
Fantomet er ei superheltmyte som fungerer i Norge, seier Arild Wærness. I vekas podkast ser vi på figuren i fortid og nåtid.
Fotografi av Trond Sätre
I samband med lanseringa av eit nytt periodisk Fantomet-hefte (kalla Fantomet Spesial av Egmont) ser Arild Wærness (avbilda) og Kristian Hellesund både på dette, og på sitt forhold til Fantomet generelt.
Bladet blei nedlagt på slutten av 2018, og har sidan fått sporadiske årshefter. Dette er eit noko meir seriøst forsøk på å gi ut Fantomet regelmessig på norsk igjen.
Innhaldet i det nye heftet er ei blanding av repriser frå 80-talet og ganske nye historier frå «Team Fantomen», som er fellesnemninga for serieskaparar knyta til det svenske Fantomet-bladet. Panelet etterlyser meir nytt (eller i alle fall tidlegare uugitt på norsk) stoff og nyare amerikanske avis-historier. Dei etterlyser også betre PR og distribusjon for det nye heftet.
Dessutan kjem dei inn på «Fantomets Masker», ein Fantomet-historie som blei forfatta av Arild med Knut Robert Knutsen, og som, med Gunnar Staalesens godkjenning, var ein crossover med Varg Veum. I fjor blei historia publisert både i Sverige og Australia (to av dei aller viktigaste marknadene for Fantomet), med moglegheit for publisering i USA neste år.






