Mot større breidde

Etter eit års pause er Überpress tilbake med ei ny 24t-bok for Bergen. Den stadfester heldigvis at det kjem stadig nye talent til i vest.

Eg kommenterte om den førre boka, Bergen 24t 2019, at bidraga den gongen var estetisk behagelege, men lite eksperimentelle. Med tanke på suksessen til Egmonts Nordic Manga-linje og vellukka forsøk på sjangerteikneseriar også frå andre forlag (inkludert Überpress) synest eit vedvarande fokus på slike 24t-prosjekt å vere uunngåeleg.

Noko meir variasjon er der likavel å spore i den nyaste Bergensutgåva av det internasjonale «24H Challenge»-fenomenet. Nokre av dei dyktigaste og tilnærma etablerte illustratørane har falt i frå av ulike grunnar, og gitt plass til nye talent. Av tretten bidrag er det berre fire som har vore med tidlegare – Ask Kvamme (har skifta namn frå Sissel sidan sist), Hanne Hauge, Synnøve Garman og Vilde Takla. Og alle desse var debutantar i førre boka.

Nokre av dei nye talenta går i opptrakka spor, andre har eit genuint ønske om å formidle originalitet. Alle har sine eigen idear til grafiske løysingar som kan hjelpe dei å komme i mål med ei slik tidsfrist, sjølv om dei fleste er merka av tidsnaud. Nokon langt meir enn andre.    

Ask Kvamme opnar samlinga på ein svært overtydande måte, med ein substansiell og litt tvitydig spøkelseshistorie om einsemd og søken etter aksept.  Hen har også tatt seg bryet med å bruke skuggar og nyanser av lys og mørke til å fortelje mest mogeleg. Det er verkemiddel som klokka sikkert hindra mange andre i å gjere

Emilia Hanseths skogsfabel bruker store bilder for å fylle sidene, men det er på sin plass, ettersom sjølve perspektivet er det viktigaste med historia, og nødvendig for å komplettere den vesle vrien på slutten  

Ena Johanna Rathgebs «Eldorado» er første bidraget som faktisk har ein tittel (det har visst ikkje vore ein forventning om seriane skal ha titlar denne gongen). Med litt lyrisk hjelp av Edgar Allan Poe skapar ho eit tiltalande uttrykk med mykje kunstarisk sensibilitet. Skjønt det er lett å sjå kor at teiknaren har tatt (av tidsnaud?) mange snarvegar. Ei side er til og med blank, bortsett frå eit sitat.

Georgina Terragnis krim er eit av dei meir original bidraga, i alle fall i illustrasjon, men også delvis i historie. Forteljinga er bore fram av hennar talent for å lage ein profesjonelt utsjåande teikneserie med grove, breie strekar for det meste tjukke, sjablongaktige digitale penslar.

Hanne Hauges «Månemøllen» (også denne har faktisk ein tittel) står seg godt i samanlikning med det førre bidraget hennar. Siste gongen kommenterte underteikna at ho tyr for lett og for mykje til økologisk preike i bidraget sitt, «Skogen». Også «Månemøllen» har hint av ein økologisk fabel i seg, men er mykje meir personleg og nær, noko som fungerer betre.

Også Lukas Klemsdals serie om piratar som finn «den sanne skatten» er ein slags økologisk fabel, om enn av eit litt anna slag. Her er fargane det viktigaste elementet, i ei elles heilt føreseieleg og barnevennleg forteljing med ein sunn moral, og akkurat som Georgina Terragni bruker han bokstavleg tala breie fargepenslar for å fylle sidene og skap. Men i hans tilfelle er meininga å formidle optimisme.  

«Plass til to» av Marie Haugen handlar om cowboyvampyrar, og dessverre er det lite anna ved serien enn det stikkordet. Bortsett frå at dei reine, rette og mest mogelege todimensjonale svart-kvite illustrasjonane nok gjorde det greiare for henne å fullføre serien med ein gjennomgåande jamn strek.

Heilt ukomplisert er også Mia Ewings teikneserie om lesbisk heks som er forelska i ein barista. Ryddig komponert både i tekst og teikning, men kvifor er ho ei heks? Berre for å forklare kvifor ho snakkar med katten sin? Eller er det ein indirekte LHBT-symbolikk her?

Pichu Tran har laga ein tvers gjennom sentimental manga, utan vri, om ein gut og kosedyret hans. Men strek og stil er veldig stabil. Og veldig manga; ikkje overraskande har hen allereie vore på trykk i Rakkan, under aliaset Tenpi.

Rodrigo Cortez’ bidrag er utvilsamt det som er vanskelegast å forklare; eg hadde til og med problem med å finne stikkord når eg tok notat. Så mykje kan eg seie, som at det er ei ordlaus og noko surrealistisk forteljing, med bokas mest stilsikre og klassisk orienterte strek, sjølv om det er veldig lett å sjå når teiknaren begynte å få det travelt med å fullføre arbeidet. Definitivt eit av dei mest originale bidraga.

At Silje Khuanroode også hadde problem med å fullføre (eller i alle fall å fylle sidene) er lett å sjå. Ho verkar dessutan å ha hatt det mest improviserte manuset/ideen (om å lage blåbærostekake). Ho har talent og sensibilitet for serieteikning, men verkar ikkje å ha disiplin til å overtyde i 24H-samanheng.

Synnøve Garman har derimot allereie bevist at ho besitter både talent, sensibilitet, originalitet og sansen for visuell spenst og drama – Alle eigenskapar som passar ein teikneserieforteljar. Ho demonstrerte desse eigenskapane i 24t 2019, og igjen her. Snart burde det vel vere mogeleg for henne å produsere ei novelle i ein annan type Über-samling?

Ein annan teiknar som imponerte i 24 t 2019, Vilde Takla, er også tilbake, og igjen avsluttar ho samlinga. Årets serie har ikkje berre ein tittel, men ein som er så lang at den seier det meste om handlinga: «Trollkvinnen som fikk husrom – Sagnet om hvorfor ormen ikke fins i Sørfjorden» Veldig enkel historie, rik på praktmotiver frå den ville, nasjonalromantiske skjønnheita til ein hard, norsk mellomaldervinter. Eg ser for meg at framtida til Takla like godt kan ligge i illustrasjon som i teikneseriar, særleg innan Theodor Kittelsen-tradisjonen som ho så tydeleg følger (førebels er ho visst designer). Men enn så lenge er eg glad ho prøver seg på «vårt» medium.


Bergen 24t 2021
Av diverse. Redaktør og forord: Are Edvardsen
Tekst på nynorsk, bokmål, dansk og engelsk
350 sider
349 kr.
Überpress


Les andre saker om 24H her:
Rapport frå Bergen 24t i 2017
Anmelding av Bergen 24t 2017
Anmelding av hefta frå Oslo 24H 2019
Anmelding av Bergen 24t 2019
Sak om Oslo 24H 2021

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *