I årets første SeriX-podcast ser Arild Wærness og Trond Sätre fram mot nye, norske teikneseriar.
Vi kikkar på De Fantastiske Tegnseriene med Vazelina Bilopphøggers, men ser mest framover, på heilt nye produkt. Teikneseriar for barn og ungdom, gjerne publisert av dei etablerte bokhandelforlaga, dominerer lista over norske teikneseriebøker som kjem denne våren, inkludert fleire nykommarar som Hans Jørgen Sandnes, Nora Dåsnes og Michelle Tolo. Panelet diskuterer alle desse, og er særleg spente på Krypto (forsidebildet) av Hans Jørgen Sandnes. Dette er den populære illustratørens debut som forfattar/teiknar på eigen serie, og nok eit eksempel på korleis jentene stadig oftare er helten i barnebøker og teikneseriar for barn. Er dette symptomatisk for kven som les mest barnebøker i vår tid?
Konklusjonen er likevel at Inntrenger av Sigbjørn Lilleeng er vårens mest spanande norske nyheit. Den kan du også lese utfyllande informasjon om her.
Elles blir det også stilt store forventingar til Anders Kvammens Jobb når den straks er klar, og vi gjer ei vurdering av plottet i Flu Hartbergs nye bok Spesialklassen. Sidequest veit vi ennå lite om, men Arild meiner at Ronny Haugeland er garantist for kvaliteten. Og panelet er litt spente på korleis den tredje sesongen av The Urban Legend kjem til å sjå ut etter såpass lang pause. Er Malcolm Tzegai Madiba framleis ein karakter, og ikkje berre eit fenomen?