Onsdag kunne Camilla Dahlstrøm presentere Soluna for eit Bergenspublikum.
Fotografiar av Trond Sätre
Camilla er nykommar i bransjen, men debuterte offentleg som serieskapar til mykje merksemd den 18. januar i år. Då lanserte ho første bindet av Soluna, «Tvillingene» på Serieteket. I går presentert ho boka i Bergen, på bokkafeen Amalies Hage, i regi av Grafill Bergen.
Serien er ein fantasy med element av science fiction., Den dreier seg rundt hovudpersonane Aiden og Tanwen, tvillingsøsken som er framande for kvarandre, men som blir gjenforeint etter å ha vekse opp på kvar si side av ei todelt verd.
Teikneseriar var ein stor del av barndommen til Camilla, og ho utvikla tidleg eit reelt talent. Med seg denne ettermiddagen hadde ho ei skissemappe med tidlege teikningar som leia henne på vegen mot Soluna, og eit proto-album med den første versjonen av serien, «Core» (2017). Ho blei bedt av Egmont om å endre namnet, og «Soluna» fungerer lettare på dei fleste språk. «Core» fortel ikkje heile historia frå «Tvillingene», og som Camilla påpeikte under presentasjonen, forlaget ville bedt om å få omteikna serien uansett.
I Core er det ein scene der kjempekaninar blir brukt som ridedyr, påpeikte ho. Noko slikt har så langt ikkje skjedd i Soluna, men ho fekk i alle fall teikna ein slik kanin i bakgrunnen (s. 35).
Camilla sendte inn Core til Egmonts episke tegneseriekonkurranse i 2021, mest fordi ho oppdaga konkurransen for seint til å omteikne eller lage noko nytt. Ho endte ikkje på topp 25 ein gong, men konkurranse var ein augeopnar. Nå begynte ho å jobbe målbevisst mot å bli ein forteljar og serieskapar.
I salen satt ei gruppe av Grafill, men også eit mangfald av andre interesserte, mellom anna nokre yngre barn som entusiastisk stilte spørsmål. Dei, og fleire andre, fekk sine eksemplar av «Soluna 1 – Tvillingene» signert etter presentasjonen.
Les også:
Alt står i manualen
Trippel bokbad med kake