Holocaust frå eit barneperspektiv

Vi kommer snart hjem igjen er eit sterkt og viktig krigsdokument som bør få mange unge lesarar.

I Susan Sontags bok, Å betrakte andres lidelse, frå 2003 skriv ho om om det naudsynte i å ta inn over seg bilete frå krig og å reflektere over dei. Bileta, seier ho, uttrykker at «Dette er mennesket i stand til å gjøre frivillig, begeistret, selvrettferdig. Ikke glem det», og at «De smertefulle rystende bildene kan bidra til å puste en første livsgnist i en slik refleksjon».

Jessica Bab Bonde og Peter Bergtings teikneserie Vi kommer snart hjem igjen er dessverre skremmande aktuell og bidrar vonleg til ein slik refleksjon hjå lesaren. Boka er i følgje forlaget retta mot lesarar frå 11 år og oppover og handlar nettopp om andre menneske si liding; om krig, flukt og antisemittisme. Ho er sett saman av vitnesbyrd frå seks overlevande frå Holocaust for, som det står i forordet, at lesaren «… skal få mulighet til å forstå og leve deg inn i det som kan skje hvis vi ikke verner om den friheten vi har i dag». Alle historiene er fortalde frå eit barne- eller ungdomsperspektiv, noko som truleg vil kjennast ekstra sterkt for den unge lesaren. Språket er også enkelt, men klart, slik at boka ikkje støytar frå seg lesarar. Om noko likevel skulle opplevast som vanskeleg å forstå, har Bonde og Bergting inkludert ei ordliste bakerst i boka. Her finn også lesaren ei tidslinje som kan hjelpe på forståinga.

Dei fleste forteljarane i boka har, etter den andre verdskrigen og jødeutryddinga, vore opptekne av å formidle dei grusomme erfaringane til barn og unge i Sverige. Viktigheita av å møte dei som opplevde krigen har vore sentral for dei, og denne boka er ei naturleg vidareføring av desse møta: Når det snart ikkje lenger er mogeleg å snakke med overlevande, får historiene deira leve vidare mellom to permar i eit format som er lett tilgjengeleg og som ved å nytte teikneserieformatet tydeleg illustrerar krigens barbari.

Kvar forteljing har ein før-under-etter-struktur som forsterkar inntrykket av korleis jødane blei rykka ut av ein trygg barndom og kasta ut i eit inferno, før dei alle til slutt ender opp som flytkningar i Sverige (der denne teikneserien er laga). Boka er komponert slik at forteljingane og teikningane blir gradvis meir brutale. Det er ein fin måte å leie lesaren inn i den tunge materien på, for dette er dyster lesnad, tidvis ikkje til å bære. Opningsforteljinga om Tobias er til dømes meir antydande enn direkte: Tobias hamnar i leiren Ravensbrück, der det er plass til 30 000 menneske. Han får fangenummeret 79 295. «Jeg var ikke et menneske lenger. Jeg var et nummer», seier han. «Hvor var alle de andre, før meg?». Derfrå blir det verre. Bileta av dei skjelettaktige fangane i konsentrasjonsleirane, likhaugane, mishandlinga og drapa veks i intensitet, før dei mot slutten blir dempa att. På denne måten blir lesaren rysta, men ikkje vonlaus. Det kan vere vanskeleg å lese, særleg for ein elleveåring, men eg trur det er naudsynt.

I kunsten har framstillingar av menneskeleg liding tradisjonelt vore laga med tanke på ein oppdragande effekt på lesaren. Leonardo da Vinci hevda at kunstnaren hadde eit spesielt auge for detaljar og at hen difor var særleg eigna til å framstille krig og menneskeleg pine. I følgje Sontag skriv han at «… døde må dekkes helt eller delvis av støv … og blodet må synes på fargen som strømmer i en buktende elv fra liket og ned i støvet. Andre i dødskamp skjærer tenner, ruller med øynene med hendende knyttet mot kroppen og forvridde ben». Kunsten skal forferde, men også bidra til å forhindre framtidig liding. I så måte er Vi kommer snart hjem igjen særleg vellukka. Teikningane er vakre og grusomme på same tid. Her er nesten heile tida menneska i fokus, enkle og finskorne i ein typisk europeisk teikneseriestil, medan bakgrunnane, utbomba byar, gettoar, konsentrasjonsleirar og golde landskap er meir realistiske. Det framhevar den menneskelege lidinga. Fangane i konsentrasjonsleirane får stadig meir uthôla blikk, og nazistane blir gradvis meir demoniske. Fargebruken er også svært effektiv. Boka er gjennomgåande fargelagt i ulike sjatteringar av grått, som om oska frå forbrenningsomnane har blitt dryssa over sidene. Dette gjer også at blodet, når det kjem, nærmast hoppar ut frå papiret. Raudtonar er elles også viktige, som ein illustrasjon på eit Europa i flammar. Som ein kontrast er særleg avsluttingane på forteljingane fargelagt i klare og friske tonar. Effekten er enkel, men svært effektiv.

Vi kommer snart tilbake er eit hjarteskjerande, men viktig og naudsynt bidrag til forteljinga om den andre verdskrigen spesielt og om krig generelt. Medan eg las skildringar av korleis mødre og barn blei skilte frå fedrar og brør, såg eg bilete av det same frå krigen i Ukraina. Det er ei påminning om at me ikkje skal ta fridommen for gitt, og at me treng å sjå liding for å forstå liding. Eg voner foreldre og skulebibliotekarar ikkje vegrar seg for å presentere unge for denne boka, og at ho kan bidra til samtalar og refleksjon om krigens vondskap.


Vi kommer snart hjem igjen
Skrive av Jessica Bab Bonde, teikna av Peter Bergting
Forord av forfattaren
Omsett av Øyvind Lysebo Ekelund
100 sider
299 kr.
Spartacus Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.