Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

GLIMT FRÅ GRATISBUNKEN ( 6.05.16 )

Også i år tek Outland-butikkane del i Free Comic Book Day (FCBD) på Teikneseriens Dag. Vi gir deg nokre gode tips.

Av: Trond Sätre

Teikneseriens Dag, som vert markert den første laurdagen i mai kvart år, vart innstifta i 2001 for å promotere teikneseriar i amerikanske butikkar. Etter kvart vart dette også ein del av programmet for Teikneseriens Dag i Norge, då Outland begynte å ta inn dei same blada. Spede forsøk er også gjort med norske publikasjonar i anledning denne dagen.

Gratisblader er lette å plukke opp, men gidder du alltid å lese alt det du tek med deg? Er dei alltid verdt å lese? Ja, Ein stor del av blada er reine «sample-hefte». Mange forleggarar kjem bare med eit hefte kvart år, der dei prøver å presse inn smakebitar frå så mange av seriane sine som mogeleg på 32 sider (inkl. annonser). Dermed blir det mest av alt som å sjå eit trailershow. Dessutan vart talet på hefte redusert i fjor, for å unngå metting (frå 70 i 2014 til 50 i år og i fjor), så det er berre mindre plass til å breie seg. Utskeiingar av typen pakke med fem separate blader, som Red Giant Entertainment tilbaud i 2014, er det ikkje lenger plass til. Sjølv hefte som frontar ein bestemt serie viser seg ofte å dele plassen 50-50 med minst ein annan, kanskje mindre interessant serie.

På førehand vere vanskeleg å skilje mellom gull og gråstein, mellom interessant og irrelevant, og mellom sampler og fullgode seriehefte. Men her er nokre av titlane som Serienett vil anbefale at du ikkje berre plukkar med deg i morgon, men også, av ulike grunnar, tek deg tid til faktisk å lese:


Archie (Archie Comics)
Mark Waid og Fiona Staples’moderniserte utgåve av Archies univers, med meir vekt på drama og realisme, univers vart godt motteke då den debuterte i fjor. På FBCD kan du få eit gratis utgåve av det første nummeret

Les meir:
Archie rekonstruert


Camp Midnight (Image)
Ny grafisk roman Steven T. Seagle av Jason Adam Katzenstein som kom ut førre veke. På FCBD kan du lese innleiinga. Hovudelementa er ei rebelsk ung jente, ei skummel stemor, og ein leirskule for monster. Katzenstein leverer spenstige, stiliserte teikningar i underground-stil til dette lett Burton-inspirerte brevet frå leier’n.


Civil War II (Marvel)
Marvel og DC sine store sommar-crossovers viser seg alt for ofte å vere oppskrytte saker, og både tittel og cover på denne tyder på eit litt for kalkulert forsøk på å skape synergi med nåverande og kommande filmar. Uansett er det likevel greitt å vite litt om kva det går i, og dessutan er backuphistorien av Mark Waid og Alan Davis, to serieskaparar som alltid er verdt å sjekke ut.


Suicide Squad (DC)
Suicide Squad har ikkje tradisjonelt vore blant DC Comics’ storseljarar, men med tanke på den kommande filmen seier det seg sjølv kva forlaget satsar på til FCBD. Særleg ettersom lufta alt har gått ut av Batman v. Superman-fenomenet. Ikkje nytt materiale, diverre, dette heftet er eit opptrykk av New 52 Suicide Squad # 1 frå 2011, men ein grei plass å begynne.


Grant Morrison’s Avatarex, Destroyer of Darkness (Graphic India Pte. Ltd.)
Sjølv om ikkje alt Grant Morrison skriver er gull, er han stadig ein av dei smartaste og mest originale manusforfattarane i bransjen. Både konsept, design og tittel tyder på ambisiøs sci-fi/superheltaction med eit retro tilsnitt. Og retro er ein av Morrisons sterke sider, jamfør -«All Star Superman».


Dream Jumper (Graphix)
Ein visuelt sterkt førsteinntrykk og eit passe originalt konsept gjer denne småskumle barneserien verdt å sjå nærare på. Ben kan gå inn i andre folks draumar, og sjølvsagt er det ein skjebnens meining med det, og ei lang og farleg draumereise venter vår helt.


Hilda and the Stone Forest (Nobrow Press)
Dette sampleheftet er verdt å få med seg fordi den inneheld ein heilt ny historie om Hilda – ein internasjonal suksess, og ein stemningsfull og intelligent barneserie som diverre ennå ikkje er omsett til norsk, tross i den tydelege inspirasjonen frå norsk landskap og folketru.

Les meir:
Hilda fra berget


Junior Braves of the Apocalypse (Oni Press)
Lumberjanes møter Walking Dead? Konseptet speidarar som kjemper mot zombiar kan verke som eit bevisst forsøk på å kombinere desse to populære teikneseriane, men dei tidlegaste preview’ene tyder på at serien prøver å finne si eiga identitet, og er villig til å ta konseptet på alvor.


Mooncop: A Tom Gauld sampler (Drawn and Quarterly)
Skotske Tom Gauld fekk norske lesarar høve til å å stifte nærare kjennskap med ved utgjevinga av Goliat i 2014. La deg ikkje lure av mannens tendens til å teikne tilnærma pinnefigurar; Gauld er ein allsidig serieskapar og humorist med ein godt utvikla sans for satire. Dette heftet gir oss eit utval av seriane hans.

Les meir:
Den stillfarne kjempa


The Phantom: 80th Anniversary Special (Hermes Press)
Om du mot formoding ikkje visste det frå før, så framgår det av tittelen på dette heftet at Fantomet har 80 års jubileum i år. I samband med dette har Hermes Press sett saman ein FCBD-spesial med fire historiar frå Fantomets periode på Charlton Comics (1969-1977). Inneheld materiale frå klassiske teiknarar som Jim Aparo og Don Newton.


Stan Lee’s The Unknowns/Howard Lovecraft (Arcana Studio)
Har Stan Lee blitt så gamal at han vil ha midtlivskrisa si om igjen? Eller vil han berre ha ein siste sjanse til å skape ein ny franchise etter det fatale Stan Lee Media-prosjektet? Uansett så debuterer hans nyaste serie på FCBD, og det blir knapt meir «high concept» enn dette: To tenåringar allierer seg med vennlegsinna romvesen som poserer som eit rockeband mens dei prøver å stanse ei gruppe med litt slemmare romvesen. Også inkludert er ein smakebit på teikneserien basert på den kommande animasjonsfilmen «Howard Lovecraft & The Frozen Kingdom».


The Stuff of Legends (Th3rd World Studios)
Ein av dei mest episke “levande leiketøy”-seriane, og definitivt den vakrast teikna av dei. Dette heftet kjem til å innehalde både begynnelsen på ein ny historie og, til glede for nye lesarar, den aller første historien.

Hefta er tilgjengelege på alle Outland-butikkar den 7. mai. I samband med COMNICON vert dei også delte ut på Sølvberget kulturhus i Stavanger. Viss du ikkje bur i nærleiken av ein Outland, kan du laste ned hefta gratis på Comixology.

divider
  1. Takk for gode tips.
    Fikk i hvert fall fatt i et par av disse (Archie og Camp Midnight), i tillegg til LOVE AND ROCKETS, MARCH (av John Lewis, Andrew Aydin og Nate Powell, utdrag fra de tre March-bøkene), ROM, SPONGEBOB og SANJAY AND CRAIG.
    En pen blanding for barn og voksne. Regner med å lese (nesten) alle titlene.


    Jostein Hansen    9. May 2016, 07:43    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)