Panelet vårt, Knut Robert Knutsen og Arild Wærness, er samla for å vurdere årets julehefte og minnast mellom anna den gongen då himmelen var rosa i Donald Duck si verd.
Det tradisjonsrike panelet, som møtast kvar november i samband med festivalen Bergen Tekst & Tegning, har sett på…dei aller fleste julehefta, inkludert alle frå Egmont, Strand, Fonna og Norsk Barneblad. Og vi begynner med Disney, som i år omfattar desse titlane:
Donald Duck & Co
Mikke Mus & Langbein (for første gongen sidan 2012)
Julemagi (tidlegare kjent som Julehistorier)
Jul på 80-tallet
Walt Disney Julehefte
Don Rosas jul
(Norsk) Donald – Juleløftet
Panelet er jamnt tilfredse med årest hefte og bøker frå Disney, med unnatak av Walt Disney Julehefte. Kva panelet meiner er årets beste er kanskje inga overrasking, men likevel: Årets Donald-historie frå Arild Midthun, «Juleløftet» er tett, full av handling og kontinuitet. Det mest kritiske panelet vårt kan seie om «Juleløftet» er at den har fått for lite plass, for få sider.
Vi sender deg noen godbiter omtrent annenhver uke, og bruker 







