Trippel bokbad med kake

Den første trippel-lanseringa av «nordisk manga»-titlar var ein suksess. Torsdag blei «Fritt fall», «Jenter» og «Soluna 1 – Tvillingene» presentert på Serieteket.

Alle fotografier: Trond Sätre

Serieteket, som også tidvis har blitt brukt som scene under OCX, var fullsett i samband med lanseringsfesten. Boksal og bar var open og tre kaker med omslagmotiv frå bøkene på marsipanlokk blei servert i forkant av eit 90 minutt langt bokbad på scenen. Konferansierar var sjølvsagt dei redaksjonelle pådrivarane, Tonje Tornes og Tormod Løkling i Egmont.  

Camilla Dahlstrøm (midten). Henhaldsvis til høgre og venstre på alle scenebilder: Tormod Løkling og Tonje Tornes.

Magisk vitskap
Camilla Dahlstrøm, forfattar/teiknar bak Soluna, skil seg frå dei fleste NME-serieskaparar med ein framhaldsserie ved at ho er i full jobb på sida. Ho er interaksjonsdesignar, eit fagfelt som omhandlar grafiske grensesnitt for nettstader og applikasjonar. Derfor kan ho ikkje love at det kjem eit nytt bind kvart år. Men så har ho berre planlagt at Soluna skal gå i tre bind, i alle fall i første omgangen. Serien er ein science fiction som ser ut til å nytte seg av tesen om at det går ei uklar grense mellom magi og tilstrekkeleg avansert vitskap.  Hovudpersonane Aiden og Tanwen, som blir gjenforeint etter å ha vekse opp på kvar si side av ei todelt verd, har slik magi

Soluna er ei samling av idear eg har fått dei siste 15 åra, seier Camilla. Inspirasjonen har ho teke frå Disney, manga, W.I.T.C.H. og Nickelodeons Avatar, mellom anna (W.I.T.C.H. er ei inspirasjonskjelde som ser ut til å gå igjen hos alle tre serieteiknarar). Verdsbygginga er kompleks nok til at ho har teikna ein globus, pluss ymse symbol og andre forklaringar, bak i første bindet, «Tvillingene».  Serien er allereie seld til Danmark.

Emily Sørensen

Ut av regnbogen
Emily Sørensens «Fritt Fall» skulle eigentleg vere ei teikneserienovelle, nærare bestemt «den lilla historia»  i debutboka «Under regnbuen» (2022). Men den blei for komplisert. Boka er ein teikneserieroman, ei fullført historie, og ein fantasy med celestiale overtonar. Lavendel er ein engel som bur i himmelriket «Overlandet», men som likevel ikkje føler seg lukkeleg. Ho vil og kan bryte ut av den ufullkomne paradisverda, men hennar «sjelemake» godtek det ikkje. Det handlar om manipulasjon, eller som Emily seier det, skilnaden mellom kontrollspråk og kjærleiksspråk.

Emily jobbar i ein barnehage, og ho har tidlegare fortald ein forenkla versjon av «Fritt fall» til ungane, som ho også gjorde med novellene i «Under regnbuen»  Akkurat som Camilla – dette var felles for alle tre av kveldens hovudpersonar – skriv ho ikkje ferdig manus først, men begynner med eit skissemanus og teiknar og skriv vekselvis derifrå,  

Cathrine Sandmæl

Forfattardebuten
Cathrine Sandmæl – Chas storesyster – har erfaring som illustratør, og hennar mest kjente arbeid er kanskje bildebøkene om einhyrningen Corny. Men «Jenter» er hennar første teikneserie, og den første boka ho har skrive sjølv.  -Veldig, veldig vanskeleg, seier ho. -Det er som å lage fire barnebøker i eitt.

«Jenter» skil seg frå dei fleste NME-titlar ved at det ikkje er noko fantasy i den. Dette er ei oppvekstforteljing. Hovudpersonen, den nyinnflytta Eli, får innpass i ein jentegjeng, og begynner å utforske kjenslene sine for ei av de andre jentene. Historia er enkeltståande, men Cathrine ser ikkje vekk frå at ho kan kome til å lage fleire forteljingar om Eli og vennene.

Ho har i alle fall fått ein lovande start. Mellom anna er «Jenter» også seld til Danmark – for seks månader sidan!  Det var Tormod Løkling som stolt kunne proklamere dette mot slutten av bokbadet, som nok eit døme på korleis Egmont sine internasjonale innselgingar gir stadig nye resultat.

Festen er ikkje over, det er kake igjen.

Forsidebilde: Camilla, Emily og Cathrine signerer på Serieteket, etter bokbadet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *