Snakke julehefte – Gamalt norsk

gamalt norsk

Eldre norske, norske klassikarar; kjære oldingar har mange namn, men nivået blant klassikarane er kanskje ikkje heilt på topp i år.

Høyr sendinga her

Smørbukk av Håkon Aasnes er lun og god, men litt sprekare i Solveig Muren Sandens reprisetrykk, meiner panelet Arild Wærness og Knut Robert Knutsen. Skilnaden er minst like stor – og igjen med Sanden på topp – i Tuss og Troll.

Hos 91 Stomperud ønsker panelet seg derimot meir av den nye teiknaren, Magne Taraldsen (sjå forsidebilde). Å lese seg gjennom reprisane til Leif Isaksen først, er som å måke snø i heile nabolaget før du kan sette deg ned til julebordet, seier Knut det litt spissa. Og det er noko av det snillaste dei har å seie om den saka.

Dei nye serieskaparane hos Fonna Forlag har føretatt seg nokre kunstariske grep som panelet ikkje heilt forstår seg på, særleg med Ingeniør Knut Berg, men dei prøver å forklare. Alt i alt er dei gamle eldst her, i alle fall når det gjelder Halse og Nilssen på årets reprise av Vangsgutane.

Men årets beste i denne bunken, om ikkje heilt på topp i forhold til sin eigen standard, er Flåklypa. Mykje historie, men sekstiårsjubilanten Solan og Ludvig har ikkje nok å gjere.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *