Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

DEN PRAGMATISKE FORTELJAREN (11.10.14 )

Serienett har snakka med Jean van Hamme.

Av: Trond Sätre

Som hovudgjest på Festiwal Komiksu i Gier i Lodz (tidlegare omtala her) er belgiske Jean van Hamme ein travel mann. Men Serienett fekk drøyt femten minutt med mannen som blir reikna for å vere ein av dei største, nålevande teikneserieskaparane innan den fransk-belgiske tradisjonen. I Norge er han kjent for Thorgal, Kodenavn XIII og Largo Winch. Kordan er arbeidsprosessen din, begynner eg med å spørre om.

Eg gjer eit manus frå begynnelse til slutt, og eg gjer ikkje noko anna, forklarer han. I hovudet mitt ser eg for meg teiknarens illustrasjonar, Nokon gonger går kjem ideen som dette, seier han og knipser, andre gongar tek det femten dagar. Så det gjer planlegginga vanskeleg, sjølvsagt.

Når eg spør han kva han gjere for research, svarer han først «ingenting». Så eg trekker fram Thorgal som eit eksempel, og han svarer: – Eg studerte det ikkje, eg kjente det. Sjølvsagt leste eg nokre bøker om vikingar og nordisk mytologi. Det gir meg ingen spesifikke idear, det er bare bakgrunnen for historien. Så det er ikkje snakk om nokon spesifikk research for eitt album, det er den generelle atmosfæren. Thorgal krever ikkje spesifikk dokumentasjon.


Ein kort periode hadde Thorgal eigen albumserie på norsk under namnet Torgeir Ægirsson

Van Hamme skriver historiane sjølv, vanlegvis utan innspel frå teiknaren. I det lengste sender han eit samandrag til teiknaren. Men i når det gjelder seriar lagt til moderne tid meiner han at dei kan begynne kor som helst i verda. Då let han ofte teiknaren velje åstaden basert på kva teiknaren kjenner til, eller kor han har lyst til å reise for å skape seg eit mest mulig nøyaktig bilde av staden. For eksempel blei London settingen for ein Largo Winch-historie fordi teiknar Philippe Francq valde seg denne – Ein annan gong inkluderte han nobelprisen i ei historie fordi teiknaren ville bruke Stockholm.


Largo Winch fekk bare eitt eige album på norsk

Ved sida av teikneseriar har Van Hamme også skrive manus til film, og tv-seriar – Mellom anna Rani, som igjen blei gjort til teikneserie av Alcante (forfattar) og Francis Vallès (teikningar). Men for øvrig har det hendt fleire gonger at van Hammes seriar er filma, som Largo Winch (ein tv-film og tv-serie, to kinofilmar) XIII (tv-serie), Die Bluthochzeit (basert på albumet Lune de Guerre, kinofilm) og Les Mâitres de l’Orge (tv-serie). Van Hamme var involvert i Les Mâitres de l’Orge, der han skrev manus også til tv-serien. Og han var litt involvert i kinofilmproduksjonen av Largo Winch, men ikkje i tv-produksjonen av same serien. – Viss eg ikkje er involvert, så liker eg det eller eg liker det ikkje, seier han ganske enkelt. Men han har ikkje problem med at seriane hans blir filmatisert. Rett nok gir han ikkje inntrykk av å ha likt tv-serien Largo Winch noko særleg, men bryr seg ikkje så mykje om det. – Eg tek pengane og lukker munnen.

Eg forklarer han kordan seriane hans som oftast blir trykka i Norge: I lite format og (i tilfellet med dei seriane som står på trykk i Agent X9) også i svart-kvitt. Synes han at eit slikt format øver seriane hans rettferd?


Agent X9 har vore viktig for å gjere Jean van Hamme sine seriar tilgjengelge på norsk.

Eg veit ingen ting om markedet i Norge, og trur ikkje eg har motteke nokre eksemplar, svarer han. – Eg ba ikkje om nokre eksemplar ein gong. Viss dette er formatet som passer det norske publikummet, så bryr eg meg eigentleg ikkje så mykje om det. Eg bryr meg om historiene eg skriver, og eg bryr meg eigentleg ikkje om kordan dei blir utgjevne i Vietnam eller Brasil eller Norge eller kor som helst. Eg ba om eksemplarer då eg budde nær den europeiske skolen i Brussel, men nå gjer eg ikkje det lenger. Eg er ikkje interessert i å ha ein masse eksemplarer på engelsk eller portugisisk, eller…det er ikkje min sak.

Då eg spør om mulege kontroversar svarer Van Hamme at han føler ikkje at seriane hans har vore oppfatta som kontroversielle på noko vis. Men kanskje det kjem til å skje etter publikasjonen av neste Largo Winch-album, der salafistbevegelsen er involvert. Kanskje får eg ein fatwa på meg, seier han lakonisk – Vi får se.

Du har skrive teikneseriar i mange ulike genrar, begynner eg, og oppdagar at eg har litt problem med å finne rette uttalen av «genre». Når vi får klart opp det, fortsetter eg: Er det nokre genrar du synes det er meir tilfredsstillande, eller interessante, å jobbe med?

Det er som ein brytar, begynner han. – Når eg begynner å skrive Thorgal skriver eg frå begynnelse til slutt, og eg gjer bare det, ingen ting anna på sida. Eg trykker på Thorgal-knappen, eg ser for meg Rosinski sine teikningar, og eg fullstendig i Thorgal-atmosfæren. Når det er ferdig og sendt til teiknar og forleggar, tek eg eit par dagar for å ordne opp i ting. Og så (lager klikkelyd) begynner eg på XIII. Eg skifter til XIII-delen av hjernen min, eg ser for meg [XIII-teiknar William] Vance sine teikningar, eg er fullstendig i XIII-atmosfæren, og så vidare. Viss du ikkje fokuserer som manusforfattar, men skriv tre sider av det, fire sider av det og fem sider av det, er du ikkje på innsida. Eg er fullstendig på innsida, eg søv med det, vaknar opp med det og bærer på det heile dagen. Når du går på kino for å se ein westernfilm, etter ti minutt har du eit westernsinn. Når du ser ein science fiction er du, viss filmen er god, automatisk i ei science fiction-atmosfære. Eg gjer det same utan film. Viss eg vil ha eit Thorgal-sinn tilpassar eg hjernen min, ser for meg størrelsen på teikningane og sideoppsettet.

Som ein av dei verkelege veteranane i fransk-belgiske seriar, kva svarer han når aspirerande forfattarar spør kordan dei kan blir store innan teikneseriar?

For det første: imiter manusforfattarar som du liker. Imitasjonen er ein arbeidsmåte, ein oppbyggingsmåte, forklarer han. – Til å begynne med, bare imiter. Viss det fungerer for deg kan du skape din eigen stil, men du startar med å imitere. Ikkje les nokon manual om kordan du lager teikneseriar, det er berre dumheiter. Du må finne ut av det sjølv; å imitere noko er kordan du bygger opp historia, bare imiter – Med dine eigne idear, sjølvsagt. Eg snakkar berre om oppbygginga her. Eg kan ikkje gi råd om kordan du finner idear, dessverre det er ikkje noko du kan lære. Eg møter produsentar og komikarar som seier: Eg har ein god ide som eg vil at du skal hjelpe meg med å realisere. Så viser det seg at ideen er dum, men det kan vere vanskeleg å forklare han det, så eg seier bare: Dessverre, eg har ikkje tid. Det er som med skjønnheit; oppfatninga av kva som er skjønnheit er veldig ulikt frå ein person til ein annan. Du er på ein moderne kunstutstilling. Nokon vil finn den ekstraordinært vakker, andre vil finne den stygg. Så du kan ikkje lære kva som er ein god ide. Men du kan lære kordan ein bygger opp ein historie.

divider
  1. Interessant og (innimellom) ganske så morsomt intervju! :D En ting jeg har lurt litt på er nøyaktig hvorfor Van Hamme sluttet å skrive Thorgal for noen år siden. Finner det litt morsomt at han snakker om Thorgal-prosessen i presens, som han gjør med XIII. Men jeg regner med at dette sikkert er godt dokumentert rundtomkring på nettet hvis man leter litt.


    Marius Hestness    11. October 2014, 22:46    #
  2. Kudos til redaktøren av Serienett som tek seg fram til store serieskaparar for eit (kort) intervju.

    Sjøl om kanskje det som vert sagt har vorte sagt 100 gonger før er det likevel viktig at Noregs leiande serieskrift på nett får eigne intervju som ein del av porteføljen.

    Redaktøren vert herved oppfordra til å gjere fleire slike!

    Eigentleg er det rart at store serieskaparar som kjem her til landet stort sett vert ignorert av seriepressa i høve til intervju og samtalar. At mainstreampressa gir fan i alt som ikkje passar deskoppslag er me vande med, men lengre intervju med store (og viktige) serieskaparar som vitjar landet har eg sakna.

    Eg nemner i fleng Nina Bunjevac, Paul Pope, Peter Bagge, Thomas Yeates, Emily Carroll, Lucie Lomová, Terhi Ekebom, Howard Chaykin, Gail Simone etc., etc.

    Kan godt hende at nokon har prata med nokre av desse på ei festival- eller kommentarside, men solide intervju, der serieskaparen sit ein times tid for ein god samtale, saknar eg i pressa. Intervjua og presentasjonane på festivalscena vert ofte overfladiske og heseblesande – ein pressesamtale gjer rom og tid for å gå inn i spørsmåla på ein heilt annan måte.

    Og om ein travel redaktør ikkje har tid, så er eg viss på at gode hjelparar her på Serienett med glede hadde stilt opp for å gjere eit slikt intervju – eg nemner i fleng Knut Robert Knutsen, meg sjøl, Marius Hestness etc. etc.


    Arild Wærness    12. October 2014, 11:41    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)