
På årets BTT mintest Tonje Tornes og to nordic manga-teiknarar Dina Norlund. Men kanskje har vi ennå ikkje sett det siste serien basert på Dinas iderikdom.
-Då eg skulle skrive forordet til «Vill – Og andre historier» satt eg i opent kontorlandskap, fortel Tonje Tornes. -Alle kunne sjå og høyre då eg begynte å strigråte.
Førre søndag møttest Tonje Tornes, Cha Sandmæl og Malin Falch for ein samtale med tittelen «Vi minnes Dina Norlund» på siste dagen av årets Bergen Tekst og Tegning (BTT). Samtalen føregjekk på U-Rom i Bergen hovudbibliotek. Til stades var også Dinas foreldre, som gjorde opptak av samtalen til ein planlagt dokumentarfilm.

Dina blei diagnostisert med ein sjeldan krefttype, og døydde til slutt, den 27. februar 2023, berre 27 år gamal. Ho etterlet seg ein komplett teikneserieroman, «Snøkattprinsen», som mellom anna er blitt seld til Frankrike og USA. Ho etterlot også ei samling med kortare teikneseriar og, ei stor mengd med teikningar, skisser og konsept.- Ho hadde ein backstory på alt, seier Tonje.
Ho etterlet seg også uutslettelege minner. Malin tok kontakt med Dina – på nettet – då førstnemnte framleis var i USA. – Ho var veldig sikker på seg sjølv, fortel Malin. -Ho trong ikkje å bli snakka opp. Då serieskaparane som skulle utgjere den første kjernen i «nordic manga»-gjengen reiste heim (Dina studerte i Singapore), begynte dei å mingle i Oslo, med vinkveldar. -Vi var ikkje fleire enn fem den gongen, minnast Cha, og held fram: – Ho var metodisk. Dina var den einaste i gjengen som sette seg ned og rekna på verdien av royalties sett i forhold til arbeidsmengd. Ho spøkte også med at ho sjølv jobba for mykje, og sette standarden for arbeidsnivå for høgt.

Medan ho sleit med sjukdomen gjennomførte ho t.d. Oslo 24H Challenge to gonger (begge seriane derifrå er med i «Vill», som fekk namn etter den først av dei). Ho gjennomførte kvar gong sjølv om ho andre gongen måtte ta ein avbrekk undervegs for å rekke ei MR-skanning.
Dina var heile tida på veg vidare, fortel Tonje. – Ho gjekk får konsept til konsept. Til samtalen hadde den tidlegare Egmont-redaktøren tatt med ein mengd bilete av fantastiske figurar og miljø som vil vere ukjent for dei som berre har lest «Snøkattprinsen»

Aller mest tru hadde ho kanskje på serien «Ninni og hysj-hysj-dyrene». Serien aldri kom forbi konsept- og sideprøvestadiet, men ho snakka seg gjennom fem bøker med Tonje. Redaktøren har for øvrig ein «fangirl-teori» om at Ninni er mora til Eva frå Dinas teikneserienovelle «Gråfot» (igjen, trykt i «Vill»). Dei liknar av utsjånad.
Eit anna konsept som verkar ganske godt utvikla var «Tamtam», eit søtt lite nurk av ubestemmeleg art, med samlemani og sosial angst.- Eg føler at vi på ein eller annan måte må ferdigstille nokre av konsepta til Dina, meiner Tonje. – Viss vi berre kan gjere det på ein måte som ho ville ha vore tilfreds med. Men det er eit lappeteppe, og før eller seinare må vi gå inn og gjere noko med manus.

Uansett kan det sjå ut som Dinas familie gir Tonje Tornes full tillit. Framtidige nye opplag av «Snøkattprinsen» kjem til å bli gitt ut av TNT. Forlaget tek også over ansvaret for Dina Norlunds Debutantpris, som blei stifta av Egmont i fjor, og delt ut første gongen i desember 2023. Den vedvarar, forsikra Tonje oss avslutningsvis, men grunna omstillinga blir prisen for 2024 delt ut først på nyåret.
Alle teikna illustrasjonar av Dina Norlund. Utlånt av Peder Norlund og Lene Andersen Norlund via Tonje Tornes.
Noen forlater verden alt for tidelig. Husker at jeg fant Watergirl på webtoon etter jeg ønsket å lese mer fra henne. Er noe sårt men også veldig varmt med historiene hennes og mange forelsket seg i den, men etter 3 episoder måtte hun ta seg pause grunnet sykdommen. Hun annonserte så en gang i 2023 etter en 2 årig hiatus at hun tegnet de 2 siste kapittelene. Noen dager senere… Husker at jeg ble bare satt ut… Hun skulle jo bare legge ut de… Gråt i flere dager…