Serienett følger Comnicon 2019 i Stavanger fortløpande.
Etter ein pause i 2018 er teikneseriefestivalen Comnicon tilbake, på ein annan tid av året (og blir dermed den tredje vestlandsbaserte teikneseriefestivalen på under 30 dagar) og i nye lokaler i kulturhuset Tou Scene.
30 år som Flis
-Eg er humorist meir enn serieskapar, reflekterer Øyvind Sagåsen, -Eg er som ein sirkushest som vil vise seg fram i manesjen. Hadde det vore større miljø for t.d. film eller radio heime i Odda, kunne eg like gjerne ha enda opp der. Det var då Kristian Walters flytta til Odda at Øyvind lot seg trekke i retning av teikneseriar.
Bransjen håper vel på at Øyvind Sagåsen er ein serieskapar med framtida for seg, særleg i det som ein må kunne kalle det store Radio Gaga-året. Men i intervjuet som avslutta Comnicon-programmet for i år, såg Øyvind mest bakover, på 30 år i bransjen og mimra m.a. ein del om Pyton-tida og det gode miljøet der. Både han og Radio Gaga var gjennom svært mange blader, nokre av dei svært obskure, og dei fleste av dei nå nedlagde, før dei enda opp med eige blad i 2019. Han husker dei, om ikkje så mange andre gjer det.
Fekk overta Hamsun
Rasmus Husebø (f.v. under) lanserer si eiga vesle stripesamling, «Barnvoksen» på Comnicon i år, men det er hans «Grand Tour» frå Jippi som serie-Norge venter på å få lese. Martin Ernstsen har derimot allereie gitt ut sitt magnum epos for 2019, «Sult». «Historiefortelling i korte og lengre serier» var den noko generelle programposttittelen som var meint å knyte dei sama på Comnicon.
At Martin Ernstsen fekk i oppgåve å adaptere Knut Hamsun til teikneserie, var noko av ein tilfeldigheit; han var på rette sted til rett tid i samband med ein Angouleme-festival, og fekk eit tilbod som Håvard S. Johansen måtte takke nei til grunn tidsnaud.
«Barnvoksen» er ein -distribuert sjølvbiografisk humorserie med noko av det same utgangspunktet som «Intet Nytt Frå Hjemmefronten» eller til og med «Barnas Planet», og er i stor grad basert på ting som den vesle sonen til Rasmus seier og gjer. «Grand Tour» handlar også om ein far og son som reiser på , men er i mindre grad sjølvbiografisk. Konseptet er at faren er ein aspirerande kunstnar som tek med den i grunnen heilt likeglade sonen sin på ei «danningsreise» til kontinentet.
Tenk stort med sci-fi
Lars Schwed Nygård finn du på stort sett kvar einaste norske teikneseriefestival (og nokre utanlandske), vanlegvis på ein stand der han prøver å forklare konseptet «Ontonauts» til nysgjerrige forbipasserande. Tidleg på laurdagsettermiddagen hadde han presentasjon på Comnicon saman med partner Ingar Krabbestig (teiknar til Lars’ forfattar). Serien «Ontonauts» leiker seg med ideen om at alt folk trur på er verkeleg på eit eller anna plan, altså eit grenselaust multivers. Sci-fi er ein metasjanger som kan kombinerast med så mange andre sjangrar, seier Lars om sjangervalet sitt.
Den nyaste Ontonauts-historia, «Let Them Lead», er lagt til ei verd der alt barn trur på er sant. Denne er Lars’ eigen favorittverd, og heftet blir lansert på KanonCon 1.5.
Ingar har ikkje illustrert dette; Ontonauts har fleire teiknarar, og for tida er han opptatt med ein 3D-animasjonsserie som han sjølv har skapt, «Jericho Jive». Lars har skrive manus til denne, så samarbeidet går begge vegar.
C. Vinter (f.v. over) skriv, men teiknar ikkje det konseptet som ho og makkeren Jey Levang er mest kjent for, den mørke fantasy-nettserien Hell(p) Men mens ho og Jey prøver å komme i mål med Hell(p), har ho teikna sin eigen serie, «Nexus». Ho begynte etter eige utsegn med å designe to figurar, to brør, og fekk det for seg at ho ville lage ein serie om dei. Vi snakkar om sci-fi på høgt nivå; millionar av år fram i tida lever menneske i ei flytande verkelegheit langt ute i verdsrommet. For tida held ho også på med eit bidrag til neste Über-antologi.
Stavanger-undergrounden
Trompet forlag representert med (f.v.) Tim Levang, Eivind Måland , Helge Olav Øksendal og Espen Birkedal med intervjuar Maya Øvrebø.
-Vi har med så mange som mogeleg for å vise at det er et opent prosjekt, seier Helge Olav om Trompet Forlag. Dei som skapar teikneseriane er også delaktige i produksjonen av sjølve hefta og bøkene. Representantane frå forlaget var dei første som hadde presentasjon på laurdagens Comnicon. Etter å ha blitt introdusert for amerikanske undergroundseriar initierte Helge Olav opprettinga av den norske antologifanzinen Bare Snabel i 2004, som er oppe i 27 utgåver hittil. Dei er aktuelle med lansering av «Finn & Co», ei samling med episodar av Eivinds humorserie frå Bare Snabel.
Britisk fredag
Comicon 2019 ser ut til å ha reservert dei utanlandske gjestene sine (alle britiske) for fredagsprogrammet. På bildet over blir skotske Fiona Michie intervjua av med-kunstnar Maya Øvrebø om korleis det mørke og gotiske inspirerer kunsten hennar. Mens dette innslaget handla mest om kunst og illustrasjon i «reinare» forstand, driv «Snow Universe»-gjengen (f.v på bildet under) Harry Hughes, Stuart McGarey, Nick Goode og Luke Barnes med teikneserieproduksjon på ambisiøst nivå. Dei kallar Snow-seriane sine for superheltseriar lagt til eit politisk øydelagt England. Når vi også lærer at i dette universet er Storbritannia utsett for ei klimakatastrofe som London har klart å beskytte seg mot ved å bygge spesielle barrierar, får vi ei aning om seriens intenderte tyngde.
I 2016 intervjua Serienett bildekunstaren Maya Øvrebø om hennar første seriøse teikneserieprosjekt, «Labyrint» (les om det her). Drygt tre år seinare er boka klar til Comnicon, men fordi Maya er så tungt involvert i festivalen, blir «Labyrint» ikkje offisielt lansert før på Stribefeber neste veke.