
Ingeniør Knut Berg blir gjenfødd for tredje gongen. Serienett gir deg den aller første kikken på omslaget til årets julehefte.
Ingeniør Knut Berg på Eventyr (som er den fulle originaltittelen) blei først gongen publisert i Nynorsk Vekeblad i 1941. Serien var inspirert av amerikanske eventyrseriar, etter kvart meir og meir av science fiction og space opera som «Lyn Gordon» og «Tom Trick». Den gjekk som føljetong i vekebladet, og blei publisert som julehefte frå 1943 (med avbrot i 1944) til 1960, på Fonna Forlag. Forfattar var Hallvard Sandnes alias Vigleik Vikli, og teiknar var Jostein Ragnvald Øvrelid, alias Ronald Stone.
Frå 2007 til 2009 gjorde Fonna eit forsøk på å modernisere serien med nye historier forfatta av sjølvaste Bing & Bringsværd, og teikna av Knut Westad, før dei gjekk tilbake til Vikli/Stone-reprisar frå 2010. I 2022 overtok Øyvind Lauvdahl serien, og ga den eit nyklassisk preg i kontrast til den meir moderne B&B/Westad-inkarnasjonen. Lauvdahls julehefte-trilogi frå 2022 til 2024 blei godt motteke, men så trakk han seg. Fonna ga då serien vidare til ein ny auteur, Øystein Runde. Spekulasjonane har gått høgt om kva Runde ville gjere med serien, men både han og forlaget har vore diskrete. Nå kan vi endeleg avsløre forsida på årets hefte:

(Klikk for å forstørre)
Fleire detaljar er gjenkjennelege frå tidlegare hefte, som logoen og retro-teiknesstilen. Det golde romlandskapet er også ganske typisk for Knut Berg-serien, men strek og fargar er flatare enn på Lauvdahl si tid. Litt uvanleg er det også med ekstra tekst på omslaget, men ikkje heilt uprøvd; B&B/Westad hadde slik på to av sine tre hefter1 . Men at teksten prøver å engasjere publikum meir direkte er nytt for dette heftet, sjølv om det er ein klassisk taktikk for å gjere lesaren nysgjerrig. Rutinerte lesarar vil vite at Tala er ein tibetansk munk, og ein av Knut Bergs allierte, men konteksten er elles førebels ukjent for oss. Den avbilda episoden baserer seg moglegvis på ein teori om at det finst eit tidspunkt ved daggry der Merkur ikkje er for kald eller for varm. Planeten har ein makstemperatur på 430 plussgrader om dagen, og ein minimumstemperatur på 180 minusgrader om natta2.
Vi har ennå ikkje fått ein kikk på ferdige sider frå innmaten av heftet, men teiknestil og design tyder på ei nyklassisk tilnærming, om enn kanskje av ein anna slag enn Øyvind Lauvdahls.






