Til glede for nye entusiastar

Etter fem års pause er «barnas teikneseriefestival» meir levande enn nokon gong.

Seriefest blei denne helga arrangert på Deichmanske Grünerløkkas Serieteket, etter ein lenger pause. Siste gongen var i november 2017, når dåverande bokdebutant Malin Falch kunngjorde den nye serien Nordlys. Seriefest 2017 innleia såleis ein ny epoke i norske teikneseriar, særleg for barn og ungdom, men årets Seriefest markerte eit større mangfald innan både sjangrar og uttrykksmåtar når det gjeld teikneseriar for barn.

Festivalen innleia rett nok på fredag med ein workshop leia av ein etablert NME-serieskapar. Helen Kaldheim (øverst i midten, forsidebildet) fortalde om manga til eit engasjert og veldig ungt publikum som tydeleg hadde god kjennskap til fenomenet. Eit generasjonsskifte er det likevel mogeleg å spore: Dagens unge mangafans gir ikkje lenger inntrykk av å kjenne til omgrepet Shonen Jump.  

Laurdagen på Seriefest starta klokka 12 med ein teaterførestilling av og med Terje Wollmann (til høgre på bildet ovanfor) for småskuletrinnet, fritt etter teikneseriealbumet «Nils & Magga». Wollmann er også forfattar av albumet. Med på framføringa var dessutan teaterfolka Borghild Othilie Aasebøstøl og Ørjan Steinsvik (til venstre).

Tre ulike teiknearrangement fann stad på Serieteket denne laurdagen: I andre etasje ein lukka teikneseriemaraton med Tøyen Tegneserieverksted (som også vanlegvis held til på Serieteket) i den eine enden, og friteikning på kafeen i den andre enden. I første etasje hadde Cha Sandmæl (lengst til venstre på podiet. bildet ovanfor) kurs i «tegn mennesker» (teknisk sett teiknar ho nesten aldri meneske, innrømte ho sjølv; det går mest i alvar).

Så godt som alle arrangement på årets Seriefest var særs godt besøkte, og av dei rette aldersgruppene. Berre på to av ettermiddagsarrangementa var det kanskje nokre tomme stolar. Å berre fortelje om serien og jobben sin, eller bli intervjua om den, er ikkje interessant nok for eit publikum av barn. Sjølv det å teikne mens ein fortel er ikkje alltid nok. Men både Sara Hjardar og John S. Jamtli (på podiet, bildet ovanfor) gjorde sit beste for å engasjere publikum. I Jamtlis tilfelle gjorde han presentasjonen av «Sabotør» til ein multimedial historietime.

Kanskje det mest populære arrangementet på Deichmanske Grünerløkka denne laurdagen var «Spøkelsesjakt med Edward Rubikon» ved Aleksander Kirkwood Brown (til høgre med eit «åndekamera», bildet ovanfor) og Andreas Iversen (til venstre). Brown og Iversen har reist rundt med denne førestillinga tidlegare, men innrømmer at det er ei stund sidan nå. Men dei har framleis «props», dvs. spøkelsesjaktutstyr som dei viste fram for publikum, og ei anekdote frå spøkelsesjakt i Nes kyrkjeruinar, komplett med eit «autentisk» spøkelsesfotografi. Ungar er ikkje alltid så lettlurte, det kom fleire forslag til forklaringar på korleis fotografiet kan vere forfalska, sjølv om Brown og Iversen hadde svar klare til alle skeptikarar. På den andre sida blei dei også oppsøkt etterpå av ungar som hevda å ha sett spøkelse sjølv. Når Iversen skulle teikne eit monster på direkten, etter forslag frå salen, steig stemninga til unike høgder, og til einkvan tid var det minst eit halvt dusin hender i veret.

Andreas Iversen var også serieskaparen som illustrerte den biografiske «Blokk til Blokk» etter manus frå hip hop-artistane Jonathan Castro, Don Martin og Felipe Orellana Castro. Desse tre hadde dagens siste førestilling, ein «mini-konsert» på Deichmanske, Mange av barnefamiliane hadde dratt før dei gjekk på scenen klokka 17, men dei tre greidde å heve stemninga, og det lenge før dei hadde begynt å synge. Faktisk brukte dei eit drygt kvarter på å fortelje om seg sjølv og musikken sin utan at ungane såg ut til å miste tålmotet. At det gjekk føre seg på Oslo aust, der mange kan relatere seg til den framandkulturelle bakgrunnen deira, såg ut til å hjelpe  

BtB-teamet avslutta Seriefest 2023 med ei oppfordring som skildrar ein vesensforskjell på teikneseriefestivalar for barn og for vaksne: På Seriefest blir du oppfordra til å låne boka, ikkje kjøpe ho.


Alle foografier av Trond Sätre

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *