Raptus time for time

Serienett følger Raptus teikneseriefestival 2019 fortløpande.

Satanist-satsing
Før «Belzebubs» var J P. Ahonen mest kjent for «Perkeros», ein grafisk roman om et avantgarde-metalband. Boka er omsett til mange språk (inkludert svensk, dansk og engelsk….men ikkje norsk). Musikken er eit populært tema i seriane hans, men han har stor spennvidde, og eksperimenterer med t.d. «Puskaradio», ein politisk satire med politikarar som dyrefigurar. Men den serien avgrensar publikummet hans til Finland, og han føretrekker det internasjonale publikummet som «Belzebubs» har sikra han.

På fredag kveld snakka han med Øyvind Naterstad om serieskaparkarrieren hans generelt. I morgon klokka to kjem han til å snakke om «Belzebubs», som er den serien han har mest tru på framover.

Ahonen kunne for øvrig røpe at han var invitert til Gyldendals eigne «tegneseriedagar» i slutten av september. Han takka nei fordi det var for kort mellomrom, og fordi Gyldendals Belzebubs-bok, som skulle vere ut den 1. oktober, er forseinka. Så Raptus er truleg siste sjansen til å sjå J. P. Ahonen i Norge i år.

Først med fantasy?
Raptus har Thierry Cappezzone (f.h. under) å takke for mange av dei fransk-belgiske (og i nokre tilfelle italienske, men jobbar for fransk-belgiske forleggarar) serieskaparane som har gjesta festivalen i seinare år.  Dei treng han også som fransk tolk innimellom, m.a. til Phillippe Luguy, som ikkje kan engelsk.

Veteranen Luguy hevdar at signaturserien hans, «Percevan» var den første fransk-belgiske fantasy-serien. Ettersom serien debuterte i 1982, er det nok ikkje snakk om ein veldig fleksibel definisjon av «fantasy» som sjanger her. Han skapte «Percevan» med forfattaren Jean Léturgie. Bare litt av serien er omsett til norsk, men allereie det andre albumet hadde faktisk handling lagt til Norge.

For å frisk opp festivalgjestene sitt minne om serien inngår den i ein spesialpublikasjon, «Raptus presenterer: Luguy»

Roll call
Gjestene presentert på opninga. F.v. Knut Nærum, Linn Isabel Eielsen, Dimat, Malin Falch, Regine Toften Holst, Agnes Våhlund, Luguy (uttalast «lugui»), J. P. Ahonen, Giovanni Rigano, Arleston, Ola Olsen Lysgaard, Elias Våhlund og John S. Jamtli. Også til stades var Barry Kitson, Arild Midthun, Are Edvardsen, Karstein Volle og Thierry Capezzone. Timo Wuerz måtte melde avbod på kort varsel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.