Vil fremje leselyst

Gjennom konseptet «Årets Donald-lærer» kan skuleelevar over heile landet nominere ein lærar som motiverer og gjer lesing gøy.

Nyaste utgåva av Donald Duck & Co. kunngjer arrangørane denne konkurransen. I nominasjonsteksten heiter det:

«Kjenner du en lærer som gjør lesing gøy?
En Donald-lærer er en lærer som:
Bryr seg litt ekstra, bruker fantasi og humor i undervisningen og inspirerer hele klassen til å elske og lese
Nå vil vi løfte fram disse lærerne!»

Barn over heile landet blir inviterte til å nominere ein lærar som dei synest passar desse kriteria. Vinnaren får 10 000 kroner øyremerka «leseglede» – dvs. bøker og anna som kan vere med på å bidra til med leselyst i klasserommet – pluss eit klassesett med Donald-blader. Dessutan blir læraren duckifisert, altså teikna som en Donald-karakter.

I ein «finalerunde» skal det stå att fire nominerte som blir offentleggjorde, og blant desse fire skal det kårast ein vinnar i august.

Juryen består av tidlegare kulturminister og nåverande direktør i Forleggarforeininga, Trine Skei Grande og Donald-redaktør Marius Molaug (f.v. på bildet ovanfor; fotografi tilhøyrer arrangørane).

– Leseglede kjem ikkje av seg sjølv. Ofte treng barna ein dult i rett retning og rett lesestoff i hendene. For mange kan eit Donaldblad vere løysinga! Det er noko med kombinasjonen av sterke figurar og fantasifulle historiar i teikneserieformat som gjer at stadig nye barn ser leselyset i møte med Donald! Gjennom «Årets Donald lærer»-initiativet ønsker vi å belønne dei gode andbassadørane som fremjar lesegleda i klasserommet, seier Molaug.

«Årets Donald-lærer» blei første gongen utlyst i 2024, og det er Kulturmeglerne som promoterer prosjektet.

I 2024 la regjeringa fram ein strategi for nasjonal leselyst med mål om å få fleire til å lese meir. Strategien vart framlagd i etterdønningane av nedslåande rapportar om leseferdigheitene og leselysta til barn og unge. Strategien som skal vare fram til 2030 inkluderer fleire tiltak, mellom anna ei styrking av leseopplæring i skulen døypt «Tid for lesing». «Årets Donald-lærar» feirar dei som er med å påverke unges lesevanar i størst grad; lærarane.

– I vaksen alder er det dei motiverte og engasjerte lærarane vi hugsar best tilbake på. Eg er glad for å få bidra til å kasta litt ekstra glans over lærarar som inspirerer til uunnverleg leseglede og skaper leselyst som blir med elevane ut av klasserommet og vidare resten av livet, seier Grande.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *