Rutetid går inn

Opprettinga av TNT får mange konsekvensar. Nå melder Tormod Løkling også overgang til det nye forlaget.

Forside: Teikning av «MegawackyMax» Baldo; bakgrunn og utforming av Trond Sätre.

I går kunne det litterære nett-tidsskriftet Bok365 melde at Tormod Løkling frå Egmont slår følge med Tonje Tornes for å opprette eit nytt underforlag på Bonnier – TNT. Dermed gir også namnet fullgod meining.

Som før meldt får Tonje følge av nesten heile toppsjiktet av norske fantasy-serieteiknarar, mellom anna Malin Falch, Odin Helgheim (med Victor Sotberg), Cha Sandmæl, Helen Kaldheim, Victor Nordahl, Sara Hjardar og H.L. Phoenix.

Attende på Egmont betyr dette at Rutetid som publikasjon blir nedlagt. I eit par år nå har Rutetid, tidlegare klassifisert som eit blad, blitt utgjeve som periodisk album, framleis med Tormod Løkling i redaktørsetet. Til Serienett kan Egmonts Kjetil Johnsen stadfeste at frå 2025 er det slutt på desse.

Fritt

Rutetid er Egmonts siste attverande periodika som blir fronta av norske teikneseriar, etter at Radio Gaga blei nedlagt frå 2023. Publikasjonen er dominert av einrutes seriar der bisarr humor har vore normen, men etter nedlegginga av Radio Gaga er den blitt ein lett blanding som har profilert seg med sin eigen karakterdrive serie – «Fritt» av AHJ og Bjørnar K. Meisler.

Dei fleste serieskaparane på TNT kjem frå Egmonts avdeling for «Nordic Manga» (ei begrep som var Løklings ide), og adm. direktør i Bonnier, Alexander Even Henriksen, legger ikkje skjul på at dei satsar på TNT fordi det gir dei ein «etablert og lønnsom portefølje».

Likevel nemner TNT namn som ikkje kjem frå same forlagsbakgrunnen, og som etter alt å dømme skal produsere heilt nye titlar. Rett nok er det her snakk om folk som er kjente for å stå bak storseljarar tidlegare, og som derfor kan reknast som «etablerte og lønnsomme» i seg sjølv.   

Krypto

Ein av desse er animatør/illustratør/teikneserieskapar Hans Jørgen Sandnes. Frå før av har han ein teikneserie som liknar mykje på nordisk manga, «Krypto». Denne blir verande på Gyldendal. Han lagar også bestseljaren «Detektivbyrå Nr. 2» saman med Jørn Lier Horst. Horst er einaste norske deleigar i Bonnier, og sidan 2022 har bokserien om barnedetektivane hans vore på Bonniers hovudforlag. Denne forblir også der den er. Det Sandnes skal lage for TNT blir noko nytt, kan han fortelje.

Endå meir interessant er det at Siri Pettersen blir ein del av forlaget, og kan stadfeste ovanfor Serienett at ho har eit teikneserieprosjekt på gong der. Pettersen laga ein populær stripeserie for 20 år sidan, «Antiklimaks» (2002-2004), men har sidan konsentrert seg om prosalitteratur. Den største suksessen hennar er romanserien «Ravneringene».

-Eg kan ikke seie noko om prosjektet ennå, annet en at det eksisterer og er innmari spennade, fortel ho til Serienett. – Ikkje minst gleder eg meg til å jobbe tett med Tonje og Tormod på TNT, som openbart er det beste teikneserieteamet ein kan ønske seg!


Les også:
Dragen gikk på dagen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *