Anarkistisk alternativ

Idear og subplott kjem og går, men det er vanskeleg å ikkje la seg fascinere av ein teikneserie som vil så mykje som Chanta.

Floraen av nettseriar er uoversiktleg stor, og på ein global (dvs. stort sett engelskspråkleg) plattform kan det vere vanskeleg å identifisere dei spreidde norske bidraga. Når det gjeld norske nettseriar som blir samla i trykt utgåve, pleier eg likevel å ha oversikten. Ikkje denne gongen. Chanta? Kor fant Überpress (for dei er utgjevaren) denne? K.L. Kølleskov? Kven er det, har noko høyrt om hen?

Eit raskt søk fortel meg at serien har halde på i sin nåverande form sidan april 2020 (i bokas etterord stadfestar serieskaparen at pandemien var ei foranledning) og at skaparen K.L. Kølleskov bruker kunstnarnamnet Loulose på nettet. Vidare informasjon denne personen må du grave litt etter på nettet, men i boka finner vi ut at ho er ei kvinne fødd i 1993, og at ho til dagleg jobbar som systemutviklar.

«Chanta Bok 1» samlar dei første seks kapitla, og som ein skjøner av den innleiande konteksten hadde denne anmeldaren aldri lest serien før eg fekk boka i hende.

Chanta er ikkje umedelbart like lett å gripe som dei fleste norske sjangerteikneseriar, men vi befinner oss i eit post-apokalyptisk landskap. Dette blir stadfesta når karakterane begynner å snakke om «kollapsen» 150 år tidlegare. Sentralt i handlinga står ein krig, rett nok med ein langvarig våpenkvile, mellom landa Moravia og Tartaria. Hovudpersonen Geraldine frå øyene utanfor det betente kontinentet reiser til Moravia for å…vel, det er ikkje heilt klårt. Enten for å finne ut om røtene sine, for pengar, eller for spenning og eventyr. I løpet av boka landar ho på at det mest er det siste. Uansett blir ho involvert i eit politisk spel samen med mellom anna den androgyne ungguten Elijah og den mystiske og valdelege Chani.

Serieskaparen fortel, igjen i etterordet, at serien til å begynne med hadde mykje «lore dump» som ho seinare har valt vekk. Tett eksposisjon pregar framleis delar av handlinga, men på godt og vondt er det mykje lesaren må pusle sama sjølv. I løpet av bokas 150+ sider esar plottet ut i stor fart.  Idear og subplott kjem og går, sjølv om ein sit igjen med ei oppfatning om kva som er historia i grove trekk.

Moravia og Tartaria er historiske namn, og serien hintar fleire stader om at dette føregår i vår verd, men hinta dei kastar ut verkar tilfeldige. Geraldine kan visst fransk, spansk og polsk, ho kan danse Bart Simpson og Running Man, og ein pikant scene utspelar seg på ein stad som heiter Bastøy. Førebels gir ikkje noko av dette særleg meining i seriens univers, ennå. Kanskje det blir klårare seinare i serien.

Sjølv om Überpress ikkje akkurat har noko hus-stil, minnar Chanta om mykje av det vi har sett i Über-antologiane. Semi-realisme med mest vestleg, men også litt manga, inspirasjon, akkurat karikert nok til at humoren kler historia. På typisk post-apokalyptisk vis er bakgrunnen mest ørken eller halvørken, og Kølleskov innrømmer ho ville ha eit påskot for å teikne obskure landskap. Fargesamansetninga er tilsvarande gold, skitten og monoton, sjølv om premissen også opnar for meir fantasifulle og varierte innslag, mest i sjette kapitelet.

Skildringar av vald og sex er eksplisitte, men forsiktig porsjonert ut, og fortonar seg ikkje som spekulative. Karakterane er uttrykksfulle, ofte på grensa til det komisk melodramatiske, særleg Geraldine. Som hovudperson er ho vanskeleg å gripe, manisk i eitt augneblink, den einaste vettuge i det neste, og forvirringa blir ikkje mindre av at ho ser ut som Jokeren på forsida. Fordelen er at den famlande veremåten og den til dels konfliktfylte personlegdomen hennar gir moglegheiter for meir identifikasjon hos lesaren.

I bokform er Chanta framleis i veldig stor grad ein nettserie, ein innfløkt og ufokusert science fiction-forteljing i fri dressur, meint for folk som er med på sjangerkonvensjonar og er villige til å lese seg opp på materialet. Men dersom du er lei av dei ganske enkle plotta og den familievennlege tonen i nordisk manga-tiltar, er Chanti eit annleis, nærmast anarkistisk alternativ.  Det er vanskeleg å ikkje la seg fascinere i alle fall litt av ein serie som vil så mykje, og som har tilgang på så mange verkemiddel. 

Chanta – Bok 1
Av K.L. Kølleskov
Etterord av forfattaren
170 sider
349 kr.
Überpress

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *