Hype til side

Etter tre sesongar med The Urban Legend har Josef Yohannes sikkert lært mykje om å formidle bodskap og konsept, men har han lært noko om å lage ein teikneserie?

I dei dei seinare åra har det blitt fleire medieoppslag enn teikneseriar frå Josef Yohannes og hans maskehelt. Men mellom all hypen har han jobba med ein tredje sesong av The Urban Legend. Det stadig vanskelegare småbladformatet var han nøydd til å legge bak seg, men den nye boka som berre heiter «The Urban Legend – Sesong 3» er tilpassa binge-kulturen, med ni nye, separate episodar (pluss eit «nummer null» for å oppdaterer lesaren på kva som tidlegare har skjedd i Malcolm Madibas verd) med eigne cover og forfattarkommentarar     

På overflata har ikkje serien har utvikla seg så mykje, Vitsane og tøffingreplikkane er blasse. Teiknar Steve Baker og gjengen hans i Birminghams NewTasty Studios gir framleis karakterane stive positurar og pussige snurpemunnar.   

Men tredje sesongen overraskar positiv. Mange innvendingar mot serien er framleis gyldige, men eg har – mest av nysgjerrigheit – følgt serien frå starten, og merker meg kva Yohannes har lært undervegs. Vi snakkar om enkle grep, men dei har forbetra The Urban Legend som actionserie. Dette er kva Yohannes ser ut til å ha lært då han skreiv tredje sesongen:

Ikkje la bodskapen komme i vegen for historia.
Dei Urban Legend-teikneseriane som har dukka opp i seinare år, har gjerne vore såkalla Very Special Episodes (VSE) – enkeltsåande episodar som prøver å ta opp sosiale tema på ein litt belærande måte. I tidlegare VSE har vi sett Urban Legend fokusere på utdanning, Ebola, mobbing og klima. Ikkje overraskande har Yohannes kunngjort at han nå er i gong med ein tilsvarande episode om politivald.

Det er ein VSE i «Sesong 3» også, om mobbing kombinert med eit anna, verkeleg brennbart tema som eg ikkje skal røpe her. Men historia er sett inn i kontinuiteten, og fungerer dermed som meir enn berre ein bodskap. For å forsterke dette inntrykket dukkar hovudpersonen også opp i ein seinare episode.

Skriv om det du kjenner
Og då held det ikkje berre at du er svart. Eller at du sender Urban Legend på eit Norgesbesøk, i ein sesong 2-episode som for øvrig kjentest meir som eit medieoppslagsfrieri enn ein historie. I Sesong 3 går Yohannes litt djupare. Her vender Malcolm T. Madiba tilbake til lærarjobben i Capital City, men dragninga mot helterolla blir for sterk, og snart ifører han seg atter den gulsvarte kjeldressen, akkurat i tide til å oppdage ein eritreisk bande på frammarsj i byen. Josef Yohannes har sjølv sine røter i Eritrea, og lar seg inspirere av dette, både til å introdusere ein ny trussel, og til å skrive ei opphavshistorie som knyter Malcolms rettferdssans og interesse for kampsport til oppveksten i Eritrea.   

Ikkje bruk ein ny idé meir enn den har potensiale til.
Episoden «Stories» samlar små episodar, fortalt av augevitne. Nokre av dei formulariske, andre litt finurlege. Dei fleste av dei kunne kanskje ha vore ein eigen episode, men hadde i så fall drygd ut for mykje.  Komprimert til eit par sider kvar er dei langt meir underhaldande.

Eit par episodar tidlegare blir vi kjente med en Urban Legend-imitator. Det er ein idé som Yohannes har brukt før, men denne gongen i ein litt anna variant, og bare over 3-4 sider samanlagt. Meir trengs ikkje for at han skal ha ein heilt grei funksjon i historia.    

Du har laga eit univers. Bygg på det.
Yohannes tek seg god tid med å introdusere nøkkelspelarane blant skurkane, og deira roller i det større bildet. Eller kva det større bildet er, for den saks skuld. Til slutt heng alt saman – Til og med den tidlegare nemnte Norgesepisoden, på ein måte. I mellomtida utforskar forfattaren meir av Capital City som eit samfunn av både grupper og individ, Urban Legends mytiske status og praktiske funksjon, og Malcolms psyke.  Sesong 3 har ganske enkelt meir substans.

Det er vanskeleg å sjå for seg at The Urban Legend nokon gong skal bli meir teikneserie enn fenomen, særleg når det stadig verkar som opphavsmannen ønskjer seg det sistnemnte. Men i Sesong 3 får ein inntrykk av at vegen er blitt like viktig som målet, og det er eit slags gjennombrot for Josef Tzegai Yohannes som forteljar.    


The Urban Legend – Sesong 3
Skrive av Josef Yohannes, teikna av Steve Baker
Forord av forfattaren
288 sider
299 kr. (veil.)
Cappelen Damm

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *