Hardanger får teikneserieutstilling

Kva kan kunstig intelligens komme til å gjere med teikneseriebransjen, var eit brennbart spørsmål i samband opninga av Galleri G. Guddals første teikneserieutstilling

Galleriet kan ein finne på kulturminnestaden Guddalstunet utanfor Rosendal i Kvinnherad frå denne helga. Seminaret på laurdag blei leia av Fredrik Rysjedal og Erle Marie Sørheim, med Therese G. Eide, Jens K. Styve, Lene Ask og Sindre Goksøyr som både utstillarar og seminargjester.

Ikkje alle desse er like folkelege for eit publikum som hovudsakeleg bestod av lokale kultur-og kunstinteresserte, og utstillingsopnar Gøril Guddal antyda at Goksøyr sine illustrasjonar og skulpturar kanskje var litt meir dristige enn dei var vane med.

Striper for alle
-Det er som jazz, ein må gjere litt innsats for å dykke inn i det, sa Fredrik Rysjedal innleiingsvis på seminaret. Første bolken var sett av til intervju med Therese G. Eide og Jens K. Styve, som fortalde om korleis seriane «Intet Nytt frå Hjemmefronten» og «Dunce» blir til, og korleis personlege erfaringar har vore med på å forme seriane.

Men Jens K. Styve ga også innblikk i korleis han legger opp arbeidsveka med all skriving på måndag, alle skissing på tysdag og onsdag, og reinteikning på torsdag og fredag. Dette skal jamleg resultere i helst åtte, i alle fall minst seks, striper.

Foran eit publikum av relativt høg alder kom Therese inn på publikumsappell – Eg blir kjempeglad når unge og gamle [folk som er for gamle til å vere barneforeldre] liker serien min. Ei stripe skal treffe breitt, utan at ein må gå inn for det. Ho la til at når så mykje er sagt, er ikkje foreldre med barn heime ei sær og lita nisje, akkurat.

Ferdig med misjonshistoria
Andre bolken var sett av til Lene Ask og Sindre Goksøyr. Lene fortalde korleis ho blei serieskapar gjennom «Hitler, Jesus og Farfar», og om arbeidet hennar med misjonshistoria gjennom bøkene «Kjære Rikard» (2014) og «O bli hos meg» (2021). Ho er ferdig med misjonshistoria nå, sa ho, men la til at det sa ho også etter «Kjære Rikard». Grunnen til at ho trur det er meir sannsynleg denne gongen, er at nå begynner historier frå misjonsmiljøet å komme fram i lyset, også utan hennar hjelp. Lenes neste store prosjekt, planlagt å vere klart neste år, er ein teikneseriebiografi om entomologen og XU-heimefrontkjemparen Astrid Løken.  

Sindre skal også utgi ny teikneseriebok til neste år, «Pfft!», som er ein oppfølgjar til prisvinnaren «Hrmf!» (2011). Her vender den krakilske figuren Noel tilbake i ei utvida forteljing som følger livet hans i tre ulike stadium, og som er førehandsinnkjøpt til fleire land. Særleg franske Misma har lagt press på han om å fullføre arbeidet med «Pfft!» til jul.   

Sindre meiner elles at teikningar kan følast meir ekte enn fotografi, og at dette er noko av grunnen til at folk reagerer på dei mange seksuelle framstillingane hans (sjølv om han la til at det er mest positive responsar). Mens Lene har ei frykt for det motsette – Ho ville bli fotograf, men var redd for å komme i konfrontasjonar, og mente det var tryggare å gjenskape det ho vil fortelje om som teikningar.

Kunstig intelligens og kunst
Heile gjestelista var avslutningsvis samla for ein kort paneldebatt om teiknarane si framtid med tanke på kva kunstig intelligens kan skape i programmer som DALL-E. Jens meiner at det avhenger av kulturell kunnskap, som kunstig intelligens manglar. Dessutan er ikkje serieskaparar reine illustratørar, så KI-programmer kan ikkje erstatte jobben dei gjer. Lene synes kunstig intelligens generelt er skummelt, men påpeika at mange feilaktig trudde oppfinninga av kameraet skulle øydelegge for all malekunst. Therese meiner at copyrighten kan bli problematisk med KI-kunst, for den må jo hente stilarten frå ein stad. Den generelle konsensusen hos panelet var uansett at det å vere teikneserieskapar krev meir inspirasjon enn berre det å illustrere. Og det slit KI-programma med.

Teikneserieutstillinga i Galleri G. Guddal står til 2. oktober.

Alle bilder: Trond Sätre

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *