Rockens skuggeside

«The Badfinger Cartoon» er ein edrueleg biografi som legg vekt på det viktigaste, nemleg musikken, og bandet sin plass i historia.

Daniel Østvold ser ut til å lage teikneseriar om det han føler for, og resultatet er ein ganske allsidig katalog. «The Badfinger Cartoon» er den tredje rockebiografien hans, etter «The Kinks Cartoon» og «The R.E.M. Cartoon». Og ja, eg må dessverre melde at eg har problem med tittelmalen. «Cartoon» er ikkje eit velvalt ord i denne konteksten, for biografiane er ganske seriøse. «Badfinger: The Graphic Novel» eller noko i den duren hadde passa betre (teikneserien er uansett på engelsk).

Men, til sjølve bandet! Eg trudde eg hadde peiling på rockens historie, men må innrømme at walisiske Badfinger var nærast eit ubeskrive ark for meg. Som ein del av researchen lytta eg gjennom platene deira på Spotify, og satt igjen med inntrykket av eit kompetent men datert 70-talsband som innimellom blei løfta av nokre tyngre riff og komp, og eit og anna episk moment. På godt og vondt blir dei rekna som den første powerpop-gruppa. Deira mest kjente song, «Without you» kjenner vi mest takka vere Mariah Careys cover i 1994.

For ordens skuld, dette er den første av Østvolds rockebiografiar som blir anmeldt på Serienett.  

Grafisk er albumet prega av dei vanlege svakheitene frå Daniel Østvold si hand: Teikningane er stive og keisame, auga er tomme og daude (mykje kunne vore tilgjeve dersom Østvold berre greidde å gi litt liv til auga), og bakgrunnane er også ofte tomme.  Men i ein biografi er dette ei mindre ulempe, ettersom det er mindre behov for at serien skal vere stilisert eller ha ein særskilt fantasifull utsjånad. Ein naturalistisk presentasjon passar Østvolds betre. Presentasjonen er også meir respektfull med tanke på skjebnen til bandet Badfinger.

For historia om Badfinger er ein ekte «cautionary tale», ei forteljing om kor ille det kan gå viss du stolar på feil folk. Badfinger tapte enorme summar takka vere den suspekte manageren Stan Polley, og to av bandmedlemmene enda med å gjere sjølvmord.

Noko sensasjonalisme eller moralisering er det likevel ikkje i teikneserien. Dette er ein edrueleg biografi som legg vekt på det viktigaste, nemleg musikken og bandet sin plass i historia. Badfinger var første bandet som fekk innpass hos Apple, og til glede for mange musikkinteresserte er Beatles’ involvering (både før og etter det endelege brotet deira) veldokumentert her. McCartney, Lennon og Harrison blir skildra ærleg og med blanda heider for deira medverknad til å skape og utvikle Badfinger (sjølv namnet Badfinger kom frå Beatles). Andre legender, som superprodusenten og låtskrivaren Todd Rundgren, blir nådelaust utlevert.    

I det heile teke er mykje av lagt handlinga i studio. Eit ranchopphald i Colorado (som eg trur omslaget også viser til) er den einaste av utandørsscenane som blir framheva. Ved å halde seg i studio gjer Daniel Østvold sine svakheiter som teiknar til ei styrke – Utan staffasje er det berre musikken som står att. Den døyr ikkje, sjølv når bandet langsamt døyr.  


The Badfinger Cartoon
Av Daniel Østvold
30 sider
150 kr.
Ford Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *