Julehefte 2026 – Klassisk amerikansk

Arken

Vi ser på velkjente amerikanske juleheftetitlar. Her er det opp til forlaget kor mykje de vil legge inn av gode ting, eller om dei berre trykker opp att hefte som dei ga ut for åtte år sidan.

Denne artikkelen er eit skriftleg tillegg til Serienetts julehefte-pokast, med nokre oppdaterte kommentarar frå redaktøren.


Det første av to nesten identiske hefte er det originale Knoll og Tott. Årets hefte er frå 50-talet og signert Doc Winner. På denne tida har serien gått ned frå 12 til 9 ruter per side. Så det blir litt meir «pusting». Ein del veldig gode gags her, og sidan desse er frå etterkrigstida, er det vitsar med litt meir teknologi og sånt. Men dei er på Sydhavsøya framleis og det ser ikkje ut som om norske julehefte nokon sinne skal la Knoll og Tott kome seg vekk frå Sydhalsøya. Sjølv om dei har vore på jordomsegling  tidlegare. Men heftet ser bra ut, du får det du venter.

5


Kapteinen og ungene er det opprinnelege, av skaparen Rudolph Dirks (signert) og sonen hans John Dirks (den eigentlege teiknaren av årets hefte). Men det er litt kjedeleg samanlikna med Knoll og Tott, og gir for mykje plass til ein bifigur som er laga spesielt for denne versjonen, Phillip Phlopp.  Viss du berre skal ha eitt av desse hefta, kjøp Knoll og Tott.

2


Billy og co

Jul med Billy og vennene er eit ekstra tjukt Billy-hefte med to av dei klassiske biseriane som pleidde å ha fast plass i bladet Billy – Arken og Sam & Silo. Ikkje blant dei beste stripene frå nokre av dei tre seriane. Dette er middels Mort Walker & Co. Men det kan leggast til at som ein kuriositet har dette albumet med stripesekvensen frå Arken der Noashsens kone Bobla dukkar opp første gongen (sjå forsideillustrasjonen) Ja, for ho var ikkje alltid med, og ho var sprøare i begynnelsen.

3


I mellomtida, i det vanlege Billy julehefte, har Sam Klein igjen laga ei ny spesialhistorie, «Juleleiren».  Klein er en god teiknar, og han har stor sans for den streken som Mort Walker har perfeksjonert. Det er kompetent gjort, men ei tynn suppe. Mort Walkers eigne gags er også med i heftet, og han hever nivået, saman med ei historie om den parisiske juleslakta under den fransk-prøyssiske krigen. Samanlagt er det ikkje så verst.

4


Juleklassikere er også Billy-relatert, ettersom Trixie (ein serie frå Walkers studio) har fronta heftet sidan Hårek bytta forleggar (sjå under). Trixie, Snøfte Smith og Skipper’n får 16 sider kvar i heftet.  Trixie appellerte ikkje til panelet vårt, men Fred Lasswells Snøfte frå 60-talet er ikkje så verst, og Skipper’n av Tom Sims, som overtok serien etter opphavsmannen E. C. Segar, er ei hyggeleg overrasking etter mange år med dårlege gags frå Bud Sagendorf og Hy Eisman. 

4


Harek

Hårek blir utgitt av TNT for andre året på rad, og har tatt det litt overraskande valet å trykke sider Chris Brownes 1992-årgang i staden for å halde seg trygt til klassisk Dik Browne. Chris Browne gjorde Hårek meir koseleg og ufarleg, og poenga hans er typisk nokså banale. Dei gamle Dik Browne-sidene er brukt så ofte at dette nesten er som ein behageleg, om ikkje særskilt morosam pustepause. Men det aller beste ville vore nokre klassiske dagsstriper til ei avveksling.

3


Sånn som i Fiinbeck og Fia, som held fram med å trykke sjeldsynte dagsstriper frå krigens dagar, i kontrast til dei tidlegare utgåvene, som alltid bestod av heilsider. Tre striper per side, med mykje tematisk stoff om rasjonering og dyrtider. Serieskapar George McManus var heilt på topp i denne perioden. Gjennomgangstonen er: Vi er patriotiske, vi resirkulerer, og vi gir til krigsteneste – men vi likar det ikkje! Interessant, og utruleg godt gjennomført. Einaste haka er at med tre striper på kvar side blir det for smått for McManus’ detaljstyrte strek. Eit av årets alle best julehefte, er det i alle fall. Ein innertiar frå TNT.

6


TNT har også overtatt Blondie sidan i fjor, men her held dei seg i den bobla av heilsides 50-tals anstrengt forstadsidyll som serien er mest kjent for. Øyvind Sagåsen – som er omsetjar for både dette heftet og Fiinbeck – røper i forordet at han har forstått kva seriens sjarm består i: «Jeg vil imidlerid våge å påstå at den gjennomgående stemningen i en tegneserie er vel så viktig [som sluttpoenget]». Mykje av moroa i klassisk Blondie består nemleg i den omhyggelege oppbygginga mot eit poeng som ikkje nødvendigvis alltid er så solid til slutt. Men same kor mange kvardagskatastrofer han må lide seg gjennom, sluttar Dagobert Sørensen aldri å gå på med krum hals og eit fårete smil. Kvar side febrilsk og hektisk, men briljant oppbygd. Ro ned med Hårek etterpå.

4

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *