Blå og raud balanse

Dina Norlunds «Snøkattprinsen» beveger seg målretta mellom gamaldags eventyr og episk fantasy.

«Nordic manga» kallar Tormod Løkling denne nye bølga med norskproduserte fantasyteikneseriar som Egmont i ganske stor grad er ansvarleg for. Eit for upresist omgrep, spør du meg, men det er lov å prøve seg, særleg for ein som treng å marknadsføre heile stasen. På sida av ein etablert fantasyserie, to som er i oppstarten og ein som er undervegs, kjem ei  enkeltståande grafisk fantasyroman til avveksling.

Også til avveksling er ikkje hovudpersonen menneskeleg eller menneskeaktig, men eit fabeldyr. I ei magisk verd (komplett med kart i boka) herskar snøkattane, ei rase med store blå kattar. Framleis utøver dei respekt, men glorien har famla etter at deira forfar mista si magiske krone til demoniske revar. Tusen år seinare vil Prins Syv , den einaste snøkatten i kongefamilien som framleis har noko idealisme i seg, ut for å finne krona. Noko motviljug får han den mystiske jentungen Kit med seg som følgjevenn på turen.  

Egmont har så langt i fantasytitlane sine vore flinke på kjønnsbalanse, med ein kvinneleg hovudperson og ein viktig mannleg sekundærfigur i Nordlys, og vice versa i Ragnarok, medan Dragens Øye ser ut til å gå ei alternativ rute med vekt på androgynitet. 

Forholdet mellom dei to hovudpersonane i Snøkattprinsen ser først ut til å vere av Mummitrollet/Lille My-varianten, mellom den følsame, engstelege guten (Syv) og den tøffe, bråkjekke jenta (Kit). Innleiingsvis er det mykje befriande humor i dette, på eit tidspunkt då forteljinga treng slikt mest. Men meir interessant er det å sjå korleis forholdet deira i løpet av få scenar, og før historia tek eit viktig vendepunkt, viser seg å vere meir komplekst enn ein først fekk inntrykk av. Begge partar får tidsnok vise andre sider av sine personlegdomar. Ikkje minst er det som teiknar at Dina Norlund stakar ut denne kursen med slik overtyding. Både Syv og Kit har sine karakterdefinerande augneblink der opplevingane deira av ulike situasjonar er illustrert med betydeleg emosjonell tyngde og kontrast. Og samhandlinga mellom dei to er det sentrale berande elementet i historieforteljinga.

Kit snakkar nynorsk, ein artig og litt overraskande detalj som bidreg til dynamikken mellom hovudpersonane, men like viktig, den viser seg å ha eit poeng i den større samanhengen. Eit særs vellukka påfunn, alt i alt, sjølv nok kunne nynorsken trengt ein kjapp liten språkvask; den er ikkje er heilt grammatikalsk konsekvent, og det surrast med enkelte bøyingsformar.

Teikningane likner ganske mykje av det ein har allereie har sett i ny, norsk fantasy, men som teiknar utmerkar Norlund seg med betydeleg profesjonalitet og stødigheit til å vere ei debutant på den norske bokmarknaden. Og ho har sine meir inspirerte, personlege uttrykk, framfor alt designet til snøkattane og revane, men også omgjevnadene i nyansar av raudt og blått.  Kontrastar mellom desse to ser ut til å vere det essensielle fargemønsteret i serien.   

Historia har eit vendepunkt som meir sjangervane lesarar kan gjette seg til, ikkje minst takka vere hint som går igjen gjennom heile boka. For barn kan det derimot vise seg å vere ei spanande overrasking, og til ettertanke.

«Snøkattprinsen» begynte, etter serieskaparens utsegn, som ei bildebok på rundt 30 sider, og framleis har boka ei distinkt kjensle av konsentrert historieforteljing, som ei mellomting mellom eit gamaldags eventyr og ein fantasyroman. Dette meiner eg gjer den tilpassa også yngre barn enn Egmonts andre satsingar.  Utan å overforklare – jo lenger ut i soga, jo færre ord treng den –  fortel den barn viktige ting om å vekse, lære, og utvikle seg som menneske.

Snøkattprinsen
Av Dina Norlund
Etterord av forfattaren
140 sider
279 kr. (veil.)
Egmont

Les også:
Intervju med Dina Norlund

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.