Ved vegkrysset

Forholdet mellom Nick og Charlie veks seg sterkare, men studietida ventar i det fjerne i Hjertestopper 5.

Bind 5 i Hjertestopper-serien av Alice Oseman handlar om Nick som skal starte på universitetet til hausten. Han er usikker på kva og kor han skal studere og på rundturen han og vener skal på. Charlie er meir sikker på seg sjølv og vil prøve å spele i band. Forholdet mellom Nick og Charlie veks, dei er to forelska tenåringar som er trygge i forholdet sitt, og lurer på dei er klare for eit seksuelt forhold.

Frå starten med publisering på internett, via sjølvpublisering til no storseljar, har serien vokst både i popularitet. Bind 5 skulle eigentleg vere siste bok i serien, men Alice Oseman annonserte i april 2023 at det ville kome eit bind 6, som blir siste boka.

Suksessen til teikneserien fekk nok eit løft grunna serien på Netflix, og Oseman har vore sterkt involvert i utviklinga av tv-serien både som manusforfattar og produsent. Sesong 3 skal kome på Netflix seinare i år.

Blyantstrekane til Alice Oseman er litt vare og skjøre og passar historia dei fortel, syns eg, slik dei har gjort gjennom heile serien. I dagens samfunn er det aller meste media og bilete vi konsumerer i fargar, og det gjeld også i teikneserieverda.

Dei få som brukar ein klassisk palett med svart, grå og kvit blir då meir synlege. Oseman brukar nyansar av grå for å skape variasjonar og å vise ein moderne og gjenkjennbar kvardag.

Det er heilt naturleg å tru at historia om Nick og Charlie kunne vere ei sann historie om eit kjærastpar ein stad i Storbritannia. Eit kjærleiksforhold mellom to gutar som går på vidaregåande skule. Naturlegvis har det kome forteljingar tidlegare om homofile forhold, til dømes teikneserien «Blå er den varmeste fargen» av Julie Maroh, eller «Nærmere kommer vi ikke» av Anneli Furmark. Men Hjertestopper satte ein ny standard og gjorde sjangeren tilgjengeleg for ein ny generasjon lesarar.

Det er ein sterk og tydeleg bodskap ho illustrerer, fortalt med ekte varme. Eg kjem fort veldig nær karakterane og blir knytt til dei. Eit viktig tema i Hjertestopper 5 er sex og kropp. Nick og Charlie er siste par i vennegjengen som har sagt at dei elskar kvarandre, og no vil dei overnatte hos kvarandre og ha sex. Dei ytrar dette til vener kvar for seg, men tør ikkje heilt å ta opp temaet med den andre. For Charlie er dette spesielt utfordrande, med ei eteforstyrring og angst, som har gitt han eit komplekst forhold til kroppen sin.

Mor til Nick er støttande og spør om ho skal kjøpe kondom, medan mor til Charlie ikkje vil la han overnatte vekke og er overbeskyttande. Denne dragninga mellom ungdom og ung vaksen, å vere ung og ha lyst på sex med ein partner, er noko dei aller fleste lesarar kan kjenne seg igjen i. Tori, som er syster til Charlie, står fram som aseksuell og disktuerer med Charlie om ho skal bli kjærast med Michael.

Dialogen er tidvis prega av eit ønskje frå Oseman om å vise lesarane at det fins mange kjønnsidentitetar og at ho vil gi informasjon til lesaren om ulike ting. Det blir nesten litt «preachy» til tider. Samtidig så er det ikkje ein så stor distraksjon at det tek mykje merksemd vekk frå lesaropplevinga. For nokre blir dette viktig informasjon, medan det for andre blir ein del av historia.

Samtidig som det er tydelege LHBTQ+-tematikk i boka, så er ikkje det hovudfokuset. Djupast sett handlar denne serien om to gutar som går på vidaregåande og blir forelska i kvarandre og om liva deira som tenåringar. Om alle dei store kjenslene, uvissheita om framtida og spørsmåla om kven er ein er som person og kva ein skal bli.

Hjertestopper 5
Av Alice Oseman
Oversatt av Gunhild Magnussen
336 sider
299 kr.
Gyldendal

Les også:
Rugby og romantikk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *