Skjemtegauk utan like

Steffen Kverneland er sin eigen beste karakter, noko han både beviser og oppsummerer i «Slyngel De Luxe».

Det er alltid ei glede å lese nye (eller «nye» i dette tilfellet) teikneseriar av Steffen Kverneland. Ikkje berre på grunn av den solide tekniske dyktigheita han viser, men den uhøgtidlege, energetiske og kjenslemessig engasjerande tona og stilen i arbeida hans.

No må eg innrømme at der er delar av arbeida hans som eg ikkje fekk med meg når dei kom ut, og at eg har gått glipp av dei seinaste sjølvbiografiske verka av grunnar eg ikkje vil kome inn på, men som ikkje inneberer at eg ikkje er overtydd om at dei er gode.

Det vil seie at der er store delar av «Slyngel» som er ferske for meg, og dei delane eg kjenner frå før, er på merkeleg vis som fornya av denne større samanhengen.

Konteksten for innhaldet i boka får vi ikkje som forord, men i eit lengre etterord,  noko som tener samlinga særs godt, då denne samanhengen krev ei revurdering av det ein allereie har lese, som eg ikkje skal gå for nært inn på.

Grovt sett er boka ei samling med teikneseriar der Steffen Kverneland (med vener og familie) sjølv er hovudpersonen,  laga på forskjellig tid i hans liv og karriere, med endringar i tone, stilar og innfallsvinklar. Det er som samla bok eit komplisert og utleverande portrett av karakteren «Steffen Kverneland».  Innslag frå vener som Lars Fiske, Waldemar Hepstein (Tor Lier) og Tom Ekeberg hjelper til med å runde ut boka.

Starten er «Slyngelalder», som viser Steffen som ung gut, opptatt av hobbyar, vener og all mogeleg fanteskap,  eit portrett av ein guteoppvekst som ganske mange nok kan kjenne seg att i, med lokale variasjonar. Deretter følgjer heisatur til Praha med «Golæmen og Blæra»,  diverse reiser til teikneseriefestivalen Raptus i Bergen,  hans fascinasjon for Tempo, og mange festlege augeblikk vidare.

Igjennom alle desse vignettane vert vi kjend med ein versjon av Kverneland som ein entusiastisk kulturnerd, ivrig speloppmakar og livsglad person. Interessant er det at i desse «sjølvsentrerte» seriane ,så innimellom dei fascinerande portretta av menneska rundt han, er det seg sjølv han gjer mest ap med. I den grad han gjer det i det heile. Som om han har sett seg føre at viss der er nokon som det skal skjemtast stygt med,  så må det vere han sjølv.

Det er ikkje berre skjemt. Frå start til slutt så er der meir alvorlege augeblikk. Og veldig mange av situasjonane er så lette å kjenne seg att i. Jada, det er Kverneland som er hovudpersonen her, men i veldig mange situasjonar så er det ei kjensle av «everyman» over handlingane og reaksjonane.  Det er under det spesifikke nokon veldig gjenkjennelege typar og situasjonar. Dette er historier som bør kunne appellere til alle , ikkje fordi det handlar om «Steffen Kverneland» , men fordi dei kunne handla om kven som helst.

Eg må igjen påpeike at dette er ei nydeleg teikna bok, med både teikna og malte sekvensar,  og at Steffen Kverneland er ekstremt god til å fortelje i både bileter og tekst. Det er lett å hoppe litt over den delen, då det etter kvart er lett å ta for gitt. Kverneland har blitt ei merkevare som borgar for kvalitet på serieteikning.

Boka er ikkje berre ei gullgruve for Kverneland-komplettistar, som der sikert finnast ein del av der ute, men eit veldig godt samansett innblikk i utviklinga av Kverneland som teiknar og forfattar og den presenterer oss for ein fascinerande og engasjerande versjon av teikneseriekarakteren «Steffen Kverneland». 



Slyngel De Luxe
Av Steffen Kverneland m/gjester
224 sider
Kr 368
No Comprendo Press



Les også:
Intervju med Steffen Kverneland

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.