Som eit superheltklimaks

Eit klimaks lik ein superheltfilm, med action, dramatiske avsløringar, mange slåsskampar, kule dragar og ein lukkeleg slutt? Siste kapittel av «Dragens øye» er her.

«Beseiret» plukkar opp tråden der «Knust», førre bind i «Dragens øye»-serien slutta, så anmeldinga kan ha innhaldsavsløringar for bind 5.

Lyra har fått tak i gullkransen ho jakta på, og dei andre, med Kha og Ranja i spissen, prøvar å stoppe henne. Her er det jaktscenar med flygande dragar, slåsskampar med både magi og sverdkamp og ein høgdramatisk finale på ei svært vakkert teikna skeiv kjærleikshistorie.

Gjennomgåande er det mykje handling i finalen – Store konfrontasjonar, kjærleik, gjensyn med gamle kjenningar og mange dramatiske avsløringar. «Beseiret» held høgt tempo; ein slåsskamp raskt flyttar seg frå stad til stad, og Kha og Lyra, som hele konflikten starta med, måler krefter mot kvarandre.

Gjennom heile serien har dragane vore eit høgdepunkt for meg, og eg blir ikkje skuffa i «Beseiret». For det er ein kunst å teikne dragar, og i den kunsten briljerer Cha Sandmæl som få andre. Drageformane til Ranja, Asta og Lyra er utnytta til fulle i dramatiske jaktscener, som demonstrasjonar på styrke og makt, og ved generelt å berre vere kule. Og rett før det avgjerande slaget kjem sjølvsagt Kha inn, ridande på ryggen til Ranja i drageform.

Grafisk er det mykje kreativ utvikling å spore. Illustrasjonane flyt saumlaust frå den ein ruta til den andre, og det er mykje meir action i teikningane. «Dragens øye» frå første bind i 2021 til nå er ei reise i ein teikneserieskapars modning. Der dei første bøkene hadde flatare fargar og mindre skuggelegging, flaumar det siste bindet over av ulike fargenyansar, skuggar og detaljrike bakgrunnar.

Det er noko særskilt truverdig og intenst innlevande med å sjå Kha og Lyra kjempe mot kvarandre her. Slåsskampane er ikkje rein action og mange lydord, slik som i til dømes «Ragnarok»-serien, rørslene flyt meir. Og når Bjarki konfronterer Lyra er det nesten som ein elegant dans.

Eg røper vel ikkje for mykje når eg fortel at kjærleiken mellom Ranja og Kha lyser opp frå teikneserien, også i finalen? Dei er eit par som veit kva dei vil og er trygge på kvarandre. Og ja, det er viktig at det er eit skeivt par denne historia handlar om, men samtidig er historia om kjærleik universell og noko alle bør lese, uavhengig av legning.

Fargetablået er ganske likt frå dei føregåande binda, med maleriske fjell og himlar, den varme raudfargen på Ranjas drageform, mørke omgjevnadar under bakken og eit glinsande lillaskjær over heile teikneserien. Men sjølv på dette tidspunktet innfører Sandmæl ein ny farge ein lysande neongrøn ein som gir eit ekstra skjær av dramatikk og spenning over det heile. Denne er til stades allereie på framsida, bak dei lysande auga på toppen av sida.

Å anmelde siste bindet i ein serie er ein slags balansekunst. På den ein eine sida skal ein omtale sjølve bindet og fokusere mest på det, samtidig skal dei siste puslespelbitane falle på plass og ein har ei ferdig historie. Eg synes serien klarer bra; det er ingen store uløyste gåter igjen. Eventyret er verkeleg fullenda, sjølv om det er mogeleg å førestille seg framtidige historier.  

«Dragens øye» er og har vore banebrytande på mange måtar. Kha er teikneserie-Noregs første ikkje-binære hovudperson, det er den første fantasyteikneserien med skeiv kjærleikshistorie, og serien er laga av ein norsk ikkje-binær serieskapar.

Med tanke på den vegen verda går i for tida, (i feil retning vil mange meine), blir teikneseriar som Dragens øye berre viktigare og meir nødvendig. Eg håper å sjå fleire serieskaparar som vågar å utfordre viktige tema gjennom teikneseriemediet – Som kjønn, seksuell legning og andre tema som nokon meiner ikkje passar.

Nå som serien er samla, viser det seg til og med at ryggane på dei seks bøkene dannar regnbogeflagget. Sjå sjølv!

I bunn og grunn er dette ei skeiv kjærleikshistorie og det var verkeleg på tide. Det skadar heller ikkje at den har dragar, dramatikk og eit sterkt persongalleri. Kva meir kan ein ønskje seg?


Dagens øye 6 – Beseiret
Av Cha Sandmæl
Etterord av forfattaren
150 sider
339 kr.
TNT/Bonnier

Ryggfotografi av Anne Elisabeth kaldhol

Les om heile serien her

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *