Mikael Noguchis adaptasjon av Zeshan Shakars roman, Tante Ulrikkes vei, er ein vellukka remix som står på eigne bein
«En dag etterlater foreldrene oss her, mellom stedene de forlot og stedet de prøvde å bli en del av. Når det blir vår tur, vil vi se tilbake for å forsikre oss – og dem – om at vi klarte å komme et skritt nærmere», skreiv Yohan Shanmugaratman om migrantmelankolien i Karpes tekstunivers (Klassekampen, 02.02.2022). Også i Mikael Noguchis teikneserieadaptasjon av Zeshan Shakars roman, Tante Ulrikkes vei (Gyldendal, 2017), møter lesaren metaforisk etterlatne migrantbarn som prøver å finne ein plass i det norske samfunnet, ein stad mellom blokkene på Grorud og alt det andre.
I utgangspunktet meinte Noguchi at det å lage ein teikneserie av Shakars bok var umogeleg. Løysinga hans har vore å presentere noko som i større grad er ei tolking av romanen enn ei direkte omsetjing til teikneseriemediet. Den visuelle framstillinga gjer at hovudpersonane kjem nær seg sjølve og lesaren på ein annan måte enn i romanen.

Romanen er strukturert som fiktive beretningar i eit forskingsprosjekt frå tidleg på 2000-talet som skal «kartlegge hverdagen til ungdom med minoritetsbakgrunn fra Groruddalen» (Shakar, 2017). Kapitla er fordelt mellom respondentane Mo og Jamal, høvesvis som «munnlege» diktafonrapportar og e-brev. Teikneserien fordeler også handlinga mellom Jamal og Mo, men forskingsprosjektet er forkasta. Det gjer at forteljinga verkar meir rå og direkte. Ho tematiserer mellom anna utanforskap, rasisme og klasseskille, samtidig som ho kan bli lesen som ein satire over tanken om at alle stiller med likt utgangspunkt i det norske samfunnet.
Forsida framstiller Mo og Jamal som eit diptykon, der gutane sine verkelegheiter speglar kvarandre. Dei er ulike, men dannar likevel ein heilskap. Denne speglinga er sentral i teikneserien (og romanen). Mo er den skuleflinke strebaren som gjer alt rett, men som likevel ikkje får det heilt til. Jamal er ein skuletapar, ein som lever på utsida av samfunnet med rus og ansvar for ei mor som ikkje strekk til, og ein forsømt veslebror. Gjennom boka blir dei parallelle verkelegheitene gjentekne, ofte side om side (til dømes Mos strigla rom kontrastert med Jamals kaos, eller gutane sine reaksjonar på terroråtaket den 11. september 2001). Visualiseringa av dei to stovnerliva forsterkar ulikskapane, samtidig som ho bind saman Mo og Jamals skjebner.

Boka blei nyleg tildelt Pondusprisen. Ifølgje prisens presseskriv er meir enn 99 % av dialogen frå romanen fjerna i adaptasjonen, noko som gjer at teksten er vel så mykje Noguchis som Shakars, sjølv om forteljinga i botn og grunn er den same. Teikneserien utnyttar potensialet som ligg i å la det visuelle få fortelje like mykje som orda. Noguchi tar seg god tid og gir rom for lengre passasjar og heilsider som får stå ordlause utan at det går på bekostning av handlinga og tematikken. Sjølv om romanen byr på fleire detaljar, til dømes når det gjeld familiane til Mo og Jamal, byr Noguchis tilnærming på eit ope og nært portrett av karakterane. Det sikre grepet om det visuelle gjer at han treng få (eller ingen) ord for å seie mykje, som når Jamal ligg med ryggen til veslebroren som vil ha merksemd før han snur seg frå lesaren, eller når Mo i skrekkblanda fryd står i midten av ein spiral av menneske på Blindern.
Ein fare ved å gjere Shakars forteljing om til ein teikneserie er at ho blir forenkla og at karakterane kan bli meir stereotypiske. Sidan boka nyttar seg av speglingsmotivet i så stor grad, kan ein også oppfatte dei kontrasterte karakterane, særleg Jamal, som litt overtydelege. Boka er likevel i hovudsak ein vellukka adaptasjon som står godt på eigne bein.
For lesarar som vegrar seg for å møte Shakars 430-sider lange roman kan Noguchis 270 luftige og fargesterke sider vere meir tilgjengeleg. Det er ei forteljing som fortener fleire lesarar, både ungdommar og vaksne. Dei to bøkene komplementerer også kvarandre på ein god måte: Teikneserien fungerer både som ein introduksjon og eit supplement til romanen. Ønskjer ein å gå djupare inn i liva til Mo og Jamal, kan ein dykke inn i det ved å lese Shakars originaltekst.
Tante Ulrikkes vei opnar med å zoome gradvis inn på Stovner og sluttar med å vere heilt tett på Mo og Jamal på T-bana. For lesaren har ein såleis kome mange skritt nærmare deira melankolske migrantrøyndom, for karakterane er det meir uklart. Dei har tatt sjøvstendige val og er på veg inn i kvar si ukjende framtid. Om nærleiken er eit steg mot tilhøyrsle, er eit ope spørsmål.
Tante Ulrikkes vei
Av Mikael Noguchi, etter Zeshan Shakars roman
272 sider
399 kr.
Gyldendal


Vi sender deg noen godbiter omtrent annenhver uke, og bruker 







