Øyvind Holens bok «Historien om Pyton» er vårens store snakkis. På torsdag blei den lansert på Norli Universitetsgata saman med Oisann!»-boka.
Alle fotografier av Trond Sätre, unntatt der noko anna er spesifisert.
Doble lanseringar er blitt vanlege – TNT har planlagt ein til på Norli Universitetsgata, om tre veker. Ved sida av at begge desse bøkene kjem ut på Strand forlag kan ein hevde at dei har eit slags åndeleg slektskap med tanke på den dryge og morbide humoren i Oisann!. Marius Stene heva nok likevel stemninga då han samanlikna hendinga med at Staysman skulle varme opp for Rolling Stones.
Stene hadde uansett ikkje fått ein uoverkommeleg jobb, for presentasjonane var svært kompakte. Heile den offisielle delen blei unnagjort på ein dryg time, med tre postar og seks gjester, ikkje inkludert ordstyrarar. Stene hadde laga ein teknisk habil presentasjon av serien der han gjekk gjennom nokre gjennomgåande tema han hadde greidd å spore i serien sin: Dyr, mental helse, vald, amputasjon, rullestol og kjendisar. Han avslutta med ei oppfordring om å kjøpe boka hans fordi den kostar ikkje meir enn ti koppar kaffi, og «du treng ikkje så mykje kaffi».
Betalt utdanning
Neste innslag var ved mannen som var grunnen til vi hadde dette arrangementet – Øyvind Holen. Saman med han var to veteranar frå magasinet, Tommy Sydsæter og Bjørn Ousland.
Sydsæter var som ei klippe i Pyton. Han begynte å teikne i MAD saman med Arild Midthun (som dessverre ikkje kunne vere med på arrangementet), og meldte overgang til nystarta Gevion saman med Terje Nordberg og Dag Kolstad i 1985. Der heldt han fram med å teikne Vazelina Bilopphøggers, og skapte nye figurar som dei groteske Dølle Døck og Rhesus Minus – manusforfattar Rolf Håndstads avatar – saman med sin eigen avatar, Tommy Tusj. Han leste ivrig Frank Millers Daredevil, men ein kan få inntrykk av at de mest direkte inspirasjonen hans frå barnsbein er Jacovitti. Faren hans hadde ei stor samling med Vi Menn som gjekk tilbake til 50-talet. Jacovitti var ein mykje brukt serieskapar i det vekebladet.
Bjørn Ousland, som aldri var involvert i MAD, skulle eigentleg bli ein meir «skikkeleg» teiknar. Han greidde å overtyde lånekassa om at han skulle bli proff viss dei ga han stønad til å studere ved amerikanske Joe Kubert School of Cartoon Art, der han lærte å teikne som om han skulle til Marvel eller DC. Det var den utdanninga Sydsæter såg for seg. I staden arbeida han seg fram i norske hefter. Betalt utdanning, som Tormod Løkling litt seinare formulerte det.
Porno og ereksjonssvikt
Bjørn hadde, i motsetning til Tommy (og Dag Kolstad og før nemnte Håndstad) aldri nokon avatar i Pyton, og signaturserien hans, Hellitern og Havlitern, var meint å vere ein enkelt episode. Men han blei verande, sjølv om han laga prestisjeprosjektet Solruns Saga innimellom. -Eg hadde ikkje blitt i Pyton om det ikkje var så god kjemi, la han til på Norli torsdag. Men figuren Bestialske Besta (og her seier vel namnet det meste…) har han vanskeleg for å forsvare i ettertid. Men så har han heller ikkje leste seriane hennar sidan han laga dei.
Siste par ut på podiet torsdag var den lengst sittande redaktøren i Pyton, Dag Kolstad (også kjent som Dick Kolby) og Tormod Løkling. Kanskje det første norske panelet i ein slik kontekst som berre består av teikneserieredaktørar, meinte Øyvind Holen.
Løkling var nok ikkje like involvert i Pyton som makkeren, men eit tidleg foto beviser at han var med frå 1988, då Gevion inngjekk eit samarbeid med Bladkompaniet for å få distribusjon hos Bladcentralen.

Då dei vaksne ungane hans fekk sjå dette bildet, kommenterte dei, i følge Løkling, at han såg ut som ein russar ved namn Sergej, eller ei tidleg polititeikning av Unabombaren. Frå salen blei det også føreslått at han den gongen likna på Bottolf Nerd, ein annan Pyton-figur med eit sjølvforklarande namn.
Tormod Løkling, som var klassekamerat med Arild Midthun frå gamalt av, studerte russisk. Ei utdanning som aldri har gitt han meir enn ein enkelt liten frilansjobb, poengterte han på Norli.
-Ei tid skulle all norsk barnelitteratur handle om skilsmisse, hevda Løkling. -Det var som om all porno skulle handle om ereksjonssvikt. Poenget hans var, Pyton skulle berre vere moro.
Forside-baiting
Kolstad hadde hengt med sidan Norsk MAD, og var venner med den amerikanske MAD-grunnleggaren William Gaines. Han skreiv manus for Norsk MAD, og til å begynne med alle manus for Pyton, etter kvart saman med Løkling. Han fekk jobb i Semic, hevda han, fordi det var mangel på gode norskkunnskapar i redaksjonen. -Sidan har eg aldri hatt ein ordentleg jobb, la han til med eit smil.
Dei tidlegare medlemmene av Pyton-redaksjonen mimra også om snedige forsøk på «forside-baiting» Ei forside frå 1988 frista «En hel side pakistanervitser». Det lesarane fekk, var ei side med tekst på urdu – Ei tilfeldig valt side frå ei pakistansk avis. Kanskje ei av dei mest fantastiske anekdotane frå bladets historie var MAD-forsida. Ei utgåve av bladet same året hadde ein parodi på Norsk MAD, komplett med eit parodicover der MAD-logoen og Alfred E. Neuman var godt synlege på baksida av bladet. Mange butikktilsette trudde dette var forsida til ei utgåve av Norsk MAD, og la bladet feil veg i hyllene. Med det resultatet at mange som pleidde å kjøpe MAD, kjøpte Pyton i staden. Resultatet var at Bladkompaniet blei saksøkt, og måtte betale ei bot på 80 000 kr! Likevel var dette ei suksesshistorie for Pyton fordi det førte til at salet dobla seg!
-Ville du gjort det igjen (dvs. starte og drive Pyton), spurte Holen avslutningsvis. Svaret til Kolstad var enkelt og greitt: -Ja, for når du er ung veit du ikkje betre.
Dei involverte med flerie til hadde signert bøker før presentasjonane. Signeringane heldt deretter fram til Norli måtte stenge. Dei fleste involverte blei deretter med til Bohemen Sportspub, der Strand forlag hadde eit uformelt bransjetreff heile resten av kvelden.
Forsidebilde: Dag Kolstad og Tormod Løkling
Les også:
Pyton-generasjonen











