Hjarteknusar

Det ligger an til ei heseblesande avslutning av Dragens øye-soga. «Knust» er femte og nest siste bok i serien.

I «Knust» fortsett Ranja og Kha jakta på gullkransen, ein actionpakka jakt. Lyra, Khas søskenborn har skaffa seg nye krefter. Ho kan forvandle seg til ein drage. I tillegg ventar ein uunngåeleg konfrontrasjon med Bjarki, dragejegar og Ranjas bror, som har trudd heile tida at dragen drap ho, og har ikkje trudd på at det er Ranja som blir forvandla til ein drage.

Ting kjer også i underverda, i Nordre Grotakli.  Kronmagiker Drahknel, besteforelderen til dei to askealvane Kha og Lyra er styraren for riket deira under jorda, men hen er gamal, har mista krefter og slit med helsa. Familien og rådgivarane har møter om kva som vil skje med makta dei foreløpig held, og om kva som kan skje om andre grupper kan ta frå dei makta. Nelmi, Lyras mor, prøvar å sikre at Lyra skal bli den neste kronmagikaren.

Tittelen «Knust» handlar ikkje berre om ein karakter som blir knust, men om ulike håp og draumar til fleire personar. Ting blir ikkje som fleire av karakterane trur eller håper, og når ein får hjartet sitt knust kan ein bli ganske hard, og kan gjere mykje vondt mot andre. Ein sentral person må bøte med livet. 

Familieforhold og dei kompliserte kjenslene ein kan ha til søsken og foreldre er og eit relevant tema som serien tek opp. Bjarki har ikkje trudd at Ranja var dragen, medan foreldra hennar og systera trudde på ho. Parallelt har Lyra eit sterkt behov for å imponere mora og å vise at ho er betre enn Kha, fordi mora forventar mykje av ho, men samtidig snakkar mora negativt om evnene hennar.

Mykje dramatikk er pakka inn i dette bindet, men det er også tid og rom for romantikk, og den blomstrar mellom Kha og Ranja. Dei to verkar tryggare på kvarandre og har eit tettare forhold saman. Det er tydeleg at forholdet deira vaks mykje når dei budde saman på garden til Ranjas familie i førre bind, «Såret». Men stemninga er ein heilt annan i «Knust», kjærleiken heng tett saman med drama og patos. Ikkje minst når vi kjem til den augneblinken veldig mange fans har venta lenge på. Ein augneblink som er viktig nok til å bli hinta bak på permen.

Dragens Øye er faktisk ganske unik i nordisk manga-samanheng på den måten at den vektlegg romantikk, men det er eit element som måtte gjere seg fortent til å få ein så viktig plass i soga.  

Sandmæl har heva seg frå førre bind og har endå fleire detaljar i bakgrunnen; fargane er rikare og skuggelegginga tydlegare. Streken er skarpare og gir endå eit lag til forteljinga. Bakgrunnane har alltid vore maleriske og vakre, og no er dei endå betre. Sandmæl verkar sjølvsikker i fargevala. Hen ser ut til å ha kosa seg, og har leika med fargar og design. Det er storslått, dramatisk og ein føler verkeleg at reisa nærmar seg slutten. Nøkkelscenen lagt til eit massivt drageskjellett (også det hinta bak på permen) er eit inspirert grafisk val.

Det blir bygd opp til ein svært dramatisk slutt og til lesarane si glede (eller fortviling) blir boka avslutta med ein real cliffhanger. Igjen, hadde eg nær sagt. Neste og siste bind kjem til våren. Denne anmeldaren ventar spent og bit nesten neglar nå.


Dragens øye 5 – Knust
Av Cha Sandmæl
140 sider
329 kr.
Egmont

Les om alle binda her

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *