Nemi mister svenske aviser

Leser redaktører eigentleg sine eigne aviser?  Fredag 11.mars publiserte diverse svenske aviser i NTM-konsernet ei Nemi-stripe som var kritisk til jakt på raudlista ulv.

Deretter kom beskjeden: Nei, ingen aviser i konsernet kom til å føre serien lenger, då dei har eit prinsipielt (fnis!) standpunkt om å ikkje ha politikk på teikneseriesida.

Det er greitt nok om ein har det som prinsipp. Aviser og konsern skal sjølvsagt ha den redaksjonelle fridomen , viktig for ytringsfridom generelt, til å bestemme sjølv kva som skal stå på sine sider, og kva politiske ytringer ein skal gå god for. 

Problemet er at det høyrast så hult ut.

Kvifor vart ikkje avgjerda då teken FØR «ulvestripa» vart publisert?

Stripa hadde eit tydeleg standpunkt som knyttar seg til politiske spørsmål og avgjerder. Ein våken redaktør som faktisk las igjennom det som vart sett på trykk, ville ha sett dette med ein gong, ha vore klar over konsernet si prinsipielle redaksjonelle linje på underhaldningsstoff og sagt «Stopp pressen!» eller noko liknande melodramatisk.

Kvifor kjøpte konsernet i det heile inn Nemi-stripa til sine aviser?

Lise Myhre har halde på som stripeteiknar i 25 år og har i denne perioden vore veldig tydeleg på mange kontroversielle politiske saker innan dyrevern, som sin motstand mot Ulvejakt. Dette har vore eit tema i hennar striper og i lengre episoder trykt i bladene, lenge før det svenske mediekonsernet kjøpte inn serien til sine svenske aviser. Det har lenge vore kjend at stripa sin tematikk, inkludert slike tema som dyrevern, har vore ein del av serien sin appell.

Nemi som karakter har tendens til å vere rabulist. Serien får ofte kritikk for å vere både «kommersiell» og «teknisk svak», og etter mi meining så er denne typen kritikk berre teikn på at ein ikkje har forstått kva serien er, eller kvifor den er populær.

Nemi er «punk». Bokstaveleg tala. Det er ein typisk «small press» serie som tilfeldigvis vart ein knall-suksess. Sjølv om Lise Myhre har utvikla seg kraftig som teiknar og forteljar sidan starten, så har «teknisk dyktigheit» aldri hatt noko med suksessen eller appellen til serien å gjere.  Det handlar om intensiteten i uttrykket, dei rabulistiske episodane, dei sterke kjenslene for alt frå populærkultur til dyrevern.

Å klage over det tekniske er som å klage over at Johnny Rotten, Willie Nelson eller Bob Dylan synger surt.

Ingen. Bryr. Seg. 

Derfor verkar NTM si grunngjeving ekstra hul. Nettopp politikken og meiningsytringa i Nemi gjorde serien populær og attraktiv for dei lesarane som NTM-konsernet prøvde å tiltrekke seg ved å føre den.

Ein skal ikkje få meg til å tru at dei ikkje har demografiske vurderingar bak sine innkjøp av underhaldningsmateriale.

Det er difor ein må spørje seg: Bryr avisredaksjonane seg så lite om innhaldet i teikneseriane dei trykker at dei ikkje veit kva som er der før nokon lesar klagar på dei? Dei sjekker ikkje eingong før dei kjøper dei inn? Og så går dei utifrå at seriane er upolitiske? I Sverige, av alle stader?

Svenskane som vi får inn i norske teikneseriehefter er ofte meir politiske enn gjennomsnittet av stripeserier her i Noreg, og likevel så trur eit mediekonsern som liksom skal ha LITT peiling på kva som føregår i Sverige at ein kan vente at teikneserier er upolitiske?

Avgjerda til NTM-konsernet er uforståeleg. Ikkje fordi dei ikkje har rett  til å halde ei upolitisk/apolitisk linje på teikneseriesidene, men fordi ingen oppegåande bladfyk ville ha sluppe noko inn i ei avis utan å lese det først.

No er ikkje svenskane åleine om det. I 2004 var der ein kontrovers kring Sindre Goksøyr sin Stripeserie «Mor»,  som gjekk i Bergens Tidende. Også der viste det seg at serieskaparane leverte striper som redaksjonen ikkje las igjennom før det gjekk i trykk og så reagerte med kansellering i etterkant.

Uansett kva ein meiner om innhaldet i ein serie; viss ei avis har ei redaksjonell linje den følgjer, så bør ein følgje den opp før ein utgir. Ikkje gå etter serieskaparane i ettertid som om dei har gjort noko uetterretteleg.

Redaktører bør gjere jobben sin.

Eg var ikkje klar over at den jobben ikkje lenger krever at ein faktisk leser det ein utgir.



Forsidebildet er eit utsnitt av eit kort som Lise Myhe lagde for NOAH. Du kan sjå heile kortet her. Red anm.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *