Raptus time for time – laurdag

Serienett følger Raptus teikneseriefestival 2019 fortløpande.

Eit visuelt medium
Det er vanskeleg å vite kva ein skal framheve frå eit foredrag med Knut Nærum, reint bortsett frå helst alt. Sjølv når han ikkje snakkar frå manus, er jo det meste sitatverdig. Mange av publikum kjenner han nok først og fremst, kanskje bare, frå «Nytt På Nytt», men han begynte som serieskapar, og lagde ganske ambisiøse spennings-og superheltseriar alt på ungdomsskulen, før han fekk plass i Gateavisa teikneseriespesial Den satiriske «Bloid» gjekk gjennom heile 90-talet, men på 2000-talet kom han på «bokkjøret», og har vore der sidan.

Intervjuar Frode Haaland

Men det slutta ikkje med teikneseriar der. Ein oppdaga at Arild Midthun teikna Donald-historier raskare enn ein enkelt forfattar kunne skrive dei. Så Nærum, i tillegg til Tormod Løkling og Terje Nordberg, har bidrege med manus I seinare tid har han også skrive «Muffins» med teikningar av Karstein Volle, pluss oppfølgaren «Likbilen», som Volle framleis teiknar på. Med ein fot i bransjen tenker han framleis mykje på forteljargrep og manusutsjånad. -Eg trur at kvart medium har ein type forteljing og innhald som det mediet formidlar betre enn andre media, meiner han. Det gjeld også for teikneseriar. Det er mange teikneseriar som tek form av illustrert dialog, og det kan ha sine fordelar; «Rocky» har vidunderleg dialog som seier mykje om samtida vår, men den utnyttar ikkje teikneserien som medium. Nokon seier at teikneserien er best når den er som film på papir. Eg liker best den typen teikneseriar som likner på stumfilm, der teksten dukkar opp bare når den verkeleg trengst.

Ingen bremser for Nordlys
Ankomme frå Jotundalen med vikingskip for buss for tog, introduserte Tormod Løkling gjestene bak «Bjørnar» – Malin Falch (midten) og Regine Toften Holst. Boka er ein «prequel» til Nordlys-serien, av Malin Falch, men med viktig assistanse av Regine på tusjing, fargelegging og snakkebobler.  Handlinga finn stad 30 år før «Nordlys».

Løkling hevder at han fleire gonger har blitt oppsøkt av aspirerande teikneserieskaparar som skryter av at dei har eit episk verk på 2000 sider – i hovudet. Sikraste måten å bli kvitt dei på, er å be dei komme tilbake om to veker med to ferdig teikna sider av det planlagte eposet. Det gjer dei aldri. Dette er bakgrunnen for den redaksjonelle serien han laga til nyaste nummeret av «Radio Gaga». Bare Malin Falch, rett nok med ein partner som Regine Holst, har greid å produsere to fantasy-teikneseriebøker så raskt. Redaktørveteranen gjorde sitt beste for å stjele showet, men begge serieskaparar hadde mykje å seie om research, teknikk, samarbeid og folketru.

Malin Falch er ennå ikkje ferdig med historien til Nordlys 3, men ho har laga skisser, og veit av erfaring at arbeidet går radig når ho kan «kople ut hjerne i eit halvt år» og bare teikne. Planen er at Nordlys-serien skal halde fram med å vere i rute, dvs. at neste bok er klar før påske.     

Feirer Peter
40 år med Valhall, er slagordet for Peter Madsens si vitjing til Raptus, den siste av mange. Peter Madsen har vore med heilt sine festivalens spede start. Det bør vel leggast til at «40 år» viser til lanseringstidspunktet for det første albumet, «Ulven Er Løs!». Dei første skissene blei laga i 1976. -Det er tre ulike historiske kjelder til den norrøne mytologien, forklarer Madsen, og vi har blanda dei i «Valhall».

Serien er fullført, men lever vidare i det som er ei tidstypisk utvikling: Nordisk Film, som sit på rettane til Valhall-teiknefilmen frå 1986, har produsert ein live action-film basert på same konsept og historie (Tjalve og Roskva er framleis med). Den har dansk premiere 10. oktober.

Det er to grunnar til at Peter Madsen er gjest i år igjen. For det første kjem Outland med ein ny, samla bokutgåve av Valhall, med ny omsetjing. For det andre satsar Egmont stort på serieskaparens «Trolleliv»-julekalenderbok, men det er tema først på søndag. Presentasjonen hadde fleire norske overraskingsgjester. Først og fremst Arild Midthun (avbilda saman med Peter og Frode Haaland ovanfor), som gir Peter Madsen æren for at han blei serieteiknar, men også John S. Jamtli og Thierry Cappezzone.

Lekker Livsgris
Serienett.no har tidlegare denne veka nemnt Karstein Volle og hans nye publikasjon «Livsgrisen». -Ei rar bok, rart konsept, konkluderte Volle, og rosa Are Edvardsen for å ha turt å satse på den. Denne kompakte bildeboka for vaksne blir i dag lansert av Überpress, som ikkje kjem med nokon ny Über-antologi i år. Men seinare i haust kjem «Ingen Visste», den grafiske romandebuten til serieskaparduoen Mac Ask og Andreas Håndlykken. Vi snakkar om ein i utgangspunktet realistisk thriller som etter kvart blir meir og meir metafysisk. «Ingen Visste» blir lansert den 27. november på Outland i Kirkegata, Oslo.

Alt nå kunne Edvardsen også kunngjere ei nye teikneseriebok som er planlagt å bli lansert på Raptus neste år.  Den heiter «Miso», og er Victoria Hamres debut med eiga bok, etter at ho tidlegare har bidrege til Über-antologiar. «Miso» blir ein dyrefabel om ei skjelpadde med ramengryte til skall på ei øy full av mat/dyrefigur-blandingar.

På slutten av intervjuet overrekte Are ein sjokoladetrekt marsipan-Livsgris til Karstein, for å feire lanseringa av boka.   

Gøy med apokalypsen
-Nå som eg les gjennom stripene eg lagar frå dag til dag, ser eg at dei blir til ein historie, sa Jens K. Styve om prosessen med «Dunce» laurdag formiddag. Han kallar seg ein «stripestudent», og har gradvis utvikla ei forståing av korleis en fortel med dette formatet. Dei første 50 stripene blei til som «eit lynglimt» , før han begynte å behandle ideprosessen meir som ein jobb.

Forsida på boka «Lut og kaldt vatn» er inspirert av ein stripesekvens der hovudpersonane går i «preppe/apokalypse-modus» og koser med det, under eit lenger straumbrot. Etter så mange år i Nord-Norge er mørketida ennå ei utfordring for den vestlandsfødde Jens.

I lys av vekas stor nyheit om at Dagbladet gir opp den daglege teikneseriesida, ser Jens seg nøydd til å satse meir på crowdfunding og andre moglege nettløysingar framover.  Dagbladet betalar 600 kr. dagen for ei stripe, som er mykje meir enn dei andre avisene, derfor er tapet særskilt kritisk. Til samanlikning betaler norske lokalaviser rundt 600 kr. månaden for teikneseriar!

Kva skjer nå? Dunce held i alle fall fram med daglege striper ut året; Jens har fast plass i serieblader og produserer 24 striper samanlagt for desse per månad, og det finst andre aviser. Han har ikkje lyst til å slutte.

På søndag kl. 12 skal han halde eit nytt foredrag på Raptus, om Kickstarter.


Kva skjedde i går? Les om det her!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.