein gong. 

Tilfeldigvis var eg i Røros nyleg, og kanskje gleda det meg difor litt ekstra å sjå at Malin endeleg gjer bruk av den spesifikke lokasjonen som Nordlys tek utgangspunkt i; dei nasjonalromantiske omgjevnadane både i arkitektur og landskap, og referansar til lokalavisa Fjell-Ljom og den tradisjonsrike messa Rørosmartnan (lokalt kultur- og næringsliv bør vurdere om dei skal invitere Malin Falch til neste Rørosmartnan i februar 2025)

Ja, det kjennast nesten litt vemodig å forlate Røros og den norske fjellheimen igjen, men eventyret skal halde fram, og Sonja har ei oppgåve i Jotundalen. Truleg fleire seinare. Konkret er den også.   

Utviklinga i seriens illustrasjonar  er verdt å peike på, ei utvikling som har gått så gradvis at eg nølte med å nemne det før nå, sjølv om den begynte å bli tydeleg i bind 6. Strek, til ei viss grad også fargar, er blitt mindre glattpolerte, meir organiske, og noko breiare. Disney er gradvis bytta ut med noko som kjennest meir norsk, eller i alle fall europeisk. Tør eg seie vaksnare? Kanskje er dette eit teikn på kor lenge det var sidan Malin forlèt Academy of Art i California. Eller at inspirasjonen frå W.I.T.C.H. med åra er blitt mindre viktig. Eg skal heller ikkje utelukka at det handlar om eit bevisst stilskifte ved overgang frå (Sonjas) barndom til vaksen. Interessant ser det ut som teikningane blir desto mindre glattpolerte når vi er attende i Jotundalen, og altså har gått frå «verkelegheita» til «eventyrland». Ei slike overgang verkar i alle fall nokså bevisst, og som eit dertil spennande forteljargrep.

For veldig kort tid sidan komplimenterte eg siste bindet av Ville Poter for å ende med ei viktig vending heller enn ein typisk cliffhanger. Vel, noko av det same skjer heilt på slutten av «Harukkas ønske», så eg bør vel slutte å late som dette er eit unikt påfunn. Men det er framleis tilfredsstillande, særleg i dette tilfellet.

I omtalen av førre bok ga eg til kjenne mi lunkne reaksjon på den toldelte finalen av Nordlys’ første fase, men også mi optimisme for neste fase. I «Harukkas ønske» er denne optimismen eit stykke på veg oppfylt. Vi sit igjen med nokre ubesvarte spørsmål, inkludert eit par heilt nye, men historia ser verkeleg ut til å vite kor den vil. Samstundes er det skapt ei forventing om at spenningsnivået framover må hevast.


Nordlys 7 – Harukkas ønske
Av Malin Falch
154 sider
329 kr.
Egmont


Les meir om Nordlys her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *