Coveravsløring: Nordlys 7

Er Sonja tilbake i Jotundalen ennå? Serienett gir deg første kikken på forsida til neste Nordlys-boka, «Harukkas ønske».

Etter bok 6, «Portaltreet del 2» tok Nordlys-serien ein midlertidig stopp frå og med 2023. Så lenge har ikkje Malin Falch dryga med ei bok sidan ho begynte på Nordlys-sagaen, så det knytar seg ekstra store forventingar til sjuande boka, «Harukkas ønske».

For å drøfte coveret og den kommande boka er det nødvendig å komme inn på ein spoiler frå «Portaltreet del 2» (Pd2). Viss du ikkje har lest den boka, men har planar om å gjere det, er du advart.

Aller først kan vi slå fast at denne boka har eit enklare og meir harmonisk coverdesign enn dei fleste bøkene i serien. Berre to figurar, ingen av dei verkar redde, sinte eller engstelege, og ingen dramatiske situasjonar er å sjå. Dei to figurane er Sonja (midten) og Lotta (ovanfor). Begge er blitt synleg eldre. Dette fordi Sonja vendte heim til vår verd på slutten av Pd2, og var her i fire år før ho fann ein veg attende til Jotundalen.

Men er ho i Jotundalen ennå? Sonja er kledd og utstyrt nøyaktig som i epilogen til Pd2, då ho drog ut for å finne Portaltreet i fjellheimen. Det steinute bakkelandskapet stemmer overens med landskapet som Sonja vandra gjennom på denne turen. Huset på høgre side er familiegarden til Sonja, heime i Røros.

Ser ein nærmare mot venstre, er ikkje alt like harmonisk som ein først kunne få inntrykk av. Kvifor har nokon begynt å hogge ned skogen? Og er denne avskoginga i vår verd, eller i Jotundalen?  Moglegvis er det meint å illustrere ein kontrast mellom dei to verdane, for i bakgrunnen veks ein stor og frodig skog som går over i høgfjell og ein himmel full av nordlys.

Lotta sitt tydelege nærvær på omslaget er heilt i tråd med tittelen. Harukka er ein av Kråkesøstrene, og skjebnen hennar er nært knyta til Lotta. Meir skal eg ikkje røpe her, men den som har følgd med kan gjette, åleine frå Harukkas namn i tittelen, kva som er på gang her.

KONKLUSJON: Omslaget på «Harukkas ønske» røper eigentleg lite anna enn at Lotta kjem til å spele ei nøkkelrolle. At Sonja spelar ein hovudrolle er jo ikkje noko nytt, og at ho har gått frå ein tenåring til ei ung dame visste alle trufaste lesarar på førehand. Bortsett frå det har omslagsmotivet berre større og meir generelle spor i landskapet som kan hinta vagt om handlinga.

Eg liker å tru at Malin Falch ganske enkelt har prøvd å halde korta ekstra tett til brystet denne gongen.

«Nordlys – Harukkas ønske» kjem den 26. august.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *