Sameint i venting, skilt av krig

Keum Suk Gendry-Kims Ventetiden kjennest ubehageleg aktuell og universell, trass i den fjerne historiske og geografiske konteksten.

Det er ei spesiell oppleving å lese Ventetiden samstundes som krigen rasar i Europa, trass i at boka tar for seg ein konflikt som er mykje eldre og mykje fjernare geografisk. Koreakrigen var ein relativt sett kort, men brutal krig som delte opp landet og splitta familiar. Fleire hundre tusen flykta, og mange måtte la familiemedlemmar bli igjen eller mista familie under flukta. Det er denne flukta og den påfølgande diasporaen boka tar for seg. Mellom anna viser ho at skadane etter krig tar lang, lang tid å hele, og at for mange er såra framleis opne og væskande. I skrivande stund har meir enn åtte millionar ukrainarar, fleirtalet kvinner og barn, flykta frå heimlandet sitt sidan krigen eskalerte i 2022. Ein tar seg i å tenke på kva slags framtid desse familiane har i vente. I Ventetiden er det nettopp ulike aspekt av venting som står i fokus; å vente på forsoning og sameining med dei ein har mista, både dei som forsvann og dei som alltid var der.

Men det gjorde ho aldri

Teikneserien har fleire handlingsplan som strekk seg over ein periode på over åtti år, men i hovudsak handlar ho om Gwija og hennar vesle familie sin flukt sørover då det bryt ut krig mellom Nord- og Sør-Korea i 1950. Under flukten blir Gwija og yngstedottera skilt frå mannen og den tre år gamle sonen, Sangil. Denne forteljinga blir fortalt gjennom dottera Jina, som blei fødd etter krigen. Boka handlar såleis også om korleis Jina forheld seg til mora sin krigserfaring og hennar alderdom. Portrettet av den aldrande Gwija er særleg levandegjort gjennom dei ekspressive teikningane og parallellane mellom mor og dotter gjennom fleire år.

Det komplekse, men stringente narrativet gir lesaren fleire perspektiv og djupare innsikt i både konflikten og etterverknadene av han. Det er ei rik, rørande og rystande forteljing, og for norske lesarar vil kanskje dette vere ei innføring i ein konflikt me ikkje høyrer så ofte om. Det at krigserfaringane blir fortalt gjennom kvinner, er også noko som bidrar til at boka gir ytterlegare innsikt i konsekvensane av krigen. Boka kjennest viktig. Sjølv om ho fortel historia til ein familie er erfaringane universelle, og sjølv om ho tar utgangspunkt i koreakrigen fortel ho oss noko sentralt om kor øydeleggjande krig er.

Det er mange som delr Gwijas uvisse

Boka er fortalt på ein så realistisk måte at eg stadig måtte minne meg sjølv på at eg las ein fiksjon og ikkje ein sjølvbiografi. Kanskje det heng saman med at utgangspunktet for Ventetiden er inspirert av Gendry-Kim si eiga familiehistorie. Då faren døydde i 1999 avslørte mor hennar at ho hadde vakse opp i Nord-Korea før krigen, og at ho hadde forlate ei eldre søster i Pyongyang. I eit intervju har ho sagt at ei trufast gjengiving av mora sin historie ville kreve fleire bøker. Difor valde ho heller å fortelje om delinga av Korea, generasjonen som hadde levd med krig, og generasjonen som ikkje visste kva krig betyr. Ventetiden er altså både basert på Gendry-Kims eiga familiesoge og intervju med gjenlevande etter krigen. Denne dokumentariske sida ved boka er på ingen måte påtrengande, nettopp fordi karakterane er så velutvikla, både i skrift og teikning, at dei står fram som ekte personar. Det er eit imponerande heilstøpt handverk.

Men mange var interesserte då forteljinga blei til «Ventetiden»

Gjennom ei blanding av tradisjonelle og lause sekvensar, og heilsider med naturtablå eller opprivande skildringar av krig, verkar boka både intim og ekspansiv. Fleire av heilsidene består av kombinasjonar av tidsplan eller overlappande karakterar. Særleg effektivt er teikninga av den unge Gwija som ropar fortvilt etter mannen og sonen, medan omrisset av dei to ligg oppå henne, som om dei var klipt ut. Dei to neste sidene byr på kopiar av desse omrissa i forvrengte og opprivne versjonar på svart bakgrunn. Bruken av svart og kvitt er elles gjennomført. Skildringane frå krigen er til dømes dynka i blekk og har eit røffare preg enn notidsplanet, som er meir reinskorne.

Framleis er det mange familiar som ikkje har funne dei dei mista under dei koreanske krigsåra, og sjansane for å bli sameinte er forsvinnande små. Dei som blir valde ut til sameining gjennom styresmaktene sitt årlege lotteri består berre av 1,5 prosent av alle registrerte. Den som ventar på noko godt ventar dessverre ofte forgjeves.



Ventetiden
Av Keum Suk Gendry-Kim
Omsett av Jarne Byhre
250 sider
349 kr. (veil.)
Pax Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *