Julehefter 2025 – Amerikanske

TNT ville ha ein bit av denne julekaka. Dermed tvingar endringar seg fram også i den mest uforanderlege delen av julehefteutvalet.

Eg skal som Serienett-redaktør innrømme at i eit par år nå har eg ganske enkelt hoppa over kategoriane for amerikanske teikneseriar i julehefte. Dette fordi det blir mykje drøvtygging om ein skal beskrive desse år etter år. Stort sett er det snakk om dei same to tiåra med materiale av Knoll og Tott (1930-1950), Fiinbeck og Fia (1935-1955), Hårek (1973-1989) og Billy (1965-1985). Og viss ein bruker nyare materiale enn det, klagar kritikarane endå meir, også underteikna, det innrømmer eg.

Sett i forhold til dei norske julehefteseriane blir desse amerikanarane endå meir uinteressante, så i det heile tatt er det betre å la dei leike i fred.

Men i år, takka vere nokre store oppskakingar i forlagsbransjen, er det ikkje lenger mogeleg å ignorere dei heilt. Ryktet gjekk gjennom mykje av våren og sommaren, og til slutt blei det stadfesta at nystarta TNT ikkje ville nøye seg med fantasy i «graphic novels for kids». Dei ville – mellom anna – også inn i juleheftemarknaden.  Utvalet deira kunne verke som eit resultat av at Tonje Tornes og Tormod Løkling hadde spelt blindebukk-dart med tidlegare kollegaer i Egmont – Dei overtok Fiinbeck og Fia  Blondie og Hårek, og gjeninnførte Zits. Sjølv om det naturlegvis var nøye vurderingar og personlege preferansar som låg bak kvart val.

Egmonts har gjennomført ymse mottrekk for å møte konkurransen. Det mest spesielle er kanskje at dei når har overtatt rettane på begge versjonar av Knoll og Tott (grunnen til at det finst to versjonar og Knoll og Tott, kan du lese om fleire stader på Serienett, eller du kan høyre om det her). I tillegg har dei lagt ned Tommy & Tigern (eit julehefte som hadde utspelt si rolle for lenge sidan) , og gitt opp Pusur igjen, men har vald å behalde «Juleklassikere», endå dei mista heftets flaggskipserie, Hårek. Dei har også funne ein måte å gjere meir ut av Billy.

Anmeldarar:
KRK = Knut Robert Knutsen
TS = Trond Sätre

Her er årets amerikanske, i omtrent den rekkefølga som seriane først dukka opp:


Knoll og Tott – Julen 2025
Av Doc Winner
Forord av Kristian Hellesund
36 sider/95 kr./Egmont
KRK

Bak ei nyteikna forside av den Tyske Dirks-forskaren Tim Eckhorst har vi nokre lette og velteikna sider av Doc Winner. Klassisk Katzenjammer, men rimeleg bra oppdatert til 1950-talet med mykje gags rundt elektrisitet og fly og liknande.  Av dei to parallelle albuma så er dette det penaste, og ikkje fullt så skarpt og valdeleg i humoren. 

4

Kapteinen og Ungene
Av (John) Dirks
Forord av Kristian Hellesund
36 sider/95 kr./Egmont
KRK

Og derfor føretrekker eg denne. Årets «Kapteinen»-hefte, det første frå Egmont,  er i stilen til klassisk Rudolf Dirks, sjølv om det er frå John Dirks sin penn, frå seint 1940-tal  og enno ikkje prega av dei avsporingane og dei nye karakterane som for meg personleg har gjort «Kapteneins Jul» lite interessant dei siste åra. Serien er litt meir gamaldags, utan at det i seg sjølv er eit problem, råare og kvassare, og med ein meir rufsete strek (sjølv om det kan skuldast restaureringsmetoden) enn årets Knoll og Tott.

Årets utgåve med Kapteinen er for meg den beste på lenge.

5


Fiinbeck og Fia  
Av George McManus med Zeke Zekley
Forord av Tormod Løkling
44 sider/89 kr./TNT
KRK

Fiinbeck på nytt forlag, fleire sider, same gamle pris og for ein gongs skule så gir dei oss dagsstriper i staden for dei klassiske sundagssidene.

Teiknemessig så er det på same kvalitet, men der er fleire og kjappare gags. Dette er striper frå starten av USA si aktive involvering i andre verdskrigen, så her er der mykje patriotisme, mange uniformer og mykje moro med korleis heile familien vert dregne inn i krigstenesta på sitt vis.

Likevel så mistar ein ikkje av syne stripa si hovudgjerning – Å fleipe med kontrasten mellom Fia som den evige nyrike sosiale strebaren, kontra Fiinbeck sitt ønske om å halde fram med å leven som bygningsarbeidar og gå på sin lokale brune (irske) pub. Plus deira duglause overklasseborn, og problematiske slektningar som er livstidsmedlemmer av filleproletariatet.

Årets Fiinbeck og Fia er i så måte særleg interessant, då den gir eit mykje breiare bilete av sitt samfunn enn sundagssidene normalt gjer.

6


Blondie
Av Chic Young
Forord av Tonje Tornes
44 sider/89 kr./TNT
KRK

Blondie er på nytt forlag, og passe sprudlande i år, med 1950-tals striper, og pluss for at ein har gått opp frå 32 til 44 sider samstundes som desse er dei billegaste julehefta i handelen.

Same forstads-ablegøyene som vanleg, og eit variert utval av gags så her er det ikkje anna å seie enn at det er himla godt, det er tradisjonelt og det er meir for penga enn tidlegare.

6


Juleklassikere – Julen 2025
Av Browne/Walker, John Rose og Hy Eisman
52 sider/99 kr./Egmont
TS


Eg har vore inne på det før, og nå spør eg rett ut: Treng me dette? Utan Hårek? Som erstatning har Egmont trekt inn Trixie (også kjent som Tønnes og Stine), ein annan ganske kjent serie som lenge var signert Dik Browne, den også. Sidene er frå tidleg 80-talet, og rimeleg kompetente, så dei dreg i alle fall ikkje ned snittet. Men med «halvnye» Snøfte Smith-sider av John Rose, og endå meir av Hy Eismans Skipper’n blir det ganske keisamt samanlagt.

3


Billy – Julen 2025
Av Sam Klein og Mort Walker
36 sider/95 kr./Egmont
TS


Dagens Billy, Trixie og Hårek er styrt av Mort Walkers og Dik Brownes soner, og under dei står assistentar som veit at dei ikkje treng å prøve ein gong for å behalde jobben. Ikkje ei god kjelde til nytt materiale. Men å bruke sider og striper frå Mort Walkers glansdagar blir litt repeterande, Så i tillegg til det supplerer Billy julehefte  med ei ny historie av Sam Klein. Litt vel rølpete sjølv etter den seriens standard, men denne kompakte farsen om A-kompaniet på julebord i Pentagon er ein av hans betre. Du kan kome eit godt stykke med berre å prøve

4-


Jul med Billy og vennene 2025
Av Mort Walkers studio og Gordon Bess
Forord av redaksjonen
68 sider/129 kr./Egmont
TS


I forordet seier redaktøren rett ut av nostalgien er poenget med dette Billy-avleggarheftet. Ein ærleg sak. Og eit hefte med Billy og velkjente biseriar frå bladet hans, som Arken. Sam & Silo og Rødøye, burde såleis spele på dei nostalgiske hjarterøtene mine, for eg vaks opp med Billy-bladet og alle desse seriane. Men ikkje all nostalgi forblir magisk. I ettertid ser eg at dette er slappe saker, sjølv om ikkje kvar einaste side er ein bomtur.  Rødøye og Arken hadde rett nok sine eigne julehefte i nokre år for lenge sida, men kor desperat må du vere for å hente tilbake Sam & Silo?

3


Hårek
Av Dik Browne
Forord av Rune Larsen
44 sider/89 kr./TNT
TS



Hårek er attende i eige julehefte! Og det har han fortent…I prinsippet. I realiteten har serien noko av det same problemet som Tommy & Tigern, at det er snakk om rundt ti år med brukbart materiale som må resirkulerast om og om igjen. Og årets utval (som stammar frå 1979) har ganske manga gags som er meir kuriøse enn særleg morosame. Som når Satan-Hårek gir opp Norge, Håreks torskemareritt, eller når Hårek møter Nostradamus (jau, det er eigentleg minst 500 år mellom dei, men det er nesten like mykje mellom Hårek og Attila, og hunarkongen er tydelegvis ei del av Håreks samtid).

Dessutan er desse sidene veldig raskt utlese. Kanskje TNT skulle følgje sitt eige eksempel frå Fiinbeck og trykke nokre klassiske Hårek-dagsstriper neste år? Det trur eg ikkje er prøvd i julehefta før.  

4


Zits
Skrive av Jerry Scott, teikna av Jim Borgman
44 sider/89 kr./TNT
TS


Zits er utvilsamt ein veldig godt teikna serie, og etter dagens rett nok magre amerikanske standard er den faktisk ganske morosam. Så ikkje eit dårleg val viss ein først skulle gå tilbake i juleheftearkivet og sjå på kva som fortener ein ny sjanse sjølv om det ikkje selde godt nok første gongen. Eit mogeleg problem er at serien har så mange plasskrevjande visuelle poeng at det blir lite å lese på i eit julehefte. TNT si løysing at dei simpelt hen gir oss fleire sider, akkurat som med dei andre hefta sine.  Nokre plassar er det det også sett inn to på ei side. Så då duger det, alt i alt.

5-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *