Framleis nordisk manga-dominans

Framhaldsseriar i langa banar, bind 2, 3, 4 eller 5 av det aller meste, men nokre titlar er også heilt nye og aleineståande. Serienett prøver oppsummere kva som kjem av teikneseriar frå midtvinter til vår 2024.  

Januar
Ute allereie nå er ein ny romcom-fantasy, Arden High: Hva dere vil av Molly Horton Booth, Stephanie Kate Strohm og Jamie Green. Vigmostad & Bjørke gir ut denne. Kjærlighetssorg er tittelen på andre boka i serien Forelska? av BeKa, og den kjem frå Fontini den 8. Ein annan fransk-belgisk serie som held fram med andre bindet i januar er Zora – Det forbudte biblioteket av Judith Peignen. Denne kjem frå Vigmostad & Bjørke den 11.

Midt i januar er det trongt om plassen. Minuskel kjem med Aya fra Yopougon – 7 av Marguerite Abouet og Clément Oubrerie. Bonnier Norsk Forlag satsar tungt på barneseriar med Den usynlige gutten av Doogie Horner, hybridserien Den siste gjengen på jorda og den kosmiske trusselen av Max Brallier, og Løven av Frederic Brremaud (ja, stavast med dobbel r). Tredje samlinga til Maren Uthaug, Mor og barn, er ute frå Strand den 16.

Soluna

15 januar er det klart for storinnrykk frå Egmont! Tre NME-nyheiter på ein gong, og alle er heilt nye titlar: Fritt Fall av Emily Sørensen, Soluna 1 – Tvillingene av Camilla Dahlstrøm, og Jenter (sjå forsidebilete) av Cathrine Sandmæl. Også same dagen kjem Pote-gjengen får seg en overraskelse av Nathan Fairbarn på Fontini. Men om ikkje den kan konkurrere med Egmont om merksemd, så kan kanskje Max Manus – En tegneserie om en av Norges største motstandshelter det! Dette er Andreas Iversens neste store produksjon, og den kjem ut på Kagge Forlag den 17. For ei teikna forteljing frå andre frontar under andre verdskrigen, sjå ikkje lenger enn til Ugress av Keum Suk Gendry-Kim. Den kjem frå Pax den 25.

Amuletten – Bølgerytteren

Februar
Den første i månaden lanserer Vigmostad & Bjørke ein heilt ny tøyseserie for dei små, Bunny Monkey – Apekatt mot harepus av Jamie Smart. Februar er vanlegvis ein litt meir stille periode for forlagsbransjen, men éin teikneserie kan du nok rekne med å sjå på bestseljarlistene denne månaden. Etter at norske forlag i årevis har avertert med at den og den tittelen er «perfekt for fans av Amuletten», kjem endeleg ei bok som ER perfekt for fans av Amuletten, nemleg eit nytt bind i serien Amuletten! Bølgerytteren av Kazu Kibuish kjem frå Fontini den 6.

Egmont gir ut Norsk Donald vol. 10 den 2. Elles kjem to norske framhaldstitlar denne månaden, Mørkalven 3 (Egmont) av Helen Kaldheim og Atmosfærebarna 2 – Bølgerytteren (Gyldendal) av Nicolai Houm og Luis Guaragna, den 6. Outland held fram med to manga-titlar: One Piece: Nymåne av Eichiiro Oda og Pokémon-eventyrene – Del 3, Gold, Silver & Crystal. Begge den 9. Bonniers prestisjesatsing for februar (ubestemt dato) er Neverlanders av Tom Taylor og Jon Sommariva. Strand fortsetter Nagel-serien av Sigbjørn Lilleeng med bok to (f.o.m. rebooten), Ingen vei tilbake den 15. Same forlaget gir ut Pondus – Fem rette på nytt den 22. Blacksad 6 – Til slutt faller alt, andre del av Juan Diaz Canales og Juanjo Guarnido kjem frå Egmont på uspesifisert dato i februar.  

Mars
Ganske mange framhaldstitlar er ute denne månaden. 1. mars kjem Solum Bokvennen med andre bindet i serien Elly & Gustav – Minnenenes skog av Ludovic Villain og Celine Deregnaucourt. Småfolkets vokter 4 – I fiendens klør av Véronique Barrau og Carbone og Animorphs 4 – Budskapet Av K.A. Applegate og Michael Grant, kjem begge frå Fontini den 4. Den 11. kjem same forlaget med FRNK (3) har dinosaurer og kannibaler i hælene! av Olivier Bocquet og Brice Cossu. Gyldendal kjem den 7. med Hjertestopper 5 av Alice Oseman, den 10. med Millas dagbøker (2) – Hektors bok av Jori Chamblain, den 15 med Tidenes verste uke – Onsdag av Eva Amores og Matt Cosgrove, og den 18. med Søstrene Gyldenblom 3 av Giovanni Di Gregorio og Alessandro Barbucci. 31. mars held forlaget endeleg fram med Riad Sattoufs Fremtidens Araber VI. Same dagen gir Egmont ut 22. bindet av Sagaen om Thorgal av Yann og Rosinski.

8 mars er Dragon Ball Super 5 av Akira Toriyama og Toyotaro ute frå Outland Forlag. På same datoen kjem forlaget med oppfølgjaren til K. O’Neills Tedrageforbudnet, Tedragefestivalen

Mn nokre heilt nye titlar kjem det. I pappa hode av Mari Moen Holsve og Karoline Grønvik og Stjernenes port av Benedicte Luane Kristensen og Sam Einar Syftestad er endå to heilt nye seriar frå NME. 15. mars er planlagt lanseringsdato for begge. Velkommen til arbeidslivet av Børge Lund er ei Lunch-relatert «handbok» på sida av dei vanlege stripesamlingane, og den er ute den 14. Den kjem frå Strand, som også gir ut ein Hurtigmat-softcover av Marius Henriksen den 22.

I løpet av mars lanserer Bonnier også ein ny serie, Pup Detectives av Felix Gumpaw, med dei to første binda på ein ubestemt dato, saman med vol. 3 av Taynikma (debuterte i fjor), Den hemmelige arenaen/Klanenes kamp av Jan Kjær og Merlin P. Mann. Überpress kjem med tredje og siste bindet av Udugelege Heltar av Markus Pedersen og Lars Erik Helgemo. Frå Ford Forlag kjem Den halve mannen, eit nytt album om Daniel Østvolds eventyrhelt «Baronen».  Same forlaget gir også ut Østvolds teikna biografi om Adolphe Sax i Belgia, på både fransk og nederlandsk (tidlegare utgitt på norsk).

April
Igjen ein typisk stille månad i forlagsbransjen. Men det heilt nye vol. 14 av Alene, Protektorene av Vehlmann og Gazzotti er klar frå Qlturrebus seinast denne månaden. Motstandsbarna 5 – En splittet nasjon av Dugomier og Ers kjem frå same forlaget på omtrent same tida. Subwoolfer 2 – Bestemors hevn av Ben Adams og Martin Aas kjem dagen etter påskeferien, den 2, på Cappelen Damm. På same dato og i omtrent same kategorien kjem Bunny Monkey (2) – Menneskene kommer! frå Vigmostad & Bjørke. Hilo 10 – Katten slår tilbake av Judd Winick er klar frå Vigmostad & Bjørke den 18. Og endeleg kjem det ein ny M-softcover frå Mads Eriksen og Strand den 19. Håndbok for superhelter 9 – En ny venn av Elias og Agnes Våhlund kjem frå Kagge den 25. Det kan også nemnast litt på sida at Cappelen Damm lanserer ein ny lettlestserie som er illustrert av Therese G. Eide, Super-Frank, med historie av Mats Eldøen, den 24. Femte bindet av På fire bein, Bang! av Berenika Kołomycka kjem frå Andersens Forlag i april eller mai.

Mai
Cappelen Damm har nokre nye satsingar for barn og ungdom i mai. Den eine er teikneserieversjonen av bokserien/franchisen Sweet Valley High, Sweet Valley Twins – Bestevenner av Nicole Andelfinger og Claudia Aguirre, ut den 15. Den andre er Barry Loser – En ekte vinner av Jim Smith, som debuterer den. 20. Men før det er Outland Forlag ute med tredje bindet i Heksegutten-serien, Midtvintersheksa av Molly Knox Ostertag. Den blir lansert den 5. Den 6. gir Fontini ut tredje bindet i serien Lightfall av Tim Probert, Mørketiden. Den 20. er det allereie klart for andre bindet av Super-Frank. Ville Poter 3 – Byen av Victor Nordahl og Edelmot 2 av Viktor Sotberg og Odin Helgheim er den fjerde runden med nye bøker frå NME i 2024, og dei kjem på uspesifisert dato i mai. Det gjeld også for det neste Sprint-albumet frå Egmont, og Sort lam av Oliver Levang. Sistnemnte blir gitt ut av Überpress.

Det er ein stadfesta publikasjon frå No Comprendo Press i vår, nemleg biografien om humleforskaren Astrid Løken, Å slåss med varsomme hender av Lene Ask.

Bonniers flaggskiptittel så langt, Avatar, er klar med fjerde bindet på norsk, Barna som forsvant medio mai. Den 23. kjem to bøker frå Strand, Pondus – Eliteserien 25 og Ida Larmos ungdomsmemoarer Oh boy – En klin-kokos dagbok om å være 11. Den siste av fem skatter er tredje bindet i serien om Millas dagbøker, og den kjem på norsk den 27. For ordens skyld, denne serien er tidlegare utgjeven på norsk under tittelen Kikkis krim.

Strand lover også nye softcovers med Hjalmar og Storefri i juni.


Denne lista er basert på førebels informasjon frå forlaga. Artikkelen kan bli oppdatert. Med førehald om endringar, sjølvsagt. Periodika er ikkje tatt med.

8.1. Oppdatert med informasjon frå No Comprendo Press og Ford.

1 tanke om “Framleis nordisk manga-dominans

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *