Facebook arkiv – 2018-08-30 19:46:35

Marie Severin er gått bort. Ikkje det mest kjende namnet, men denne norskamerikanske teiknaren, søster til den meir kjende John Severin, var ein framifrå fargeleggjar som jobba på både EC Comics (Iskalde Grøss), dei første Star Wars teikneseriane og diverse Marvel titler, der ho lenge jobb i redaksjonen.

Som teiknar er ho kjend for mellom anna Marvel sin populære eigenparodi «Not Brand Ecch» , Kull teikneserien og diverse. Som redaksjonsteiknar designa ho ofte cover til teikneseriane.

Hennar teiknearbeid på Not Brand Ecch og Kull er utgitt på norsk.