Alt står i manualen

Soluna er ein metodisk designa serie med mykje sjel, og med ei verdsbygging som krev fokuserte lesarar.

Egmonts nyaste «nordisk manga»-seriesatsing (dei to andre nye titlane er enkeltståande) viser kor raffinert fenomenet er blitt. Bokdebutant Camilla Dahlstrøm stiller høge krav til seg sjølv og til lesaren. I første bindet, «Tvillingene», blir vi introdusert for Terrex, eit heilt ny verd, ikkje berre med eigne regler for magi, men også med sin eigen geografi, eigen astronomi, eigen religion, til og med si eiga skapelsesforteljing. Ei forteljing som sjølve serien er oppkalla etter.

I denne verda er den unge munken Aiden i ferd med å bestå prøven som historielærar, men blir diskvalifisert for «blasfemi» fordi han seier at Maskene, ein slags hemmeleg organisasjon som drap mora hans, er verkelege. Munkane trur ikkje på Maskene (vel, ikkje dei fleste). Noko som er litt overraskande, for når Aiden konfronterer to av Maskene kort tid etterpå, er dei ikkje særleg diskrete. Denne konfrontasjonen fell saman med at Aiden, truleg endå meir overraskande, møter tvillingsystera si Tanwen. som han blei skilt frå ved fødselen.

Vi blir med Aiden i leitinga etter svar

Det første ein merkar seg med Soluna er kor metodisk Camilla Dahlstrøm er som teineserieskapar. Vi er i «flinkisane» sin tidsalder. Dahlstrøm er designar, og har laga ein teikneserie som også ser slik ut. Ikkje for det, teikningane har mykje sjel , og i NME-målestokk har dei også eigenart i eit grenseland mellom manga og ein moderne og runda euro-amerikansk teiknefilmstil. Særleg nasene har noko markert ved seg.  Alt saman dandert med nyansar av oransje, brunt og raudt som gjennomgåande fargekodar, i miljø som vekslar mellom fantasy-Santorini og påskefjellet . Reint grafisk er Soluna umedelbart tiltalande

Konseptet er ei omhyggeleg og ganske saumlaust fusjonert blanding av ulike inspirasjonskjelder, der eg oppfattar Star Wars, Nickelodeons Avatar og ei handfull mangatitlar som dei mest openberre. Dette kjem då på toppen av den meir unike verdsbygginga. Serieskaparen kunne sikkert fylt eit heilt bind med forhistoria til serien, men valde å tru at lesarane kjem raskt inn i historia dersom dei berre får hint her og der. Dahlstrøm har mykje mytologi å gå gjennom. Delar av den blir fortald gjennom Aidens historietime og Tanwen sine forklaringar, men ikkje alt får blitt inkorporert naturleg inn i teikneserien. I staden er mykje forklart i bonusmaterialet, ein seks siders «manual» bak i boka. Eg visste om denne, men valde å lese den til sist. I ettertid skal eg ikkje seie sikkert om det var den beste framgangsmåten. Du skjønner det meste ved berre å gå rett på sjølve teikneserien, men «manualen» er oppklarande i forhold til astronomi og geografi, som begge er viktige komponent. Alt det ytre er viktige komponent.      

Sileny velger å «oversjå» eit vitne

Har serieskaparen det travelt? Kanskje. Serien har meir vekt på plott og premiss enn dei fleste NME-titlar. Camilla Dahlstrøm har berre planlagt tre bøker i serien (i alle fall i første omgangen). Og i motsetnad til dei fleste NME-serieskaparane har ho ein fulltidsjobb ved sida av, så ho kan ikkje love ei bok kvart år. Egmont har lagt seg på ei linje der desse seriane helst skal komme med ei ny bok i året, så dette seier noko om kor mykje tillit dei har til Soluna.

Serien har meir vekt på plott og premiss enn dei fleste NME-titlar. Men i minst to karakterstudiet beriker forteljinga: Først det vanskelege forholdet mellom Aiden og Tanwen, tvillingane som i realiteten framleis er framande for kvarandre gjennom heile den første boka. Deretter Maske Sileny, som er ein studie i konfliktfylt personlegdom: Han er ein hemmeleg agent og snikmordar som vil berre gjere jobben sin, men helst vil unngå å drepe nokon.

Eg gjekk gjennom minst tre «fasar» då eg leste «Tvillingene». Først fascinasjon over ei levande innføring i eit eksotisk miljø. Deretter litt keisamheit over den eksposisjonsdrive handlinga midtvegs. Og etter kvart igjen aukande fascinasjon over både det større bildet og dei mindre bilda som dannar Soluna. Camilla Dahlstrøm gir oss all verda, og etter berre litt nøling tek eg imot.    


Soluna 1 – Tvillingene
Av Camilla Dahlstrøm
146 sider
329 kr.
Egmont

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *