Men ingen Hex Willer?

I vekas podkastsending ser Arild Wærness og Knut Robert Knutsen på crossover-samarbeidet mellom to teikneseriegigantar på kvar si side av atlanteren, DC og Bonelli.

Høyr sendinga her

Her er det snakk om ei merkverdig kombinasjon av velkjente amerikanske superheltar og italienske sjangerseriar frå Bonelli. Sistnemnte forlaget er i Norge suverent best kjent for Tex Willer, sjølv om dei har prøvd å lansere fleire andre seriar utan å lukkast i særleg grad. Som Dylan Dog, Zagor, Julia, Dhampyr og Dragonero.

Fotografi: Arild Wærness

Panelet vårt er samla for å sjå på ei handfull crossover-seriar, framfor alt møtet mellom Batman og Dylan Dog (sjå forsidebildet), dei to mest populære figurane i kvart sitt univers. Kombinasjonen av Batman og den okkulte deketiven Dylan kan verke som ein naturleg crossover-kombinasjon. Meir spesielt, meiner Knut, er kanskje crossoveren med The Flash og Bonellis Tarzan-inspirerte westernhelt Zagor. Og det hadde vel vore meir naturleg å kombinere Bonellis science fiction-helt Nathan Never med Legion of Superheroes. I staden fekk han Justice League.

Serien med crossovers var initiert av Jim Lee, som blei inspirert og knyta kontaktar medan han var på ferie i Italia.

Panelet vårt ser gjennom og drøfter desse publikasjonane. Dei kjem også inn på ein tilsvarande(?) Marvel-crossoverserie der Donald, Mikke osv. opptrer som superheltar (desse historiene har gått i norske Donald Pocket siste halvåret). Til slutt spør dei kvifor vi ikkje har fått kanskje det mest opplagte DC/Bonelli-crossoveret: Tex Willer møter Jonah Hex.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *