
Martin Ernstsen har omsider fullført sitt omfangsrike Knut Hamsun–prosjekt «Sult», ein illustrert klassikar med eit visst klassikarpotensial
i seg sjølv.
For andre gongen satsar Minuskel tungt på ein litterær norsk klassikar. Den første var som kjent «Peer Gynt» i 2014, med tilrettelagt manus av David Zane Mairowitz og teikningar av Geir Moen. I tilfellet «Sult» står teiknar Ernstsen for tilrettelegginga aleine.
Ernstsen har tidlegare eksperimentert med Hamsun i to antologibidrag, begge basert på «På Gjengrodde Stier», der den aldrande Knut Hamsun på det mest avvæpnande vis er teikna som ein truskuldig chibi-figur. Ganske tidleg i «Sult» dukkar også hovudpersonen opp i ein tilsvarande chibi-form. Heinsikta er truleg igjen formidle ein form for uskuld, men på ein meir eksplisitt og ekstravert måte, og dette er bare ein av mange grafisk verkemiddel som Ernstsen bruker for å gjere historia mest mogeleg levande i teikna form.

For å tilrettelegge «Sult» for teikneserieformatet krev andre løysingar enn eit skodespel som «Peer Gynt», og på praktisk talt kvar einaste side demonstrerer Ernstsen kor mykje omtanke han har lagt i dette. Forklart som konsept er «Sult» ein veldig enkel historie: Ein ung skribent, delvis basert på Knut Hamsun sjølv – i teikneserien heiter han Knud Pedersen, etter Hamsuns fødenamn – prøver å overleve i Kristiania ved å selge artiklar, men går lange periodar utan mat fordi inntektene hans er så sporadiske. Fordi han er leia av spesifikke, sjølvpålagte moralreglar, gjer han tilværet sitt endå meir komplekst. Og så forelskar han seg, i ei ung kvinne som han insisterer på å kalle «Ylajali». Knut Hamsun blei ein stor forfattar på sine evner som prosaist, snarare enn ved å skrive om spennande ting.

Derfor er Hamsun sine eigne ord og formuleringar behaldt (sjølv om teksten følgjer moderne rettskrivingsreglar for bokmål), mens serieskaparen utfolder seg på det visuelle området. Tonen han har lagt seg på, er i utgangspunktet realistisk, men med fridom til å ta teikneserien i ein surrealistisk retning når han enn måtte ønske. Ernstsen kan ha vore inspirert av Henning Carlsens film frå 1966, der hovudpersonen opplever hallusinasjonstilstand når svolten overmannar han. Også Knud i teikneseriens portrettering har hallusinasjonar, men langt meir eksplisitte, slik mediet tillater. Skjønt ofte kan dei like gjerne vere biletlege metaforar som forklarer korleis hovudpersonen til eikvar tid oppfattar verda omkring seg. Desse er viktige og ganglege verkemiddel som går igjen i heile boka. Så tidleg som på forsida blir lesarane presentert for eit nærmast perfekt eksempel på dette, i form av ein maurkoloni som plukkar bitar av Knuds hjerne (også brukt inne i boka). Kvar gong han takker eller forbanner Gud, får han svar i form av ein peikefinger frå oven. Når han kjemper mot si eiga svake og saktmodige side, ser han denne manifestert som ein stakkarsleg teikneseriehund i klede.

Sjølv chibi-figuren dukkar seinare opp igjen i heilt andre kontekstar, og med ein heilt anna personlegdom, og stadfester dermed nyansane i bildebruken. Andre grep er meir umedelbart lettfattelege; t.d. kan ein ikkje unngå å merke at realistiske bilde er i gråtonar, mens fantasiar er i fargar.

Dei meir allegoriske bildene hjelper, men dei aleine som gjer ikkje teikneserien «Sult» til ein adaptasjon med eigeverdi og ein mogeleg klassikar. Viktigast er at serieskaparen lukkast med å atterskape hovudpersonens personlegdom, og forsterke denne, gjennom over 200 sider med konstant variasjon og framovertenking i oppbygginga av ein teikneserieroman. Til dette er enkle grep som Knuds mimikk og ansiktsuttrykk, og ytre faktorar som dei realistiske, men utsøkt maleriske, bakgrunnane frå bybildet i 1890-talets Kristiania, vel så kraftfulle. Martin Ernstsens «Sult» er, som Knud Pedersen sjølv, samansett, uføreseieleg og ustadig, og inviterer oss til å oppdage stadig fleire lag.

Sult
Tekst av Knut Hamsun, tilrettelagt og teikna av Martin Ernstsen
214 sider
369 kr. (veil.)
Minuskel forlag