Krüger og Krogh har vore ein sukess. Nå kjem «boka bak albumene», diverre utan groupie-skandaler og backstage-anekdoter, men fengande likevel.
«Dette»Krüger og Krogh» er ei vakker bok, ein solid monografi over 3 dyktige serieskaparar og eit særs interessant og ambisiøst verk, sjølv om der ikkje er kome så mange album enno. Det er ingenting ved denne boka som gjer at eg ikkje vil seie at den er verdt investeringa i tid og pengar. Viss dette er di greie. I alle fall er det MI greie, så dette er flott. Men lat oss sjå nærare på om det er dykkar greie som lesarar.
Albumserien om Krûger og Krogh dukka opp som ein teaser på OCX for 15 år sidan, då hadde trekløveret Agdestein, Kabíček og Skandfer allereie jobba med pitchen ei stund. Eit ambisiøst albumprosjekt inspirert av den fransk-belgiske sokalla “Marcinelle-skulen” det vil seie stilen til forlagshuset Dupuis. Ting som Sprint, Viggo og liknande. Sett i eit nostalgisk 1960-tals Oslo, med klassisk arkitektur som etterkvart vart erstatta med moderne byggeklossar, og ei stemning og ein humor som vi kjenner frå Olsenbanden og eldre Oslo-baserte komediar og klassisk norsk krim.
Sjølv om Norske serieskaparar i tiåra før var mest fokusert på humor i Pyton, avisseriar og antologi-hefte, så var der mange med ambisjonar om lengre historier. Ofte var julehefte og lisensserier som Fantomet og den Rosa Panteren det stødigaste alternativet, men ein del gode albumseriar med originale konsept kom der jo. Krüger og Krogh kan likevel sjåast på som eit gjennombrot, då den fenga store delar av det generelle publikum på ein ny måte.
Når filmar og seriar går veldig inn på teknologi så vert det ofte omtala som “gear-porn” og på likedant vis så har ein “architecture-Porn” , ein overveldande estetisk fascinasjon med særeigen arkitektur. Og det er ein av dei store styrkane til denne serien. Gjenskapinga av eit Oslo som i store delar no er vekke, er nitid og detaljert gjenskapt og teikna og fargelagt med omhu og omtanke.
At dette likevel ikkje går ut over drivet i serien, men er eit tilskot til den og gir den tyngde og truverd, det er spesielt.
Øyvind Holen står for intervjua med serieskaparane, og eg reknar med at det er i samarbeid med redaktør Lasse Espe at dei har klart å trekkje fram og presentere i boka sine eigne biografiske detaljar ; si plassering i eit kreativt miljø; og prosessen med utvikling og produksjon av serien.
Her er mykje bak-scena informasjon av typen DVD-ekstra, dei har brakt inn tidlege skisser og ideer, eksempel frå materiale som er produsert til andre publikasjonar enn albuma, for komplettistar, og mange stemningsfulle og opplysande skisser og ferdige illustrasjonar. Alt er tydeleg og fengande presentert, opplysande for fans, inspirerande (vil eg tru) for unge serieskaparar og ei pen bok til sidebordet.
«Arkivet» er ikkje ei samlebok for sjølve serien. Der er nokre einsidarar og utdrag av album, men dei er mest der for å illustrere. I staden får vi skisser, bakgrunnsmateriale, design av karakterar, steder og utstyr og mange illustrasjoner som viser høgdepunkta i det visuelle uttrykket til serien.
Monografiar over serieskaparar og verk er ikkje noko nytt, men det er ein genre som vert meir og meir reindyrka til flotte coffee-table bøker. Dupuis, som teikneserien er noko inspirert av, har til dømes gitt ut ein serie med monografiar i samarbeid med forlaget Champak, “Un Vie en Dessin” der ein finner serieskaparar som Walthery, Batem, Tome & Janry, Challand, Dodier, Henriot etc. Dei fleste av desse har fordelen av at der er mange fleire album og serier å vise til, og ein lengre karriere med kun teikneseriar, men eg tør likevel påstå at i design, innhald og visuell fylde så står denne monografien seg veldig godt i samanlikninga.
Så viss ein er interessert i å vite meir om K&K-serieskaparane, korleis dei arbeider , og vil beundre handverket bak serien så er dette absolutt ei flott bok å få med seg. Ein kan berre å håpe at vi etterkvart får liknande djupdykk i arkiva til andre av våre fremste serieskaparar.
Krüger & Krogh åpner arkivet
Av Bjarte Agdestein, Roland Kabíček og Endre Skandfer med intervjuer Øyvind Holen.
208 Sider
499 kr.
Strand Forlag












