Nøkken i ellevte timen

Sjølv om han ikkje er den mest prominente skikkelsen, er finalen av den første Nordlys-soga først og fremst Kjetil si historie.

Eg skal vere ærleg. Det var med litt blanda kjensler eg gjorde meg klar til å lese det siste kapittelet i den første sagaen om Nordlys. Ikkje fordi eg nokon gong trudde den skulle bli dårleg, men fordi eg frykta at finalen ikkje skulle engasjere. Første delen av «Portaltreet» var fullkome kompetent, men lukkast ikkje eigentleg med å gjere meg spent.

Etter å ha lest «Portaltreet del 2» er eg mildt tilfreds. Den førebelse finalen gjer jobben sin utan oppstuss eller overraskingar. Avsluttinga på vikingplottet, som tek Nordlys tilbake til sine Peter Pan-røter, legger til rette for ein ny mogeleg status quo i Jotundalen, men kjennest mest som eit narrativt pliktløp. Rett nok er det berre den første tredjedelen. Viktigare er konfrontasjonen som deretter følger mellom hovudpersonane, og at det heile tida underliggande subplottet om Kjetil innfrir forventingane. Her er seriens univers skrumpa inn til eit skogholt med eit tjern, og «show don’t tell»-prinsippet blir stort sett følgd. Trådane er mange, og Malin Falch gir klare antydingar om at ho framleis har mykje tid og plass til å nøste dei opp, seinare. Eg hadde ønska meg fleire svar, men har forståing for at serieskaparen synes dei store linjene er viktigare nå.

I den store konfrontasjonen har Malin Falch valt å involvere nøkken, Akkurat dette har eg blanda kjensler for. Vanlegvis er det ein dårleg ide å trekke inn ein ny antagonist så seint i ein historie, Figuren er blitt hinta om tidlegare, men berre så vidt. Dessutan verkar dette berre som nok eit døme på at ein driv og kryssar av punkt på det eg vil kalle ei mytologisk sjekkliste.

Når så mykje er sagt så lukkast det for serieskaparen å gjere nøkken til ein tvitydig (men framleis farleg) figur med ein slags personlegdom som er unik for Nordlys. Falch gir dessutan figuren ei vagt definert rolle utover å vere antagonist, og legg dermed også eit grunnlag for at denne figuren kan følgje med vidare nå som serien endrar retning.

For ei ny retning var uansett naudsynt. Kvifor tok du meg med hit, spør Sonja. Eg veit ikkje, det var på impuls, svarar Espen. Akkurat denne samtalen meiner eg, nå i ettertid, er grunnlaget for serien. Eit tilbakeblikk på bind ein ser ut til å stadfeste dette. Skal serien halde fram (og det var vel inga hemmelegheit at det er planen), treng den eit litt meir stødig fundament. Med slutten til sjette bind av Nordlys, blir grunnen lagt for at soga kan starte på nytt.

Resultatet er då at forventingane mine til denne serien faktisk blir skrudd litt opp. Inntrykket ein sit igjen med, er at hovudpersonane er modna etter hendingane i «Portaltreet», og ikkje berre grunna magi og tidshopp. Eg har tru på det neste kapittelet i sagaen. Når det enn måtte vere klart.



Nordlys bok 6: Portaltreet del 2
Av Malin Falch
156 sider
279 kr.
Egmont

Les meir om Nordlys her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *