Personleg og upersonleg

Eg får ikkje inntrykk av at Runde gjekk inn for ei bok om ADHD med like mykje liv og lyst som sine to føregåande faktabøker, men han kjem frå det æra i behald.

Boka som har den fulle tittelen «ADHD – Hva er det, og hva gjør du med det?» er den tredje i rekka av Øystein Rundes populærvitskaplege teikneseriar for barn, etter «Stamceller» (2017) og «Antibiotika» (2022). Format og presentasjon er nokså likt frå gong til gong. 

Har Øystein Runde ADHD? Han veit ikkje, innrømmer han i denne boka. Har eg ADHD? Eg veit ikkje, men psykiatrien seier nei, teknisk sett. Lenge var eg diagnostisert med ADD, før ein landa på Asperger. Men både vitskapen og allmennheita ser ut til å vere forbi det stadiet der ein berre såg på det Hyperaktive i ADHD, og boka er i tråd med dette. Så eg tenkte at boka også kan vere litt relevant for meg, og at eg like gjerne kunne anmelde den sjølv.

I Adas hovud

Etter eit teikna forord går forfattaren straks inn på denne viktige nyansen, ved å presentere oss for to barn, Adam og Ada. Med ganske subtile ansiktsuttrykk får han straks fram at desse to er henhaldsvis hyperaktive og stille. Grunna Adams tilstand får han hjelp tidlegare. Historia deira held ikkje fram, for hovudsaka er at Øystein har fått fram det innleiingsvise poenget sitt, og det er mykje vi skal gjennom på bokas 50 lettlesne sider.

Så vi går raskt vidare til bokas opphav, nemleg Ylva, ei ung jente som føreslo at Øysten kunne lage denne boka etter at ho leste «Antibiotika». Serieskaparen let mora til Ylva kome til orde og forklare korleis kvardagen fungerer i ein familie med mange ADHD-tilfelle. Denne personlege vridinga er særs vellukka, og strukturelt heilt riktig plassert i boka. Den gir Øystein fridom til å fokusere på allmenn psykologi og biologi etter å ha starta på ein meir «intim» måte.

«Frontallappen» er eit nøkkelord.

Følgeleg er resten av boka dessverre også litt mindre kunstarisk interessant, med meir tekst, enklare teikningar og færre fargar, men særleg mot midten får Øystein nokre utløp for nokre sprelske idear, mest når han brukar hjernen som gjennomgåande visuelt motiv i presentasjonen. Den biologisk-anatomiske tenkinga frå dei to føregåande bøkene kjem godt med denne gongen også.  

I essensen er «ADHD» ein illustrert, pedagogisk pamflett med ein del som rettar seg mot barn, og ein litt mindre del retta mot vaksne. Eg får ikkje inntrykk av at Øystein gjekk inn for denne boka med liv og lyst i like stor grad som med sine to føregåande faktabøker, men han har ein rik fantasi som sjeldan sviktar han, uansett kva tema han handsamar.

Arv! ARV!!

Serieskaparen har valt å legge vekt på teoriane til nevropsykolog Russell Barkley, som er ei nyttig kjelde ikkje berre vitskapleg, men også som figur i andre halvdelen. Barkley ser ut til å vere ein veldig overtydd «arv, ikkje miljø»-forskar, men måten Øystein legger fram tankane hans på er mykje meir sympatisk enn Harald Eias «Hjernevask». Det er ein av fordelane med å vere pedagogisk også ovanfor vaksne.     

Då eg anmeldte Daniela Schreiters «Schattespringer» la eg vekt på korleis eg kunne identifisere meg med tema og måten det var lagt fram på. Etter eit par gjennomlesingar har eg funne ut at det ikkje er like føremålstenleg i omtalen min av «ADHD». Særleg fordi boka eigentleg ikkje har ambisjon om å vere særskilt personleg, Øysteins underhaldande avatar-nærvær til tross. Først og fremst er boka ei hjelpsam vegleiing for og om barn med ADHD. Autismespekteret er stort, og sjølv om eg kjenner meg igjen i fleire av skildringane i boka («fokustjuvar» har følgt meg heile livet), følast det som eg sto utanfor og berre fekk komme inn litt. Og eg føler at kanskje Øystein hadde det på same måten.   

  

ADHD – Hva er det, og hva gjør du med det?
Av Øystein Runde
56 sider
299 kr.
Humanist Forlag

Les også:

Kroppen Din med Øystein
«For meget og for lite fordærver alt»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *