Midlertidig heimløyse

Serieteket blir ikkje opna før langt ut i neste år. Kva skjer med Tegnekveld, Seriefest og OCX?

Deichmanske Grünerløkka på Schous Plass i Oslo er sentral i byens teikneserie-aktivitet, som lokalet til Serieteket. Nå er lokalet stengt for oppussing. På eit banner utanfor biblioteket står det:

«Biblioteket holder strengt fra 17. juni. Mandag 17. juni stenger vi dørene i ett år. Den vakre, gamle bygningen vår trenger ny ventilasjon og annen teknisk rehabilitering.»

Dette har allereie påverka aktiviteten; Tegnekveld måtte avslutte vårsesongen tidlegare, og nå er det uklart kva gruppa skal gjere av seg ved ny sesongstart. Seint sist veke kunne Bård Lilleøien fortelje på Facebook at dei ikkje har funne nytt (midlertidig) lokale ennå.

Seriefest, som var tilbake for første gongen på mange år i fjor, skulle også bli arrangert i 2024, med Serieteket som vertskap igjen, men Serieteket kjem ikkje til å opne tidsnok.    

-Seriefest og OCX (Oslo Comics Expo) kan ikkje haldast på Schous Plass, seier Melina Edvardsen frå Serieteket. I påvente av ein skal finne nytt lokale, har dei to festivalane difor ikkje sett datoar for ennå. Ho fortel vidare at dei jobbar med å finne ei løysing når det gjeld utlån. Den store teikneseriesamlinga på Deichmanske Grünerløkka er førebels ikkje tilgjengeleg for offentlegheita.

Fotografi av Kristian Hellesund.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *