Eit harva landskap

Egmont prøver seg på 100 % amerikansk gotikk mellom forvridde tre og levande lik i den første Harrow County-boka.

Skrekkteikneseriar, attpåtil ein som er kontinuerlig, er eit uventa syn i norske bladhyller. Men for kort tid sidan kom Egmont med «Utallige Skrømt», som er fyrste bok i serien Harrow County frå Dark Horse. 128 sider til ein snill introduksjonspris gjer dette til eit tilbod ein teikneserieinteressert person ikkje kan sei nei til.

Berre tittelen Harrow County er nifs nok, ordet er mangtydeleg og ber i seg tankar om eit herja og harva område, ugjestmildt og tungsindig. Det norske ordet  «harv» er det tunge, pigga verktyet som hesten slepar etter seg for å rive og rufse opp jorda. Å bli harva over er heller ikkje nokon lysteleg erfaring.

Boka viser oss eit landskap som er alt anna enn lysteleg, dette er eit eventyr sett i 30-åras amerikanske sørstatar, men så langt utan dei mest føreseielege elementa som raseskilje og Ku Kux Klan. Grøssa ligg på eit meir reindyrka overnaturleg nivå. Bokas hovudperson er ungjenta Emmy som bur saman med den fåmælte faren sin på ein gard eit stykke frå naboane. Ein gard som ligg innåt ein stor, skummel skog som tydelegvis inneheld både løyndomar og fårer. Slik sett er dette fleire klisjéar på ein gong, det er som om Vesle Raudhette har fenge sin eigen skrekkserie. Raudhette, som held på å verte vaksen, med alt det som det fører med seg. Her står symbola tette og tunge og trugar jentas verd, som etter kvart viser seg å vere langt frå trygg og enkel.

Hovudpersonen Emmy er interessant og har både ljose og mørke sider, slik som dei andre karakterane i boka. Melodramaet er på eit beherska nivå, og som ei følgje av dette har også grøssa ofte ein meir lågmælt karakter.  Her er det til og med litt situasjonstilpassa humor, ikkje minst i Emmy si behandling av eit skrømt, eit levande lik som det berre er skinnet att på. 

Forteljinga er på ein måte avslutta, og så brått – får den ein ny start som pirrar lysta til å lese neste bok i serien. «Utallige Skrømt» er nærmast berre ein introduksjon til premisset i grove trekk. Me får vite kven Emmy er, kva ho kan, og kvifor ho kan det, men blir som lesarar bedte om å ikkje ha det travelt. 

Manuset til den kjende forfattaren Cullen Botn (Marvel, Oni Press) er glimrande illustrert av (for meg) mindre kjente Tyler Crook (Oni Press). Alle sidene er måla i duse fargar, utført i akvarell. Dei «klassiske» svarte konturane er ikkje å sjå, og alt får eit uverkeleg, draumeaktig (eller bør me seie marerittaktig) ljos over seg.

Det er eit vakse val forleggaren har gjort her, dei satsar for ein gongs skuld på noko anna enn trygge humorseriar. Og med noko som så tydeleg skil seg frå det «folk flest» etterspør i bladhylla. Det er modig, og det er naudsynt. I alt for mange år har me høyrt at teikneserier er ikkje berre for born/ungdom. Her er ei bok som provar at den setninga treng me ikkje lenger. Dette er ei fyrsteklasses teikneseriebok for vaksne. Me vonar at me ikkje skal vente lenge på neste bok i serien!

Harrow County (bok 1) – Utallige skrømt
Skrive av Cullen Bunn, teikna av Tyler Crook
Etterord av forfattaren
128 sider
99 kr.
Egmont

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *