OCX-vorspiel

I samband med OCX samla Serienett eit heilt nytt panel for å diskutere OCX, manga (nordisk og ekte) og meir!

Panelet bestod beståande av Trond Sätre (redaktør for Serienett). Eden B. Melles (teiknar og anmeldar for Serienett), Anne Elisabeth Kaldhol (anmeldar og reporter for Serienett) og Michelle Hvidsten (teiknar for Serienett).

Sjå forsidebilde (med klokka frå venstre) Eden, Trond, Anne Elisabeth og Michelle i studio. Fotografi av Eden.

Høyr sendinga her

Samtalen blei gjennomført kort tid før den offisielle opninga av OCX fredag 19. september, fordi det tidspunktet passa best for alle involverte.

Vi begynner med å diskutere OCX generelt og spesielt i år, og det viser seg at særleg mykje spenning var knyta til stand/marknadsplassen. Vi deler også minner frå tidlegare festivalar.

Etterpå kjem panelet inn på debatten om kritikk og «nordisk manga» igjen, og spør om det er på tide å pensjonere omgrepet «nordisk manga». Derifrå tek samtalen ein naturleg overgang til ein debatt om bransjen generelt og Anne Elisabeth, som er bibliotekar, kan stadfeste at teikneseriar framleis er populært, og at biblioteka har lange ventelister.

Anne Elisabeth med den franske utgåva av «Dragens Øye» (foto: Trond Sätre)

Vi snakkar vidare om personlege anbefalingar og seriar vi er spente på. Eden og Michelle trekker fram mangatitlar som  «Kagurabachi» av Takeru Hokazono og «Kamudo» av Akira Himekawa. Anne Elisabeth framhevar «Oeil de dragon» (Albin Michel forlag), den franske utgåva av «Dragens Øye», for den flotte bokdesignet.  Cha Sandmæl har truleg dei kulaste drakane, men Albin Michel har dei kulaste “Dragens Øye”-bøkene.  

Panelet avsluttar med ein liten diskusjon i høve at anime-filmen «Demon Slayer: Kimetsu no Yaiba – The Movie: Infinity Castle» (eller berre Demon Slayer: Infinity Castle) på sensasjonelt vis gjekk til topps på dei amerikanske kinolistene. Er dette anime/manga sin avgjerande siger over vestleg populærkultur? Som ein bonus gir Michelle, som allereie hadde sett «Infinity Castle», si vurdering av filmen.

(Redaktøren ber om orsaking for at han forsnakka seg og kalla filmen for Dragon Slayer…)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *